Før vi reiste til Florida i desember skreiv eg om eit par
notat-apps som eg hadde kjøpt til ipod touch'en min. No har eg hatt tid til å teste dei ut litt:
Notat-app'en som eg først fallt for var
MobileNoter. Denne kunne eg synkronisere med eit av mine favorittprogram på pc'en; Microsoft Office OneNote (der eg kan skrive ned alt eg har av notater på ein fin og oversiktlig måte).
På pc'en skreiv eg ned alt av info som eg ønska å ha med meg på reisa; billettnummer, telefonnummer, tips om flyreise, Disneyparker, cruise og alt mulig anna eg måtte ønske å vite. Dette synkroniserte eg med ipoden, og fekk dermed all denne infoen med meg på ferien.
Eg kjøpte også Awesome Note. Dette brukte eg ikkje så mykje på turen, men no i det siste har eg brukt denne til å bla notere meg ein del ting som har med hus og heimen å gjere.
I Awesome Note noterer eg bla.
- Div kle som eg kjøper til ungane i neste størrelse (sånn at eg unngår å kjøpe alt for mange støvler eller regnkle i samme størrelse)
- Gode sitat og uttrykk som eg kjem over og vil hugse
- Tips til ulike scrapbook-prosjekt
- Kor eg finn ting i huset som eg har pakka vekk (det siste eg leita etter var fjærene som vi skulle pynte fastelavensriset med. No har eg notert meg kor eg har dei liggande hen).
- ... og mange andre småting som eg ønsker å ha oversikt over. Så istedenfor å bruke notatbøker eller almanakker, så har eg no alt liggande på ipoden min. Denne notat-app'en synkroniserer eg med gratisprogrammet Evernote, sånn at eg har ein backup av notatane mine på pc'en også.
Ein anna favoritt, som eg egentlig ikkje har utforska så mykje, er Evernote. Det aller beste med denne app'en er at den er gratis! Man får også Evernote-programmet til pc'en, sånn at ein kan synkronisere alt som ligg på ipoden og pc'en med kvarandre.
Då eg ikkje fann ein god måte å overføre bilder til ipoden min og samtidig ha dei i kvar sine mapper, så fann eg i helga ut at eg ville prøve ut Evernote til dette. Og det fungerte heilt fint! *jippi*
Derfor har eg lagt ein masse inspirasjons-bilder inn i Evernote på pc'en og overført dei til ipoden min sånn at eg alltid har dei lett tilgjengelig. Her har eg delt inn bildene i bla. :
- Bilder av figurer vi kan tegne (sidan eg ofte står fast når eg skal tegne ting og tang sammen med ungane og i fotoalbum).
- Inspirasjonsbilder til scrapbooking (lage sin eigen pynt, inspirerande LO'er og skisser)
- Tips til korleis pynte innsida av kort
- hobbyideer
- .... og mykje anna som eg liker å sjå på for å få ideer og inspirasjon.
Det finns mange andre notat-apps også, og det flotte er at det ofte går an å laste ned prøveversjoner av desse for å teste dei ut før man evt velger å kjøpe. Men dette er iallfall litt om dei eg har prøvd ut og liker.
Dette innlegget er med i månedens tema Ordning og reda, hos Foreldremanualen.