i vetlegongen vår!
Dette fantastiske bilete
laga av Oddvar Torsheim,
ein karakteristisk
kunstnar frå Førde,
er det fyrste blikkfanget
ein får når ein kjem på besøk til oss.
Bildet fekk vi av
svigerfamilien til bryllaupet, endelig har det fått ein hedersplass.
Det er faktisk det fyrste
bilete som kjem opp her i huset etter innflytting.
(må liksom gå 13 og ein
halv runde med meg sjølv før eg tørr henge opp noko på dei nymåla
veggane).
Vi malte vetlegongen i
påsken i år, men fyrst no har den fått litt innhold.
Her kan du sjå korleis den såg ut før, hint; badstu!
Ja - ting tar verkelig
tid, det var heldigvis ikkje så mykje som skulle til i den vetle gongen.
Vi valgte å gå for eit
Hemnes skoskap frå IKEA. Gangen er ganske smal, så det var mest praktisk.
I dag fant eg denne fine
vesle stegen på Living, som passa fint til å henge opp feks skjerf.
Akkurat no er det
lyslenka frå Åhlens som heng der, det blir veldig koselig lys av det:)
På andre sida har vi ein
enkel knagg med plass til masse.
Ja, for det er ikkje slik
det ser ut til vanlig altså!
Det er ikkje kvar dag det
passar seg å ta skjerfet og strandveska med seg å spasere ut døra.
Men det er jo litt meir
delikat og "bloggvennlig" enn dei 16 jakkene som heng sånn
ellers.
Eit lite lilla teppe på
golvet gjer rommet litt lunare, tekstiler kan gjere underverker med eit rom!
No må eg raska på så eg
får med meg Greys - gler meg til sommarfeire og eg kan sitte lenge opp og sjå
dei andre jenteseriene som kjem etterpå.
God kveld:)