søndag 29. juli 2012
Gåve frå ein litt hemmeleg sommarvenn!
onsdag 28. desember 2011
Kanskje den mest spennande julegåva i år
Hobbyboden kan friste med så mangt. Eg vart med på hemmelig venn i julerunda, og då fekk eg tildelt ei hobbydame i Oslo som eg skulle sende pakke til. Sjølv fekk eg ein pakke frå ein eller annan som eg ikkje kjende identiteten til. Men det var ikkje umogleg å gjette at det var Tove som stod bak denne pakken. Ho budde her i mange år, før ho flytta lenger sørover langs kysten saman med prestemannen sin;) Tusen, tusen takk, Tove!!
Her var det sjokolade, te og serviettar. Og så masse deilig rosa garn, som jentene mine kjem til å nyte:) New Zealand lammeull, alpakka og deilig melert pusegarn!
tirsdag 13. september 2011
Det er ikkje alle gåver ein skal takke for...
Konseptet er heilt suverent. Vi får tildelt ein uvenn som vi får sende det verste garnet vårt til, i så store mengder som vi vil. Og så får vi tilbake ein pakke med det verste nokon annan har. Flotte greier, ikkje sant? Sist hadde eg eigentleg flaks, og fekk garn eg likte! No var det verre.
Eg var veldig fornøgd over å ha rydda i skuffene og kassene mine, og sendt frå meg ein heil haug med garn som eg ikkje kom på noko bruksområde til. Men det eg fekk tilbake var hakket verre! Min hemmelige uvenn syns ho kanskje burde ha dårleg samvittigheit, og ja, det kan du godt! Fysj, så mykje fælt samla i ein Norgespakke!
Store mengder akryl, og så mange raggsokknøste av typen stikkete ekte raggsokkgarn! Og det mest fantastiske er at jentene mine står i kø og vil ha av garnet;)
Legg merke til den lys lilla greia midt i biletet over. Det er noko som har sjølvdauda, det er eg sikker på. La ikkje fargen lure deg. Dette er ondskap satt i system!
Eg er ikkje sikker på om det blir strikka så mykje av det... Jaja, kanskje når eg får tenke litt på det!
Her ser du alt det "herlige" garnet på ein plass. Eg har ikkje sjekka kor mykje det er, det orkar eg ikkje...
Eg har strikka litt dei siste dagane, og mellom anna har eg gjort kål på restane etter Mitu-tunikaen. Det vart ei lue og eit panneband, mottakar ukjent enno.
tirsdag 26. juli 2011
Ein hemmelig sommarvenn har sendt meg pakke:)
Nydeleg med litt søte saker, inkludert Melkerull:) Og så to fint innepakka gåver, eg måtte knipse før eg opna dei!
Gjett om eg er fornøgd med min hemmelige sommarvenn!! Dette er midt i blinken! Eg er stor fan av Tynn Alpakka, og fargekombinasjonane er lekre. Faerytale trur eg ikkje at eg har strikka av før, men det kjennes deilig ut.
Og så eit nøste Arwetta Classic, eg er overbegeistra! Nydeleg farge, og ferdig nøsta opp:)
Her er det berre å sette i gang! Men eg veit ikkje enno kva eg skal lage... Det kjem etterkvart!
Enn så lenge veit eg ikkje kven du er, men eg får sende ein stor takk til min hemmelige sommarvenn uansett:)
mandag 11. april 2011
Gåve frå hemmeleg venn i april
Det var ikkje så vanskeleg å finne ut kven den hemmelege vennen var denne månaden:)
Ei grom innflyttarjente, jauda, det må berre vere Gromjenta. Det ser ikkje ut til at du har blogg sjølv, Gromjenta, men eg kan jo fortelle dei som vankar på hobbyboden at det er du som er avsendaren:)
Pakken inneheld nokre av Gromjenta sine favorittar, og det forstår eg godt. Det er knapt noko som er mjukare enn tynn alpakka, og sokkar i Viking raggegarn blir supre og fargerike. Sjokoladane har visst forsvunne, eg veit ikkje kvar....
Tusen takk!
onsdag 23. mars 2011
Fantastisk gåve!
Det var ikkje så vanskeleg å finne ut kven avsendaren er, sidan eg fekk oppgitt adressa til bloggen og det viser seg at det er Husfruen som står bak:)
Tusen takk, Husfruen, dette er verkeleg ein pakke eg set stor pris på!
torsdag 9. desember 2010
Gåvedryss:)
I adventskalenderpakken merka med nr 8, fann eg deilig julete, med spennende kryddersmak.
I pakke nr 9 fekk eg meir garn:) Me like! Fire nøste Østlandsgarn i to ulike lillafargar, med forslag om at dette kunne bli vottar i adventsfargar. Det er eit godt forslag!
onsdag 18. august 2010
Hemmeleg venn i retur:)
Og det var ein flott pakke:
To nøster Ragge Yarn, mjukt og deilig, og to nøster Fritidsgarn. Og tre store, søte perlemorsknappar:)
Tusen takk!
torsdag 15. april 2010
Heimestrikka gåve til meg!
Hurra, eg har fått pakke! Og den kom samtidig med at eg handla inn til ein pakke eg skal sende sørover:) Hemmeleg venn er ein fin ting. Og i dag vart eg imponert! Eit nøste Opal Cotton i lekre fargar, og så to klutar og ein handduk! Ekstra koselig å få noko som andre har laga:)
lørdag 20. mars 2010
Gåve frå ein veldig hemmeleg venn:)
Men det var lite hint å få om avsendaren! Heldigvis er det berre nokre få dagar til eg får vite det uansett, i avsløringa på hobbyboden. Enn så lenge kan eg kose meg med innhaldet!
Tre deilige nøste med alpakka, to av dei er babysilk-alpakka og det tredje er "vanleg" alpakka i ein søt rosafarge. Fire lys, og påskesjokolade! Nam:) Den har eg gøymt i strikkekorga mi... Tusen takk, min hemmelege venn!
tirsdag 23. februar 2010
Hemmeleg venn også i februar
I postkassa mi fann eg ein pakke! Eg veit ikkje korleis andre har det, men eg klarer knapt å vente til eg er innkomen før eg må opne slike pakkar. I dag klarte eg å vente til bilen stod i garasjen:) Heganikva, du har jo vore min hemmelege ven før! Eg måtte bla litt tilbake, men fann deg i mai 09. Eg har ikkje funne nokon blogg å linke til, men tusen takk skal du ha!! Pakken var såå spennende, med mange små overraskelsar. Tre garnnøste, som eg lurer på om eg skal lage tova tøfler av, kaffe, kakao, kjeks, strikkepinne, mini-sysett! Dette var ein morsom pakke!
Tusen takk, Heganikva!!
lørdag 30. januar 2010
Hemmeleg venn-gåve
Men som eg sa til Iris: Den som ventar på noko godt, kan tole å vente litt. Og det var ein flott pakke som dumpa inn i postkassa mi i dag!
To nøster Frøya, det må bli sokkar eller noko anna lekkert til mi minste prinsesse som heiter det same:) Nydelige jentefargar!
Men det neste nøstet kan ikkje bli sokkar, det går eg ikkje med på:) Oppskrifta på baksida av magebeltet gir heilt sikkert flotte sokkar, men garnet er rett og slett for lekkert til å bli trakka på! Kva eg skal lage veit eg ikkje enno, men eg må sjekke litt kva andre har laga av Sandnes Mini Palett-garn. Det er sikkert godt mogleg å strikke skjerf eller sjal av det, eller pulsvarmarar, leggvarmarar, babygenser.... Who knows?
Tusen takk for det lekre garnet, Iris!!
fredag 25. desember 2009
24. desember
Legg merke til alt garnet som du ser på bildet! Det er ei gåve frå ein hemmeleg ven i hobbyboden, og eg klarte å vente heilt til julaftan med å opne den. Det var godt gjort, skal eg berre seie deg! Og for ein pakke! Haugar av trådnøste ramla utover då minstemor ville hjelpe meg med å opne. (Ho var nemlig ferdig med alle sine pakkar, og var ivrig på leit etter fleire...)
Tre nøster Viking Sportsragg, to nøster Ida strømpegarn, tre nøster Tresko, to nøster pt2, to nøster Sandnes alpakka. Hallo, det er 12 nøster!! Og som ikkje det var nok, fann eg også to søte små nissar og eit hjerte til å henge på juletreet. Tusen takk, Kristinaler!
Elles går det mykje god mat desse dagane. Eg tenkte eg kunne vise fram korleis eg henger opp julekorta mine, dei får nemlig hedersplass på trappevangen i stova. Jentene har adventskalenderpakkar hengande i eit raudt silkeband i trappa. Og etterkvart som dei plukkar ned pakkar, vert det ledig plass til å henge opp julekort. Smart? Og lett synleg!
Elles har eg fått ei geit i julegåve i år. I tillegg til ein del anna, meir tradisjonelt:) Frå systra mi fekk vi altså ei geit, eller vi er "eigarar" av ei geit som kanskje nokon annan får ha nytte av, til dømes i Afrika. Vi fekk også ein engel laga av ungdomar i Zululand. Dei lagar englar av gamle brusbokser. Sjarmerande julepynt på treet mitt.
søndag 25. oktober 2009
Ein fin laurdag, med pakke i posten!
I postkassa fann eg ein flott pakke: Tre nøste 3-trådsullgarn frå Rauma, eg trur det kan bli omdanna til tova vottar. Det har eg i alle fall tenkt at eg skulle strikke, så får vi sjå... I tillegg fekk eg eit koselig kort, prega av Iris heile vegen, og ein pose kaffe med vaniljesmak, og sjokolade! Den fekk gubben smake litt av;)Tusen takk, Iris!!
I dag hadde vi ingen planar, så vi tok hurtigbåten til Ålesund og vandra litt i byen. Det var, litt overraskande for oss, musikk på kaia då vi kom. Det var ikkje fordi vi endeleg kom ein tur, men opning av den nye landgangen. Kapteinen på båten stod høgtideleg og nikka pent til alle sine passasjerar, omtrent som ein flykaptein;) Fint, serru!
torsdag 17. september 2009
Hemmeleg venn:)
Eg vil gjerne vise fram kveldsmaten min også! Sjå kor deilig:
Gubben måtte berre køyre på besøk til svigers for å få med seg heim ferdig kokte krabber. Dei var framleis litt varme då dei kom på bordet her. Krabbe er nydelig!
onsdag 5. august 2009
Gåve frå hemmeleg venn juli
Dette er litt av ein pakke! Herlig, mjukt alpakkagarn, og mørkgrønt ullgarn, og begge er nye for meg. I tillegg ein pose kaffi med karamellsmak, massevis av sjokoladar, og oppskrift på tova tøfler. Og nærbiletet av dei yndige maskemarkørane kan du sjå lenger nede i innlegget. Desse vert det ei fryd å bruke!!
Tusen takk, blomstermamma!!
lørdag 13. juni 2009
Hemmelig venn har sendt meg gåve!
Dette var ein spennande pakke, eg måtte umiddelbart opne teen og snuse litt ekstra. Og så vart det jammen laga te også, nokså fort. Eg har aldri sett te med kakaosmak, og eg har sjølvsagt heller ikkje smakt det. Det var faktisk godt;)
Yndlingsgarnet mitt! Tynn alpakka! Snakk om heldig dame, no har eg berre valgets kvalar: Kva skal eg lage? To mjuke, deilige, naturkvite nøste, og dei luktar godt også:) Kakaoteen har gjort garnet til ein ekstra fin opplevelse. Ein ekstra dimensjon, så å seie!
Ser du at eg har fått knappar også? Tre turkis/blå/petrolblå knappar! Søte, ja?
Tusen takk til deg, min hemmelige venn!
lørdag 23. mai 2009
Gratulerer med dagen til meg!
Fruktsalat med granateple i! Det er jentene sin absolutte favoritt, dei elskar granateple. Eg såg då eg rydda ut at granateplebitane låg att i nokre av skålene, så det er ikkje alle som likar det:) Hadde minstemor sett det, hadde ho plukka restane av skålene uten å nøle...
Dette er litt sært. Eller forresten: Det er veldig sært. Svigerfar fortalde at han ein gong i fortida hadde smakt dessert av surgras. Sidan har gubben fått jentene til å plukke store mengder surgras... I dag vart surgrasdessert sett på bordet i selskapslivet også! Det var ikkje alle som torde å smake, men det smakar faktisk ganske godt. Dersom du likar rabarbrakompott, er dette ganske likt. Og eg laga det som eg hadde laga retten av rabarbra. Det er viktig å ikkje bruke for mykje av den nederste, grove stilken. Nam med vaniljesaus! Minstemor åt det uten noko tilbehør, og ho sette til livs fleire skåler:)
Eg lurer på om det var flaks eller veldig god planlegging? Eg fekk bursdagspresang frå min hemmelige venn. Heganikva, tusen takk!! To nydelige, raude nøste Tynn alpakka, te, sjokolade, og ein stor haug lekre treperler. Eg har lagt planar om eit makramesmykke!