Viser innlegg med etiketten vetleguten. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vetleguten. Vis alle innlegg

søndag 5. januar 2014

1 år

Godt nyttår!
Håpar du har hatt ei fin jule- og nyttårsfeiring:)
Vi har hatt det heilt supert, det gjekk berre så alt for fort. 



Rett over nyttår hadde vi ei stor hending hos oss. 
Vetleguten fylte nemlig 1 år:)
Eg kan ikkje tru at det alt har gått eit år sidan han kom til verda. 
Det har vore eit år med mange glade stunder, og minst like mange bekymringar:)
Vi har hatt ei knall feiring med heile storfamilien tilstade. 
Eg fekk dessverre ikkje tatt så mange bilder då.. 

Det viste seg at det å servere og lage middag + kake til 13 personar, ha 4 flotte overnattingsgjester på besøk, ein vilter 1 åring (helst limt til foten min) og middels ambisjonar om eit koselig dekka bord 
- gjorde til at eg gløymte mykje av fotograferinga. 
Men det var veldig verd å ha mange jern i elden, gu kor kjekt det var:)


Eg fekk iallfall hengt opp den fiiiine banneren, det var stor stas med navnet hengande over oss. 
Og ja - det står "I ÅR" på andre linja, det var visst ikkje tall med i eska:)



Til dessert hadde vi blant anna muffins og marshmellows. 
Ein ting eg angra på, og som eg skal gjera annleis til neste år, er forberedelsane eg gjorde. 
Eg hadde jo i utgangspunktet bestemt meg for å kjøpe alt på Festfabrikken.no
Men plutselig hadde eg gløymt tida, og det var for seint med tanke på postgang. 
Så derfor fekk eg gleda av å tråla Lagunen rundt ein lørdag ettermiddag, på leit etter bursdagstasj:/
Eg får skulda litt på at jula kom i vegen, neste gong skal eg iallfall ta all bestillinga på nett i god tid. 
Då får eg det eg vil ha, samt særs lite stress:)



Forresten så skulle vel strengt tatt muffinsen ha kikka over kanten på muffinsforma?
Vel, dei var i det minste veeeeldig gode. 
Eg har blitt heilt hekta på Passion4baking Manuela sine ferdige sjokolademuffins 
- dei har heile sjokoladebetar i:)
Apropos sjokolade, eg skulle jo eigentlig starte eit nytt og bedre liv, 
men vi har jo så veldig masse kakerestar igjen... hmm :)



Blei visst mykje bla bla i dag:)
Ha ein nydelig søndagskveld!


fredag 8. november 2013

Babyrom

Endelig! No har vetleguten blitt 10 månadar, og har budd lenge på rommet sitt. 
Og mor har i dag endelig klart å ta nokre bilder av babyrommet. 
Vetleguten er jo nesten ikkje baby lenger. 



Som dåke ser så har eg lagt meg på ein pastellpallett:)

Eg må berre nyyyyte det mens eg kan.
Eg fryktar nemlig storinvasjon av knallraude sengekler, gardiner, plakatar 
og sikkert noko anna morderne greier før eller seinare. 

Far i huset er nemlig blodfan av Arsenal, og det går visstnok i arv.. :)



Nattbordet var faktisk det fyrste eg kjøpte!
Det fann eg for 50 kr på Fretex, og har malt det i lyseblått. 



Det neste eg berre måtte ha, var senga! 
Den kosta ikkje 50 kr, men til gjengjeld så kan den brukast leeeenge. 
Fine sengekler, sjølvsagt med bilar på, høyrer med. 

Tapeten, som er ganske dominerande i rommet, er eg utrulig fornøyd med. 
Den gjere veldig mykje med heile rommet. Føler ikkje heilt at fargen kjem fram her, men den er altså mint. 


Dei små husa har eg funne på Kremmerhuset. 
Eg har klistra litt retrotapet på dei, så passa dei godt inn. 
Under her har eg tenkt å henge opp ein hyssing, og feste litt bilder av familien på. 


Kommoden fann eg på finn.no og syns den er utrulig fin. 
Ein slik kommode har eg leita lenge etter, elsker den "fargen" på trematerialet. 



Eskene har eg funne på Søstrene Grene, såå herlig farge:)
Den fine kakeboksen, er eit bruktfunn som kanskje kan brukast til å lagra noko ein samlar på?




Ei tallerkenhylle har også funne vegen til babyrommet. 
Her skal det etterkvart komma fleire bøker opp. 
Foreløpig er det mest bøker frå min eigen barndom som står her. 
Dei heng nesten ikkje saman lengre. 
Det må nok nye bøker til, for vetleguten har arva min måte å lese på:)

Det var altså babyrommet:)
Det har tatt tid å få det slik som eg vil, og eg er ikkje ferdig enda. 
No jaktar eg på ei fin nattlampe, eit stort teppe på golvet og bøker bøker bøker:)

Endelig helg! Vi får besøk av svigermor og eg ser fram til ei kjekk helg:)
Håpar du får strålande dagar, vi bloggast:)

søndag 24. februar 2013

Vetleguten vår

Nesten to månader, og eit årsskifte, skulle det gå før eg skreiv eit nytt innlegg på bloggen!
Ein liiiten naturlig årsak til dette: Vi har nemlig fått ein liten gut, verdas vakraste gut sjølvsagt:)

4 dagar:)
Han er velskapt og lykkelig, og det gler eit mammahjarte og sjå korleis han utviklar seg kvar dag. 
Han smiler og lagar grimasar, sjølv om han eg berre vêl 7 veker - heilt klart ein statsminsterkandidat!
Det å bli mor for fyrste gong er det forbausande mange som har gjort før meg, og overlevd. 
Overgangen har vore enorm, og eg trur vi fekk litt sjokk over det heile.
Personlig har eg gjennom dei siste 30 åra tilegna meg mange sjarmerande vanar, og alltid kunna gjort som eg ville. Desse har eg måtta fira på for og sei det sånn. Søvn for eksempel - oppskrytt! Kven treng vel sove ut når ein vaknar av ein smilande liten kropp som ser på deg med store auge og vil ha kos?:)

Fyrste kvelden heima
Det har sjølvsagt vore mange utfordringar, og desse barselvekene har vore ein blanding av smil og tårer. Eg har hatt (og har fortsatt) store utfordringar med amming. Kva er greia med å lage det til på den måten at ein baby skal ha kraftige sugetak kvar 2-4 time på følsame brystvorter?? Veldig merkelig konsept, som ikkje hadde ein vellykka start hos meg. Men vi får sjå korleis det går. 


Dette er fortsatt ingen mammablogg, men nokre korte setningar om kva livet har dreidd seg om ei siste vekene har eg plass til. På interiørfronten så har det ikkje skjedd nokon ting, altså verkeleg ingenting. 
Vi har knapt støvsuga, eit kvart ledig øyeblikk har blitt prioritert til søvn.
Vi har gått mil etter mil over stovegolvet, kjempe lurt det der og bysse han i søvn;)
Men dei siste vekene har interiørspira vakna i meg. 
Så mens eg har gått over golvet, så har eg fått mange nye idear på endringar i heimen. 
Derfor fortsett jakta på eit pengetre, mens eg kanskje skal våge meg 
ein tur på Lagunen for og sjå kva som skjer innan interiørverden.
Det er godt tenkelig at det blir ei stund til neste innlegg. Men eg er som smått på veg tilbake!
Når det har stått på som verst, så har det vore kjekke pust i bakken og sjå kva dåke andre driv med på instagram. Takk for inspirasjonen:)
Eg gler meg til og komme i siget igjen.


Nyt bildene av gullet vårt – vi er så glad i han!
Han kjem nok ikkje innom bloggen noko særlig, men nokre bilder måtte eg vise, 
det er jo det samme som og sende bilde til avisa tenkte eg:) 
Men rommet hans dukkar nok opp.

Ha ein fin søndagskveld