Ei lita oppdatering, kanskje? Det har gått i eitt dei siste dagane, med ganske mange aktivitetar på heimefronten. Fotballturnering laurdag, søndag var det varetelling (dugnad) og så store mengder kantarell igjen om kvelden. Både laurdag og søndag var eg litt ute av fasong, for å seie det slik, men det var berre snørr og vond hals. Heilt greitt, eigentleg.... Men natt til mandag vart det brått endring, gitt! Kvalm, dårleg i magen, feber, rett og slett elendig!
Eg fekk levert minstemor i barnehagen og sendt Prinsessa på skulen. Og så tilbrakte eg resten av dagen på sofaen. Gubban, så mykje elendig som går på tv på dagtid! Eg var så dårleg at det var uaktuelt å strikke, og då er eg skikkeleg dårleg altså;)
Heldigvis kom eg på at eg hadde eit opptak av filmen PS: I love you. Slike tv-bokser kan gjere litt nytte for seg av og til. Nydeleg film, eg måtte grine fleire gongar...
Då husbonden kom heim halv fem og tok over ansvaret, sovna eg visst. Og så sov eg frå klokka fem til nærare halv elleve. Då var eg svært mykje betre. Men etter at eg sov vidare i senga resten av natta, var eg så godt som heilt frisk. Herlig!
Strikking vart det lite av i går. Men eg festa trådane på leggvarmarane til minstemor;)

Håper ho har lyst til å bruke slike, da!
