Eg er ferdig med Blåveispiken. Det har tatt si tid, men slik er det visst her i huset når mange prosjekt er på pinnane på ein gong. Men eg blir jo alltid ferdig ein gong:-) Denne gong var det garnet som vart innkjøpt på Hillesvåg ullvarefabrikk ein gong i juni - då me henta flyttelasset til Veslejenta. I dag fekk kofta vere med på tur - og så fann me ein passe slitt naustvegg som passa utmerka som bakgrunn. Gubben var flink stylist, han gjekk like godt inn i det holete naustet og fann fine rekvisiter. Det er kjekt å gjere ferdig eit prosjekt, og det er kjekt å ta det i bruk. Så nå kan dagane vere kalde - eg er klar med ny kofte!
Fargane passte fint inn her langs havet i dag.
Flott med ein gammal naustvegg og ein taukveil.
Flink og frimodig stylist.
Gubben fann ei gammal åre og! Det passte jo midt i blinken. Han er flink å rydde alt på plass og!
Pengeplassering: Knappane på Blåveispiken er gamle ti-øringar. Eg har sans for desse gamle pengemyntane frå Fat og Fe. Mange gode barndomsminner med dei.
Til dei oppklippte kanta fann eg eit fint bånd. Litt ekstra pynt inni kofta.