Viser innlegg med etiketten Eg gjesteblogger. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Eg gjesteblogger. Vis alle innlegg

mandag 1. februar 2016

Om barneboka "Jakten på Nordlyset"

For nokre år sidan var eg så heldig å få skrive om barneboka "Trolljakten" og teste ut appen som høyrte til. Denne kan du lese om hos Foreldremanualen som eg gjesteblogga for den gongen: Bokanmeldelse Trolljakten bok og app

No har Cecilie skreve ei ny bok om Troll Olav. Den heiter "Jakten på Nordlyset" og eg har fått eit eksemplar av denne.

Boka handler om Julie og Troll Olav som leiter etter det forsvunnede Nordlyset. Dei tar Hurtigruta eit stykke på veien og der møter dei ein liten samegutt og ei japansk jente som blir med dei på reisa til Nordkapp.

Lesestund med minstejenta på 4 år. Vi likte boka godt. Ho likte å høyre på eventyret og sjå på dei fine bildene. 

Eg har i fleire år sett etter norske og barnevennlige trollbøker i suvenirbutikkene, derfor var det veldig kjekt å få boka om Troll Olav for nokre år sidan - og no denne nye om Nordlyset. Trolla er jo eit symbol på Norge. Dei små høyrer gjerne fortellinger om skumle troll, men i denne boka får vi lese om eit koselig og barnevennlig troll.
Eg liker at mine små får lære meir om den norske kulturen i denne boka... bla. litt om troll, om samer, om Nord-Norge og Nordlyset. Sidan vi bur på vestlandet er det mykje dei små ikkje veit om det som skjer lenger nord i landet vårt.

Eg liker også at på nokre av sidene står det spørsmål som engasjerer og får dei små til å måtte tenke seg litt om og bli meir bevisst på eigne tanker og følelser.


Boka tar opp tema som gjensynsglede, vennskap, reise, matkultur, kveldsstell, drømmer, samisk kultur, natur og miljøvern. 

Her er ei oversikt over kor man kan få kjøpt bøkene om Troll Olav: Cessa Publishing
Facebooksida til Troll Olav: Troll Olav


torsdag 3. april 2014

To innlegg om Project Life

Denne veka har eg skreve to innlegg om Project Life på andre blogger enn min egen.
Det eine var eit kort og informerende innlegg på Foreldremanualen om kva Project Life er: Project Life: Smart organisering av familiefoto.
Det andre var for bloggen som eg er DT hos, Project Life i Norge: Glimt fra mitt feriealbum.


fredag 8. juni 2012

Eit par bokanmeldelser

Eg har skreve eit par bokanmeldelser for Foreldremanualen i det siste. Den eine er om boka Trolljakten. Den fins også som app og der heiter den Troll Olav. Eg lasta ned appen på Ipaden og den blei stor sukess her i heimen. 6 åringen min likte den veldig godt, og 8 åringen syntest også at den var fin.
Du kan lese heile anmeldelsen min her: Bokanmeldelse: Trolljakten bok og app.

Ei anna bok vi har lese er Ottoline drar til Norge. Du kan lese anmeldelsen min her: Bokanmeldelse: Ottoline drar til Norge.


onsdag 22. februar 2012

Fine hårfrisyrer til jentene

Nytt innlegg fra meg hos Foreldremanualen: Fine hårfrisyrer til jentene

tirsdag 7. februar 2012

Brukbar reklame

Endelig har eg skreve eit innlegg for Foreldremanualen igjen: Hobbyaktiviteter for barn: Brukbar reklame

lørdag 4. juni 2011

Gratis apps for barn

Eg har skreve to nye gjesteblogger-innlegg for Foreldremanualen i det siste om gratis apps for barn: 5 fine og gratis apps for barn og Flere fine og gratis apps for barn.

søndag 27. februar 2011

Apps for barn og personlige hårbøyler

Det siste innlegget eg skreiv for Foreldremanualen handla om korleis lage sine eigne, personlige hårbøyler.

Og også eit nytt innlegg om fine og gratis apps for barn.

lørdag 20. november 2010

Gjestebloggerinnlegg om Julehobby og gavetips

Eg har skreve nytt gjestebloggerinnlegg for Foreldremanualen, denne gongen om å fargelegge vaskekluter som man f.eks. kan gi vekk til jul. Les innlegget her: Julehobby og gavetips .

søndag 24. oktober 2010

Gjesteblogginnlegg: Gavetips til barnebursdagen

I det nyeste gjestebloggerinnlegget eg har skreve for Foreldremanualen kan du få tips til gaver å gi i barnebursdager. Du kan lese det her: Gavetips til barnebursdagen

torsdag 16. september 2010

La ungene lage sine eigne minikort

Mitt nyeste gjesteblogger-innlegg hos Foreldremanualen handler om dette, du kan lese heile innlegget her: Enkle minikort

mandag 16. august 2010

Gjesteblogginnlegg for foreldremanualen

Det nyeste gjesteblogger-innlegget eg skreiv for Foreldremanualen handla om våre gamle og nye papirdukker.


Og tidligare i sommer skreiv eg innlegget om nokre artige stensiler som ungane kan tegne med.

fredag 4. juni 2010

Gjesteblogginnlegg om scrapbooking for barn

Det siste gjesteblogginlegget eg skreiv for Foreldremanualen var om scrapbooking for barn.

Det handla litt om korleis vi gjer det når ungane scrapper i tillegg til litt andre små tips.

torsdag 6. mai 2010

Gjesteblogginnlegg om hobby-fyrstikker

For nokre dager sidan blei gjesteblogg-innlegget mitt om hobby-fyrstikker lagt ut hos Foreldremanualen. Ein morsom aktivitet som eg hugser frå då eg var liten, og som ungane mine no fekk prøve. Ta ein tur innom Foreldremanualen om du vil lese heile innlegget.

søndag 4. april 2010

Lage gryteunderlag

Hos Foreldremanualen har eg skreve eit innlegg om gryteunderlaga som jenta mi har laga.

tirsdag 9. mars 2010

Vi tegner søte kawaii figurer

Kawaii er det japanske ordet for søt, og eg har alltid vore litt svak for japanske kawaii-figurer (deriblandt Hello Kitty, Miffy og Pikachu). Mange figurer virker så enkle å tegne, men når eg sjølv skal sette seg meg ned og tegne sammen med ungane så kjem eg sjelden på nye ting å tegne.

Derfor satt eg litt i helga og fann bilder av desse søtingane på nett (det er ikkje første gongen det skjer). Men det eg også gjorde var at eg brukte Evernote (som eg skreiv om i går) til å legge denne grafikken inn på ipoden min- for å ha min eigen lille ide-tegnebank der.

Jentene syntest dette var ein veldig god idè, og det tok ikkje mange minuttane før dei måtte låne ipoden min for å prøve å tegne desse figurane. Og kanskje det også gir ideer og inspirasjon til at dei etterkvart kan tegne sine heilt egne kawaii-figurer?

Her er nokre av dei som eldstejenta tegna. Eg har tenkt at eg kanskje skal bruke desse figurane i bla. fotoalbum og scrapbooking.

Linker til kawaii-figurer:
All things kawaii
Bukubuku
Flickr- Kawaii
Etsy.com- Kawaii

Les om kawaii i wikipedia

Eg har forresten blitt spurt om å vere gjesteblogger for Foreldremanualen, noko eg med glede har sagt ja til.
Mitt første gjesteblogg-innlegg handler om å forevige barnas byggverk.