Viser innlegg med etiketten Foto-morro. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Foto-morro. Vis alle innlegg

mandag 26. februar 2018

Lager gratulasjonskort på mobilen

Eg har begynt å lage gratulasjonskort på mobilen. Dette bildet har eg tatt sjølv, eg redigerte og pynta det i ein app på mobilen, og til slutt la eg det inn i Word (på pc) før eg printa det ut.
Man kan også printe direkte fra mobilen viss man har kobla den sammen med printeren

tirsdag 6. august 2013

Ungane på fotojakt

Då ungane ikkje heilt visste kva dei skulle finne på forrige dagen, foreslo at eg kunne lage ein fotojakt til dei, og det var dei med på. Dei var fem stykker, så eg delte dei inn i tre lag (eit lag med to jenter på 10 år, eit lag med gutter på 7 og 12 år, og eldstejenta på 13 fekk vere aleine på lag). Eg skreiv tre like lapper med ting dei skulle finne og ta bilder av. 

To av laga brukte mobiltelefonane sine, mens det siste laget brukte eit digitalt kamera.
Og jakten var ein stor suksess. Vi måtte ha to fotojakter til etter dette (nye lapper med nye ting å ta bilder av). Og dei var fortsatt ikkje lei...

Eg lager muligens kollasjer til familiealbumet med bilder av noko av det dei knipsa.



fredag 30. oktober 2009

Nye header



Har lenge tenkt at eg skulle ha bytta ut headeren min, men det har liksom aldri blitt... før no. Kom over eit bilde som eg ville prøve å lage header ut av, liker farger. Veit ikkje om den blei bedre, men kjekt med forandring (og litt rart).. Tar gjerne imot tips, råd og kommentarer. Blei den for stor kanskje?

Her er den gamle:

Motivet er ein tusenfryd, og på den har eg satt på eit bilde av jenta mi i alvekjole, ein gjennomsiktig sommerfugl  og div. "swirleborder".

mandag 28. september 2009

Eit morsomt og gratis fotoprogram


Eg har lenge hatt denne linken til Photofunia liggande i "Mine Favoritter", men det er først i dag at eg har sett meg ned og leika litt med det (før eg skulle avgårde på eit møte). Dette er eit morsomt og gratis program som er veldig enkelt å bruke. Eg viste jentene alt det morsomme eg laga, og dei likte det dei såg. Det endte med at når eg reiste på møte, så blei eldstejenta sittande og leike seg med det. Det var morsomt å komme heim og sjå på alt det ho artige ho hadde laga :)

Eit lite knippe av kunstverka våre:



Bildene mine på utstilling



Jenta mi på forsida





Jenta på avbilda på bilen


Veggplakat


Gatekunstner


2 fine jenter på frimerker



Supermum




Hos Photofunia kan du lage dine eigne flotte kunstverk :)

tirsdag 15. september 2009

Høstbilder


Gjekk meg ein liten tur i skogen her om dagen, og turen tok nok over dobbelt så lang tid som den pleier fordi eg tok så mange bilder :) Eg fekk lyst til å prøve å lage collage i Picasa i dag (eg har ikkje brukt det programmet før), og det var gøy!  Tida sprang litt ifra meg mens eg holdt på (merkelig kor fort tida går når ein sit foran denne skjermen!), så collagene blei ikkje heilt som eg hadde tenkt meg. Men, men....
Eg har også lagt inn litt nye bilder i sidebarene (og redigert nokre), og fiksa litt på blogrollene mine :)

lørdag 25. juli 2009

Når eg først er inne på det med hund...

Eg kom på eit bilde som eg tok av niesa mi og hunden hennar. Og når eg først hadde det framme i fotoprogrammet mitt så måtte eg leike meg litt med det...



onsdag 10. juni 2009

Foto-morro

Liker å leike meg litt med bilder innimellom, og kom over nokre artige funksjoner:


















søndag 7. juni 2009

Løvetann i barnehånd


I går var minstemann ute og "jobba" med pappaen sin vèl og lenge, til han kom inn døra til meg. Skitten i ansiktet og på hendene, med luktende bleie og med eit herlig smil om munnen. I handa hadde han tre fine løvetenner... Han virka så glad og liketil der han stod, noko som smitta over på meg. Tanken på at han hadde hatt meg i tankane då han plukka dei, gjorde at eg verdsatte dette øyeblikket endå meir.


Eg spurte om han hadde plukka dei til mamma, og han svarte samtidig som han peika på ein og ein av blomstrane (eller ugraset for den som foretrekker dèt ordet) at; "den va til systa, den va til pappa, den va til mamma..." og han ramsa opp endå nokre til som skulle få desse løvetannane. Det gjorde at eg blei enda litt gladere- tanken på at han hadde tenkt på fleire i familien (eller iallfall tenkte på dei der og då) var så fin :)

Eg satte meg ned for å leike litt med dette bildet i photoshop i går.... Men som så ofte ellers så forsetter eg gjerne på noko heilt anna etterkvart. Eg fekk no laga to bilder av dette eine... men så begynte eg å rydde i brush'ene, for så å rydde på eksterne hardisker og pc i både musikkmappa, scrappe-mappa og photoshop-mappa. Utrulig kor mykje ein lagrer på nokre år med nettsurfing- men mykje fint også så klart :)