Lørdag 15.okt var det den store kofte-lufte-dagen på Facebook.
Litt artig å slenge seg på slike utfordringar.
Litt artig å slenge seg på slike utfordringar.
Sidan me hadde haustferietid på hytta,
vart det hyttekoftene som fekk lufte seg ute i det fri.
Eg har samla ein del kofter og gensere her inne.
Det er godt å ha ei ekstra til både gjester eller til oss sjølv,
både på kalde dagar eller når me sitt rundt grua ein sommerkveld.
Nokre av koftene/gensrane er ganske gamle,
den første kofta strikka eg som 17-åring,
og hadde strikketøyet med på kanotur i Telemark med speidarane.
Den Setesdalskofta passar endå, sjølv om den er litt kompakt i strikket.
Ikkje så ofte i bruk, altså.
Ikkje så ofte i bruk, altså.
To av koftene fann eg på rommet til Reisejenta.
Dei har ho strikka til seg og forloveden. Det var Marius og Nancy.
Ein annan gammal genser tilhøyrer Gubben.
Den har hønsestrikk som skulle passa til sjølivet.
Blei ganske mykje brukt då den var ny.
Den har hønsestrikk som skulle passa til sjølivet.
Blei ganske mykje brukt då den var ny.
Setesdalskofta frå 1982 |
Gjekk på endå. |
Mykje rart me kan finna i sjøen: både havfruer, fiskar, delfinar og krabbar. I allefall fiskar og krabbar. |
Hytteveggen med dei gamle skia til svigermor. |
Denne låg og i stabelen. Skikkelig resteprosjekt. Eldstejenta som bestemte bordene og fargane. |