Det er ikkje mykje hageliv for tida. Det er ustabilt vèr og dersom det er fint så malar eg. Blomane kjem ikkje til sin rett heller med tunge dråpar på kronblada. Eg håpar det tørkar opp snart så desse blomane kan nyte livet før dei visnar...
Med lita tid og underskot på søvn orkar eg ikkje dille og dalle med bileta. Montasje likar eg, då kjem bileta av blomane godt fram. Dei to øverste bileta er tatt 27.juni. Det er lenge sidan eg har blogga om hage no så det har samla seg litt opp. Diverre får eg ikkje bluetoothen til å fungere slik at eg får overført bileter frå mobil til pc. Der har eg eit flott bilete av ein peonvalmue som sto i bløming ganske så kort. Den skulle vere kvit, men var mørk lilla. No kjem det ein ny knopp og det latar til at den er rosa. Den lev sitt eget liv den planta tydelegvis. Over ser dokke phlox, to ulike nellikar, akeleie og ein eg ikkje kjem navnet på (nederst til høgre).Spirea står i bløming no. Nydeleg busk som blømer kraftig i år. Den står i skråning mot vegen og skråninga er delvis ny. Håpar at det tørkar opp så eg får vist dokke kor fint det har vorte. Ei gul daglilje har snikt seg inn i hagen. Heilt sikkert frå ein avleggar eg har fått. Eg har ikkje sett den før, men fin er den. Og eg har fått mange jordbærplanter i hagen som eg heller ikkje veit kor kjem ifrå. Alle fine blomar som ikkje heiter lupine er hjarteleg velkommen til meg. Elles veks den lyserosa storkenebben noko voldsomt, den må eg få delt når den har bløma ferdig. Eg er så trøytt i hovudet no at eg kjem ikkje på kva den blomen under spireaen heiter heller. Eg søv så lite om nettene at research er ikkje mi greie idag.
Aurikkel er på veg tilbake. Visste ikkje at den kom att, men det er berre positivt. Storkenebben eg kjøpte for ei lita stund sida har kome med sin første blome, peppermyntebuska blømer og dei blå blomane nederst til venstre har eg sådd sjølv. Tenk at noko lite som eit frø vert til slike fine blomar. Det er så kjekt å holde på med slike ting når ein får det til. Blomen heiter Murreva trur eg.
Sjå kva som kjem! Høgdepunktet i året er når rosene blømer. Og det er masse knoppar på alle rosene så eg gler meg! No må vi krysse fingrane for sol og tørrskodde dagar!
1 kommentar:
Fine bilder Torill❤ en fryd å se alt det vakre hos deg! Klem fra meg
Legg inn en kommentar