Det er ferietid ennå, Gubben er bare ferdig med 1.ferieveka si. Ennå god tid. Men i år er det dårlig med det varme, gode sommarveret som me likar så godt. I år regnar det, bles, det er kaldt og bare 12 -13 grader ute. Det er til og med for kaldt til å sitte ute og kose seg med eit strikketøy. Då er det flaks at me likar og gå på tur, og har sett oss eit turmål om mange turar dette året. Det er bedre å vere i aktivitet når veret er slik! Og veret passar godt som turver! Nøye studering av Yr sin vervarslingar (som ikkje alltid er til å stole på!) - og så gjeld det å finna dei tidene på dagen det ikkje bøttar ned med regn. Nye fjellsko er innkjøpt - kvar vår tursekk, lett regntøy til å ha i sekken - me er klar for nye høydar og eventyr.
Denne 1.ferieveka har me vore ganske aktive. Av og til trur eg me er litt rastlause, me likar at noko skjer, og helst med ein gong. Så i løpet av 9 dagar har me vore på 6 turar, og gått 60,5 km. Ikkje løye eg er litt sleten i føtene i kveld. Me har i tillegg traska opp ganske mange høgdemeter, me har ikkje telt alle, men på dei to lengste turarne tilbakela me 700 + 750 høge meter! Då er det godt å ha eit par stavar til nerturen - dei gjer god avlastning for ryggen og knea. Me er ganske krye - me er jo øyeblikk besteforeldre! Dessutan har me fleire feriedagar igjen - me skal ikkje sjå vekk i frå at me tar fleire turar. Me har fleire turmål på lista vår. Me nærmar oss 40 turar! Er godt fornøgd med det etter at bare halve året er oppbrukt.
|
Litt ballett-trinn på nye fjellsko! Knallgode sko. Her på Stølen i Hardanger kor me budde i 2 døgn. |
|
Tur nr. 34
Tur frå Stølen, til Lysestøle, Tveitastølen og Fagerfoss.
|
Flotte gamle sel (stølshus) Eg var her som barn. |
|
Me fann ein fager foss, Fagerfoss - langt inne i skogen. |
Tur nr. 35
Til Tørvikanuten - 1028 m.o.h
12 km lang og ca 700 høgdemeter
|
Me fann ein kvilebenk i dei bratte bakkane. |
|
På toppen av Nuten - her har me vore før. Nå var varden stor og fin og ferdig. Mektig utsikt over fjord og fjell. |
Tur nr. 36
Frå Bjødnabu til Pundsnes. 9 km lang!
|
Så har me komt til hytta. Me lokka med oss hyttenabo Geir på tur. Gjekk ein gammal drifteveg for sauer Flott tur - denne skal me ta fleire gonger |
|
Ålreite dyr! |
Tur nr. 37
Rusletur i pøsregn med familiebesøk - ca 3,5 km.
Bilde kjem snart. Eit litt dårleg eit.......
Tur nr 38
Eikefjellet på Halsnøy. 6 km
|
På toppen - med litt blank sol. |
Tur nr. 39.
Gunlanuten på Jøsneset - 829 m.o.h - 15 km lang
og 750 høgdemeter.
|
Ei ørn hadde oppvisning for oss i dag. Fantastisk å sjå - ho glei over hovudet vårt fleire gonger. Lurte ho på middagsmat, tru? |
|
|
Ein fin gammal demning. |
|
Ei lita snøfonn og litt ablegøyer. |
|
På toppen av Gunlanuten! Dette likar me godt! |
|
Strikkepause og middag på toppen (real turmat) |
|
Gubben hadde fiskestang med. Då fekk strikketøyet og plass. |