Viser innlegg med etiketten Scrappekurs og -treff. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Scrappekurs og -treff. Vis alle innlegg

torsdag 14. januar 2016

Fotoalbum og Project Life prosjekter i 2015

No når 2015 er over føler eg at eg ikkje har fått holdt på så mykje med hobby og fotoalbum som eg hadde kunna ønske. Men når eg tenker meg om så har det likevel skjedd mykje på den fronten. Man har jo litt begrensa tid til sin "passion" når man har mykje anna som skjer i kvardagen, og då gjer man det man må og det man har mest lyst til .. og så får det andre vente litt ;)

Då året 2015 starta så fokuserte eg på å lage eit barndomsalbum til jenta mi som skulle konfirmeres i mai. Eg rakk berre å lage sider fram til ho gjekk i 5. klasse, men det er ikkje så nøye (dei blir laga seinare). Det viktigaste var å få albumet klart så langt fram i tid som eg klarte, og å endelig få koble sammen nokre av bilda og all teksten eg har notert meg om ho.


I Juni skjedde det noko stort, og eg var så spent i forkant! Tenk å få møte sitt store idol innen det man er så glad i! Då kom Becky Higgins til Oslo. Før turen laga eg eit generasjonsalbum som eg tok med meg og viste ho.  Og då eg kom heim måtte bilder fra turen og kursa også settes i album.


I Juni gjorde eg også  eit Week In The Life-prosjekt. Eg tok mange bilder kvar dag i ei veke for å "dokumentere" kvardagen i familien vår sånn som det er no. Eg elsker desse WITL-prosjekta...kanskje ikkje der og då når det er litt mykje arbeid med det. Men det å ha det ferdige produktet i hendene er ein herlig følelse. Eg har jo gjort dette tidligare år også, og desse albuma er så verdifulle. Eg har eit album fra då eg berre hadde tre barn, eg gjorde samme prosjektet då vi hadde fått ny baby i hus, og livet er jo ganske annleis no når minstejenta er blitt 4. Det er kjekt å sjå bilder av alle små og store ting som forandrer seg.
Eg brukte Collect-appen og Project Life appen til dette prosjektet. Noko som gjorde at det gjekk mykje raskere enn tidligare å få det ferdige produktet i hendene.


I Juli var vi på sommerferie. Eg brukte samme metode som i juni, og fekk også dette albumet raskt ferdig. Herlig!


I oktober i fjor holdt eg kurs i Project Life. Det var ei ære å bli spurt, og eg var først litt usikker på om eg skulle seie ja. Eg har jo ikkje så mykje erfaring med å holde kurs, men eg tenkte at Project Life er noko eg kan og eg elsker å dele denne hobbyen. Så eg såg på det som ei utfordring, og det gjekk kjempefint. Det å kunne inspirere andre, og det å sjå at dei fekk noko ut av kurset, ga meg utrulig mykje.


Eg har også vore med i Designteamet i Project Life i Norge bloggen. Det var ei ære å bli spurt om å bli med. Og sjølv om eg følte at eg ikkje hadde så mykje tid til overs for dette så sa eg ja, og var med i litt over eit år. Det var ei kjekk erfaring å ha med seg, og det var med litt tungt hjerte eg måtte gi meg. Men eg innsåg at det tok for mykje tid å lage ting som var spesielt til denne bloggen, og det blei dermed mindre tid til eigne prosjekt og andre ting eg hadde lyst til. Mange av innlegga eg delte der har eg også delt i min eigen blogg, og det kjem sikkert fleire sidan eg ikkje har vist alle her enda.


Planen for familiealbumet 2015 var at sidene skulle bli laga i Project Life appen. Dei første månedene gjekk det fint å holde seg ajour, men så blei det litt stopp pga at andre ting blei viktigere. Men bildene har eg inndelt i veker på Ipaden og tekstene står i notat-appen min. Så når eg har ledige stunder jobber eg med dette, og håper å få det klart om ikkje så lenge. Eg elsker at Project Life appen gjer det så lett å få bilder i album :)

I desember gifta søstra mi seg og i den anledning laga eg eit album til ho med bilder fra utdrikningslaget hennar.

Då eg begynte på dette blogginnlegget kom eg ikkje på alle desse prosjekta, men etterkvart som eg skreiv så dukka dei opp. Så sjølv om eg ikkje har fått gjort så mange andre hobbyting så viser det seg at eg fekk visst laga nokre album i 2015 likevel :)

Eg håper å få vist dere fleire bilder av desse prosjekta etterkvart. Nokre av dei kan dere lese om i mine tidligare innlegg hos Project Life i Norge.

Så får vi sjå kva 2016 bringer. Eg har ikkje planer om å lage like mange album då. No skal først albumet for 2015 komme i bok, bildene eg tar i 2016 skal legges inn i PL appen, og kanskje framkaller eg bilder til mellomstejentas barndomsalbum. Berre 2 år til ho skal konfirmeres...

tirsdag 18. mai 2010

Scrappetreff med barn

Dagen etter hobbykvelden på jobben tok eg og ungane med oss scrappetinga mine på barneforeninga vi er med på. Vi tok med oss mykje, sånn at dei andre kunne få låne det dei trong.
Layouten ovenfor holdt eldstejenta mi på med.

Minstemann scrappa også, her har han nettopp tegna ramme rundt bildet sitt.

Deretter limte han på Cars-klistermerker.

Det er fint å ha lange, store bord når man held på med sånne ting

Mellomstejentas plass...

På barneforeninga pleier dei å lodde ut godteri, så her sit minstemann og koser seg. Mens han har satt sin eigen og kameratens layout til utstilling.

I tillegg til det eg hadde med meg på hobbykvelden på jobben, så hadde eg denne gongen med meg fleire leikekataloger som ungane kunne få klippe ut av. Og ein koffert med klistermerker og skumgummi (?)-figurer. (Kjem ikkje heilt på kva dei heiter på norsk, men på engelsk heiter dei foam shapes.) Desse tinga vart mykje brukt.

Scrappetreff/Hobbykveld

Bilder fra ein hobbykveld vi hadde på jobben, då eg tok med meg masse scrapbooking-utstyr og -pynt som dei andre kunne bruke viss dei ville.

Eg brukte kjøkkendisken og tralla (som du ser litt av nede i venstre hjørne av) til å sette ut pynten eg hadde med; bånd, blomster, charms, knapper, brads, raindrops, ein kasse med restepapir m.m

Det er kjekt at andre også kan dra nytte av scrapbooking-utstyret mitt. Punch'ene er veldig anvendelige.

Alle scrappa eller laga kort (t.o.m ho som egentlig hadde tenkt å strikke denne kvelden).

Det var ein koselig kveld sammen med nokre av kollegaene mine :)

mandag 26. april 2010

Fleire bilder fra scrappekurset

Når eg har scrappekurs for 4H ungdommen så pleier vi å lage utstilling, då set dei fram det dei har laga, der det er plass i klasserommet.


Og eg blir like imponert kvar gong. Ungdommane er så kreative og lager så mykje flott!

Vindauget blei òg tatt i bruk :)

Eit lite utvalg av fargerike brads, raindrops og fargeblyanter som eg hadde med.


Som du kan sjå i forrige innlegg så var det ein del snø på vegen kvelden før, mens denne dagen såg veiane meir vårlige ut igjen.

søndag 25. april 2010

Bilder fra scrappekurset mitt

Forrige helg holdt eg scrappekurs på 4H's storkurs. Då hadde eg bla. med eit ark med nokre få tips til korleis pynte blomster og papirblomster stansa ut med Retroflower -punchen.

I fjor, då eg holdt dette kurset, kunne vi sette borda sammen til langbord (då var det bla. lettare for deltakarane å dele på litt av utstyret). Denne gongen blei vi tildelt eit naturfag-rom der borda stod fast. Men det gjekk fint å ha kurs med borda satt sammen på denne måten også.

Vi brukte to bord til å legge ut ein del av utstyret og scrappepynten på.



Bånd og knapper i ulike farger



Kartong hadde vi også med, både i 12x12 (inch) og A4 størrelse.

Tidligare på dagen hadde det vore vårvær (sånn som det hadde vore i fleire veker), mens det i løpet av dei få timane vi hadde kurs kom masse snø! Vanligvis ville eg brukt ca 1 time på å køyre heim, men denne kvelden tok det lenger tid sidan eg hadde sommerdekk på bilen og måtte ta det litt med ro.

Rart at det på samme tid i går, nøyaktig ei veke etter denne kursdagen, også kom masse snø. Og i går så tok bilturen meg enda lenger tid, sidan eg måtte stå fleire timer i kø pga kollisjon lenger framme. Heldigvis kom eg meg vèl heim på sommerdekk i går også.

torsdag 15. april 2010

Det går i nybegynnende og viderekommen scrapbooking om dagen

I morgon er det tid for scrappekurset eg skal holde for 4H og i den forbindelse så har eg brukt mykje tid på å tenke scrapbooking for tida. Eg har kjøpt inn og funne fram alt av utstyr som eg må ha med meg, eg lager diecuts og leser mykje om nybegynnende og viderekommen scrapbooking på nettet. Eg har jo sjølve kurset klart, men så fyller eg kanskje på litt her og der, og så er det jo alltid greit å kunne litt meir enn akkurat det man skal lære vekk :)
Derfor har det blitt lite blogging, og også andre huslige ting, i det siste. Men om eit par dager, når kurset er over, så kan eg begynne å tenke litt på andre ting igjen :)

Her er nokre fine linker for både nybegynnere og meir viderekomne scrappere:
Papirgleders kreative sider (mange lærerike artikler om det å begynne med scrapbooking m.m)
Scrapping.no Artikler og veldig bra forum
Scrappehuset

onsdag 31. mars 2010

Mars er snart over.. liten oppdatering på heim, familie og hobby

No går vi snart over til april, den siste månaden har jammen gått fort. Litt av grunnen kan jo vere at eg har jobba ein dag ekstra kvar veke; så no eg ser litt fram til å ha mandagane fri igjen. Då får eg kanskje gjort nokre av dei større ryddeprosjekta som eg har planer om.

Når eg ser tilbake på månaden som har gått, så har den jo vore fyllt med små og litt større opplevinger
To søndager har vi vore på basar- der vi bla. vann fargeblyanter og dukker begge gongane. Eit par familieselskap har vi vore i, og eg har vore på to heim-skule-samtaler.

Eg hadde klubb i forgårs (og serverte fruksalat med is), og har også vore på jentekveld sammen med søstra mi og ei veninne.

Eit større prosjekt som vi begynte på i helga som var, er å dele opp det store, gode barnerommet som dei to minste deler. Mellomstejenta har lenge hatt eit ønske om å få ha sitt eige rom. 
Det er litt synd å dele opp eit sånt stort og bra rom, men eg skjønner ho godt. Eg trur det blir enklare for ho å halde det ryddig når ho kun har sitt eige å halde styr på. Og eg trur det blir godt for ho å få eit rom der ho kan ha alle småtinga sine, og ordne det sånn som ho vil ha det.
I skrivende stund er veggen mellom romma komt opp, og mellomstejenta synest ho får det riktig så koselig. Mens minstemann lurte på kvifor denne veggen skulle vere der :)

Littegrann scrapping har det blitt, og no har eg eit par LO'er som venter på å bli ferdige (ein LO blir sjelden ferdig i full fart her i huset). 
Eg held på å rydde hobbyrommet og prøver å få det litt "lettare", men må ta det litt og litt når eg veit at eg har litt tid til å få ting gjort. Eg har ein liten ìde om å begynne å arrangere scrappetreff, der dei som kjem kan få bruke av det eg har. Kanskje eg kan lære vekk ein ting eller to viss det er ønske om det.
Eg har jo hatt venner på besøk, der vi har scrappa eller laga kort, og dei har fått bruke mitt utstyr og betalt for pynt/ark som dei bruker. Men dette som eg tenker på no blir kanskje større... 
Når rommet er rydda skal eg tenke litt meir på det og kanskje legge ein  plan...

4H har spurt meg om å halde kurs på eit arrangement som dei skal ha. Eg holdt kurs for dei i fjor også, og det gjekk veldig bra. Det var ein god følelse å høyre at ungdommane syntest dei lærte noko og at dei hadde det kjekt. Eg må handle inn det dei skal bruke på forhånd, så no har eg bla. handla litt småting på ebay og i nettbutikker til dette formålet.

Ungane baka boller nesten heilt aleine i dag- så vi har kosa oss med boller både til lunsj og kveldsmat :)


I høst skreiv eg eit innlegg om Blythe-dukker, og no er snart denne nydelige dukka på veg hitover. Sånne dukker står også høgt på eldstejentas ønskeliste, så det er mulig at vi kanskje må dele på denne.

fredag 5. juni 2009

Litt om scrappekurset mitt


For nokre måneder sidan blei eg spurt om å holde scrappekurs for ein gjeng 4H ungdommer. Det var litt skummelt å holde kurs sidan eg aldri hadde gjort det før, men eg tok det som ein utfordring og ein mulighet til å bli ein erfaring rikare. Det var mykje planlegging (meir enn eg hadde trudd), men det blei bra, og kursdeltakarane var kjempeflinke! Og eg fekk også positive tilbakemeldinger på kurset eg hadde hatt- veldig kjekt :)

Her er nokre stemningsbilder:

Deltakarane var flinke og veldig produktive, vi begynte med å fylle opp tavleveggen med LO'er... men måtte sette dei tettare og tettare og utvide utstillinga på fleire bord etterkvart som timene gjekk.


Scrappegjengen i full aksjon. Har blur'a bildene for sikkerhets skyld. Vi kosa oss med scrapping, koselig prat og fin musikk :)



Dagen og kurset nærmer seg slutten. Dette bildet tok eg då vi hadde siste pausen vår berre for å hugse korleis det var den gongen eg hadde kurs :)


søndag 26. april 2009

Så var scrappekurset overstått

Så var scrappekurset eg hadde, overstått. Eg hadde forberedt det godt (håpte eg) og var innstillt på at dei sikkert trengte litt hjelp til å komme igang og ein del tips og råd til videre scrapping. Men der tok eg feil. Etter at eg hadde snakka litt om scrapping, tenkte eg å gå gjennom det å lage ein LO sammen med dei, steg for steg. Men dei satte igang som om dei ikkje hadde gjort anna. Nokre hadde vore litt borti scrapping før, men ikkje alle. Og dei scrappa i vei og laga mykje fint i løpet av dei to dagane kurset holdt på. Eg blei veldig imponert over kor godt dei fleste jobba og kor mykje fint dei laga.

Då eg forberedte kurset var eg innom diverse nettsider for å få litt tips til korleis formulere meg når eg skulle snakke om scrapping.
Legger inn nokre nyttige sider eg fann, der ein kan lære mykje om det grunnleggande (og andre ting) innen scrapping:
Scrapmentor-Scrapbooking 101
Step-by-Step Guide
Scrapbooking- a beginners guide
Scrapbooking doesn't have to be expensive
Scrapping.no
Scrappehuset
Barnemix.no

Og nokre om å lage minialbum:
Scrapbook-Crazy (mange ulike typer minialbum du kan lage sjølv)
Making Mini Scrapbooks (her er det også mykje å velge i)

Det finnes nesten ubegrensa av nettsider om scrapping, så det er berre å ta eit søk egentlig....

tirsdag 21. april 2009

Forbereder scrappekurs

Eg er blitt bedt om å holde scrappekurs for ein gjeng 4H-ungdommer, og no nærmer dagen seg. Ante ikkje at det var så mykje å planlegge og tenke gjennom då eg sa ja til det- men satser på at eg får alt under kontroll innen fredag når det store skal skje. Var litt paff då eg blei spurt, har jo aldri gjort noko sånt før (anna enn å vere homeparty-forhandler noko som gir litt trening på å stå foran folk)
Men er glad for at eg sa ja, blir ein erfaring rikare. Og så håper eg at det blir kjekt og eg får innfridd litt av det dei ønsker å lære.

I dag har eg tatt i bruk Silhouetten min litt, og elsker den!! Sååå lettvint å lage bokstaver, istedenfor å måtte trykke ut tittelen sjølv. For det er ofte det som kjem sist på plass på layoutene mine... det "tar litt tid" å ta fram cuttlebugen og diesene og alt anna ;)