14.oktober er det vottedagen,
i følge gamle primstavar.
Då er det på tide å ta fram vottane og ta dei i bruk.
Dette har dei "feira" på Instagram.
I år vart det mange flotte bilder av fantastiske vottar.
Veldig kjekt å sjå.
Pinneguri som sette i gang dette på Insta oppfordra alle til å strikke vottar ute i det offentlige rom.
Denne utfordringen måtte prøvast.
Sidan eg er på hytta, tok eg med meg Gubben og to strikketøy
og drog inn til Hjelmelands ferjekai.
Der står det nemleg ein kjempestor Jærstol,
dei lagar nemleg mange slike stolar -i normal størrelse- her i bygda.
Den store stolen passa godt til å sitte å strikke på, tenkte eg.
Litt strevsomt å komme seg oppå, men det gjekk.
Litt lite grasiøst, men det gjer ingenting.
Opp kom eg, og strikka fekk eg.
Ikkje lett å sjå kva vottar eg strikkar, men det er Snøhvit frå Eventyrvottar. |
I tilleg fann eg fram alle strikkevottane me hadde på hytta og hengte dei ut til lufting. Artig det og!
Eg har ikkje strikka alle sjølv, men desseer ofta i bruk på hytta. |