Fyrst og fremst, tusen takk for dei fiiine kommentarane på forrige innlegg. Så kjekt at innlegg om kvister og kongler engasjerer:) Det enkle er ofte det beste!
I dag har vore ein morsom dag. Det viste seg når eg skulle motta premien frå
Pink Lady and the polkadots sin give-away at vi er jo nesten naboer:) Så vi har nettopp kost oss masse på cafè og eg har fått kule koppar i friske fargar og deilig Pukka te. God start på helga!
Fyrste gongen eg har truffe ein bloggar i virkeligheten, så det var spennande og gøy:)
I går begynte eg og ei veldig god venninne å lage takkekort. Skal lage maaange, og sjølvsagt for hånd:)
Det er så koselig å laga kvart enkelt kort sjølv, når vi skal takka for gåvene vi fekk til bryllaupet.
Her er ein liten smakebit. Bilder av resultatet kjem når dei er ferdige og sendt ut.
Fredag igjen gitt - kvar fredag kunne eg egentlig hatt samme overskrift på bloggen "ahhh fredag".
For det er ein sånn deilig følelse, no har vi heile helga foran oss, nyt den!
God fredagskveld!
Marianne:)