Nå er me heime igjen - etter ein fantastisk sykkeltur i Danmark. Turleiar Tormod hadde jammen lagt inn ein flott bestilling, til og med veret var av aller beste sort - det var nesten for varmt. Det var deilig å komma seg på sykkelen igjen etter pausane, for å få litt vind på oss. Tilsaman sykla me 17,5 mil, litt lenger enn det me trudde på forhånd. Så dagsetappane vart på 6 -7 mil. Eg er ganske stolt over at eg greidde det fint. Eg har jo ein rygg som innimellom trøbblar litt! Siste dagen hadde me ganske mykje motvind, men me kom oss tilbake til Hirtshals og ferja heim igjen likevel. Litt vondt bak og i knærne, men sånn går fort over. Skagen var fantastisk, og turen utover Grenen var ein opplevelse. Å vassa i vannkanten - og å stå med ein fot uti kvart hav der bølgjene braut frå kvar si side, var flott. Sidan det var pinse, var det mykje stengte butikkar. Det vart dermed lite handling av garn. Eg som hadde passa på å ha plass i sykkelveska. Men gode måltid, minigolf, mini-badeland med rutsjebane, morgonstrikk i solveggen, alle typar sykkelvegar, masse strandnellikkar, friluftsgudsteneste med kjerkekaffi og salg av kjerke-øl og kjekt lag med sykkelvennene frå Ålgård. Nå gler me oss bare til neste tur. Lurer på kor det blir henn?
|
Klare for tur - tidlig ein lørdags-morgon! |
|
Strikketøyet er alltid med - denne gong var det oppvaskfiller på begge to. |
|
Me står klar - mellom trailarane på ferja. |
|
Fine sykkelvegar - og med reklame-kler. |
|
Flott gjeng! |
|
Desse fant me mange av. |
|
Morgon-strikke-og sole-stund |
|
I Gamle Skagen |
|
Toppen av Danmark |
|
Den nersannede kirke. Bare tårnet stod igjen! |
|
Sykkeldamer på shoping. |
|
På gudsteneste. Ein flott opplevelse! |
|
Mange kjekke plassar i Danmark.
Best å halde over dei bokstavane som er for mykje! |
|
Me kom over nokre skogholt med liljekonvallar, Dei fekk bli med vidare! |
|
I ferjekø! Me nærmar oss slutten av turen! |
|
Takk for denne gong - me gler oss allerede til neste tur! |