Bileta er tatt for tre dagar sidan. Eit nydeleg kveldslys skein over hagen medan fuglane kvitra og alt var berre idyll. Eg får kjensla av å vere forelska stadig vekk når eg er i hagen.
Det veks og veks. Villege planter som må haldast kontroll på. Myskmalva og høstasters er to planter som sprer seg lett. Elles veks det haustflox, storknebb, graslauk, klatreroser og litt smått som ikkje er like dominerande. Same bedet sett frå andre sida.
Bedet lengst mot aust er eit bed med sjølvsådde stauder. Litt av alt mogleg og eg har ikkje vorte kjent med dei enno. Ikkje alle har bløma før så det er litt skattejakt dette. Forglemmegei og akeleie prøvar stadig å konkurrere ut andre planter, men eg har oppsyn. Bedet er under utvikling og kantsteinar er under planlegging. Vi må berre plukke dei først. Bakerst skal Espen hakke opp plenen. For planen er som den var for tre år sidan. Plenen skal formast som ein ring med kantsteinar og bed utanfor ringen. Den lilla teltplassen om nokon huskar.
På andre sida av terrassen er det velkjente ommøbleringsbedet. Det er lite som skal flyttast på heretter, einaste roseklokkebuska heilt til høgre. Staudene kosar seg, rosene blømer og det rosa prinsessebedet byrjar å verte etablert. I år kjem den første peonen og, hipp hurra! Kosmos og margeritter i krukkene.
Litt meir av rosene. Denne kroken elskar eg. Det er varmt, frodig og akkurat slik som eg vil ha det. Staudene er slanke og høge, rosene veks villeg og fargane går i rosatonar. Utanom dei blå akeleiene då som finn seg plass i heile hagen.