I vår hekla eg mange sjal av denne typen.
Det er veldig enkelt, og ein kan bruke alt slags garn
og lage det stort eller lite.
Dette grå/kvite er hekla i det populære "klutegarnet",Elise.
Eit 100 grams nøste + einsfarga til kant rundt.
Krok nr. 4,5.
Start med sju luftmasker.
Hekle ein stav i 3. lm frå kroken. Ei lm, ein stav, ei lm og ein stav.
Snu med fire lm. Hekle stav i stav med ei lm mellom heile rada.
Avslutt med stav i 4. lm frå forrige omg. og dobbelstav i samme lm.
Dermed aukar du to stavar kvar omg.
Fortsett slik til sjalet er så stort som du vil ha det.
Eg har hekla ein picotkant rundt etterpå.
6 kommentarer:
Fint mønster! Eg har planar om å lære meg å hekle ...
Stilig!
Eidabesta
Hvordan hekler du kanten rundt?
Fint :)
Ser at du har mange flotte oppskrifter på din side, kunne du tenke deg å dele dem via Woolspire? Send meg en mail så kan jeg fortelle mer om hva Woolspire er - håper å høre fra deg.
min mail er heidi@woolspire.com
Takk for oppskriftsdeling! Flott sjal!
Vakker! Slike arbeider laget med hekling eller strikking er alltid unike. Ullsokker laget på denne måten er nyttige for alle på kalde dager.
Legg inn en kommentar