Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten oppdrett

Bærekraft i oppdrettsnæringen

Har idag svart på spørsmål om oppdrett og bærekraft fra SVs Ola Huke i Fylkestinget. Spørsmål og svar finner du under. Spørsmål Den siste tida har det vore sterk fokus på lakselus i oppdrettsnæringa. Noko nytt problem er det ikkje, men det har no fått ein dimensjon, der det er spørsmål om framtida for denne næringa. Det er velkjent kva betydning denne næringa har for ein del kystkommunar, og den eksportverdien som denne står for. Oppdrett av laks i våre kystområde er ei ung næring. Den har i periodar gitt god avkastning for investert kapital. Frå pionertida fram til i dag, har det vore følgd opp med omfattande utvikling av utstyr og drift, ved sida av biologisk forsking for å løysa spørsmål om laksens evne til å produsera i innestengde mærer. Trass i dette er næringa kritisert for å akta for lite på dei økologiske sidene ved næringa. Særleg har kritikken frå villaksinteressene vore klar. Det gjeld rømming og genforureining, og at laksemærene er utklekningsområde for sjukdommar, og