lørdag 6. februar 2016

Vinterferie-sider laga i Project Life appen

Vi har ikkje vore på vinterferie tidligare pga. jobb, gård og andre ting - men i fjor var det vår tur. Vi køyrte over fjellet og hadde ei fin langhelg på Per's hotell på Gol. Derifra var det kort vei til ulike ski-plasser, og vi hadde også muligheten til å bade i Tropicana. Det kunne vere greit å ha ein backup dersom været skulle bli dårlig og vi ikkje kom oss på ski.

(klikk på bilda for å sjå dei i større utgave)

Ein dag i Hemsedal med slalåm, leik og litt langrenn. Kartet (øverst til venstre) er funne på nettet.

Neste dag testa vi ut ein ny plass og her var det mykje meir sol, og bedre lagt til rette for både slalåm og langrenn. Mannen og dei tre eldste stod på slalåm, mens eg og minstejenta leika i bakkane, kosa oss i kafeen og varmestova, og såg på dei andre.

Den siste dagen tenkte vi å bade litt før vi reiste heimover, men sidan det var så nydelig vær testa vi heller ut ein anna ski-plass.

Det var ein herlig vinterferie med mange gode opplevelser og nydelig vær. Og då vi kom heim var det fort gjort å sette sammen bildene i Project Life appen.

-------

Eg har tidigare publisert dette innlegget hos Project Life i Norge


mandag 1. februar 2016

Om barneboka "Jakten på Nordlyset"

For nokre år sidan var eg så heldig å få skrive om barneboka "Trolljakten" og teste ut appen som høyrte til. Denne kan du lese om hos Foreldremanualen som eg gjesteblogga for den gongen: Bokanmeldelse Trolljakten bok og app

No har Cecilie skreve ei ny bok om Troll Olav. Den heiter "Jakten på Nordlyset" og eg har fått eit eksemplar av denne.

Boka handler om Julie og Troll Olav som leiter etter det forsvunnede Nordlyset. Dei tar Hurtigruta eit stykke på veien og der møter dei ein liten samegutt og ei japansk jente som blir med dei på reisa til Nordkapp.

Lesestund med minstejenta på 4 år. Vi likte boka godt. Ho likte å høyre på eventyret og sjå på dei fine bildene. 

Eg har i fleire år sett etter norske og barnevennlige trollbøker i suvenirbutikkene, derfor var det veldig kjekt å få boka om Troll Olav for nokre år sidan - og no denne nye om Nordlyset. Trolla er jo eit symbol på Norge. Dei små høyrer gjerne fortellinger om skumle troll, men i denne boka får vi lese om eit koselig og barnevennlig troll.
Eg liker at mine små får lære meir om den norske kulturen i denne boka... bla. litt om troll, om samer, om Nord-Norge og Nordlyset. Sidan vi bur på vestlandet er det mykje dei små ikkje veit om det som skjer lenger nord i landet vårt.

Eg liker også at på nokre av sidene står det spørsmål som engasjerer og får dei små til å måtte tenke seg litt om og bli meir bevisst på eigne tanker og følelser.


Boka tar opp tema som gjensynsglede, vennskap, reise, matkultur, kveldsstell, drømmer, samisk kultur, natur og miljøvern. 

Her er ei oversikt over kor man kan få kjøpt bøkene om Troll Olav: Cessa Publishing
Facebooksida til Troll Olav: Troll Olav