Viser innlegg med etiketten påske. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten påske. Vis alle innlegg

søndag 1. april 2012

Påskemorgon

Hei:) Litt stille frå meg om dagen, du kan sjå kvifor på siste bildet i dette innlegget. 
Håpar du har ein fin påske så langt. I Bergen har vi alt hatt både snø og solskinn. 


I dag har eg dekka til koselig påskefrukost. 


Det beste med helg og fri, er at vi kan slappe av med lange måltid - spesielt frukost. 


Eg har nemlig ferie:) Hurra! Det skal bli fint å koble heilt ut og bare ha fri. 


Eit glas med appelsinjuice og ein liten narciss tydar gjer indikasjonar på påske. 


Her ser du grunnen til at eg har vore litt fråverande. 
Dette er vetlegongen vår. Vetlegongen er ein ord eg har fått heimante. 
Det er altså den vetle gongen før du kjem inn i huset. 

Her ser du tydelig "badstue"-inspirert lakka furu. 
Både på veggar og tak!
Eg malar. 
Og malar og malar og malar.
Bare det å forberede til maling 
(vasking, maskering, pussing), tar halve dagen. 
Vi blei ferdig med fyrste strøket i går. Kjempe stor forskjell. 

Skrivebordet er ferdig malt, men akkurat no er det overlessa med kler frå vetlegongen. 
Evig rot, men eg ser lyset i enden av tunnellen og gler meg til å vise bilder:)
No må eg hive meg i malekleda - motivasjonen er at eg får gratis trening (mange knebøy:)

Håpar du får ein strålande søndag!
-gler meg til ein bloggerunde i kveld. 


onsdag 28. mars 2012

Hint av påske

Eit lite hint om at påsken nærmar seg med stormskritt. 
Små gule narcisser i ei fin krukke frå TineK på kjøkkenbordet.
Dette bildet tok eg i kveld klokka sju - hipp hurra for dagslys:)


I dag har eg tatt fyrste strøket på skrivebordet mitt, 
trur eg har fått meg ein ny ynglingsfarge!


No nærmar det seg 10 000 besøkande her på bloggen (!)
I tillegg har eg 65 herlige følgere!
Det er knallkjekt og eg blir særs motivert til å fortsetta:))
Eg tenker at det er på høg tid at eg har min fyrste giveaway. 
Må tenka litt meir på kva eg ynskjer å gje vekk, men det kjem før du anar det!

Ønsker deg ein strålande kveld.