Igår var det ein heilt fantastisk dag. Vi har ofte fint vèr, men vi skal alltid gjere noko fornuftig då som til dømes maling av hus, hagearbeid eller liknande. Igår tok vi derimot heilt fri. Espen fekk seg nokre timar på sykkelen medan vi andre tok turen til Os på besøk hjå ei venninne. Heime fekk ungane leike i hagen før vi alle fem tok turen til den lokale badeplassen. Hjellvik har ei fantastisk flott strand og er tilrettelagt for familier. Sist vi var der var for fire år sidan, det seier vel sitt.
Det er så idyllisk og vakkert på Hjellvik.
Ungane var i ekstase. Sand, vatn og skjell. Perfekt! Og det kostar ingenting, det er det beste med det heile. Idag snakka Emil varmt om turen vår igår. Vi var der ikkje så lenge og ikkje bada vi, men dette var ei oppleving likevel. Ungane var glade og då er foreldra glade.
Anna var ikkje begeistra for dette sjøvatnet. Som dokke kan sjå så vippar tærne, tene eller kva heiter det eigentleg? Ordet tå er vanskeleg å bøye. No er eg på viddene igjen... Ho bøyde føtene oppover, dette var plagsomt synest ho.Fine tottelottar. Deilige og mjuke, men likar altså ikkje sjøvatn :-)
Dagen avslutta vi med grilling så terningkast seks for denne dagen.
1 kommentar:
Så herlig med slike dager!
Vi prøver iherdig å prioritere familietid, kjenner at det er helt nødvendig, men vanskelig med alt som må gjøres på bruket! Men bare det å rusle i skogen for Torvald er jo kvalitet pr. nå :)
Artig å se ungene kose og leke godt med hverandre. Anna lærer seg sikkert å like både sand og vann etterhvert :)
Legg inn en kommentar