Ein del av jentenes sokker er med figurer på så dei er enkle å skille i fra kvarandre. Men ikkje alle... Nokre gonger er det ikkje så enkelt å seie kven som eig sokkane, og kva sokker som høyrer sammen som par. Så no har eg komt fram til at eg må begynne å merke sokkane med størrelse for å gjere det enklare å få dei i riktig skuffe. (Eg merker dei ikkje med navn, sidan mellomstejenta arver sokker fra eldstejenta).
... at eg ikkje har tenkt på dette før!
Når sokkane har blitt for små for både eldstejenta og mellomstejenta så kjem eg til å pakke vekk sokkane (som fortsatt er brukbare) til minstejenta. Ved å merke dei på denne måten vil det bli enklare å vite kortid dei er passelige til ho.
Det blir også enklare å sortere ut kva sokker som er blitt for små i sokkeskuffene deira.
Andre innlegg eg har skreve om sokker og merking av kle: