Dette vert eit langt innlegg. 31 bileter av ørten fleire. Det er så vanskeleg å velgje kva ein skal publisere. Eg og borna har reist med fly til Volda, min heimstad om nokon lurer, og vi har vore der i 9 dagar inkludert reisedagane. Ungane sitt aldri stille og vil heile tida finne på noko, derfor har vi også gjort mykje. Om du har lyst å sjå litt av det vi har funne på kan du lese deg nedover innlegget her.
Vi reiste forrige laurdag til Volda. Søndagen tok vi turen til hytta/fritidsbustaden til pappa og ei tante av meg. Eller huset til farmor som eg seier. Austefjorden er ein liten, fin stad i Volda kommune. Her har eg vore mykje i min barndom. Då eg vaks opp var det ikkje barnehageplass til alle og eg var ein av dei. To dagar i veka budde eg med tanta mi og seinare var mykje hjå farmor. Eg har nok ikkje tatt noko skade av det, det var mange born i same situasjon så keisamt var det ikkje! Bilete over er frå jakta på paddeegg. Denne vogna har Jonas bygd sjølv og Emil var vel glad han slapp å gå.Vi jaktar på egg mellom busk og kratt.
Paddeegg.
Morfar og Emil.
Fine hestehovar i vegkanten.
Leiking i Austefjord barnehage.
Vakre snøklokker måtte plukkast sjølv om det ikkje var på eigen eigedom.
Elva er spennande.
Blått til lyst. Vakker vårblome som eg ikkje veit navnet på.
Snøklokker i hagen overalt. Klart ein må plukke!
Huset har elv på begge sider. Og ungar og vatn høyrer ihop. Her fann ungane gull og edelsteinar. Eller glasskår som vi voksne vil seie.
Anna og besta. Anna har vore ekstrem mammadalt på turen. Og det vart tungt å bere ho overalt sjølv om ho veg lite. No er ho 10 mnd og eg ventar framleis på at ho skal sitte skikkeleg og åle seg framover.
Malin og Emil prøver mormor sine gamle briller. Malin er den fødte brillemodell.
Vi har rydda loft og mange minner er funne. Brudekjolen til mormor frå 1979 måtte prøvast. "Eg ser ut som ein engel!" Verken eg eller mormor har nokon sjanse til å få på oss denne. Trur ikkje dei åt snop på 70-talet...
Trampoline er gøy! Malin er raskt ute med å hoppe på dei trampolinene ho kjem over. Det står høgt på ønskjelista. Her ilag med Olve.
Volda i sol.
Med litt niste og drikke kan turen verte kjekk.
Eg får stadig etterlysing av bilete av meg. Eg likar ikkje meg sjølv framfor kamera, men må vel innsjå at det kan ha sine fordeler når eg ein gong forsvinn frå jorda si overflate. Ungane har ei mor og det er visst meg.
Fint bilete av onkel André og Malin.
5 barnehagar vart besøkt gjennom veka. Her i Oppigard barnehage. Drikke og appelsin fekk vere følgjesven på turane.
Det er så kjekt når eg ser dyr på dei gamle beita. Då eg var lita gjekk det hestar her og no har dei kome tilbake. Store dyr som kan vere litt skumle for desse små, men det gjekk fint denne gongen og.
Utforsking av Rotset barnehage.
Medan søskena leikar sitt Anna og ser på. Ho sitt heilt stille og seier ingenting.
Det er kjekt når fleire kan leike ilag. Vetle, Olve og Malin på dissa. Her i Bratteberg barnehage.
Ungane er tidleg oppe så klokka halv ti om morgonen var det tid for å kome seg ut. Badestranda i Volda, Årneset, fekk besøk av to morgonfuglar igår. Det var nydeleg vèr. Sand og vatn er kjekt, og området er kjempefint å leike seg på. Litt rydding av boss fekk vi også gjort. Russen har vel ikkje tid til å rydde opp etter seg. Dei sitt sikkert å les eksamen medan vi var der (haha).
Mormor synest det er kjekt med borneborn. Då har ho alibi for å leike...
Volda i sol (igjen).
Bygdetunet i Volda, Haualeite, er ein ideell stad å ta med aktive born. Her er mange hus og tun vi kan springe imellom, leike gøyme og leite, og det er mange historier ein kan lage på slike stadar. Her er borna i gang med show med mormor som publikum.
Mormor tek bilete. Kven tek du bilete av her?
Emil murar slik som pappa.
Ungane har fått dilla på skilt og praten går i eitt når vi er ute og køyrer bil. Emil synest det er ekstra spennande med brannslangeskilt.
Dette var litt av det vi gjorde. På grunn av streik fekk vi to dagar ekstra som vi nytta godt. Blant anna fekk ungane bade i basseng, eit høgdepunkt! No er vi tilbake til pappa og barnehagen. Nokon seier borte bra, men heime best. Eg har to heimar som er best!
4 kommentarer:
Ser du har kosa deg på heimlege trakter, Torill. Mange fine bilde, ta fine og aktive born. Og du er no lik deg :) Dei blå blomane du hadde tatt bilde av heiter Silla. Svært villige stauder som kjem tidleg og varer lenge. Ønske det ein fin vår og sommar. Helsing Eli Ø.V.
Ej syns det var koseleg med så mange bilete :) Såg ut som dokke hadde det veldig kjekt!
Så koselige bilder! Deilig med tur hjem en gang i mellom. Vi fikk oss tur hjem/på hytta jeg og torvald for to uker siden. Herlig med strandleik og besteforeldre :-D
Ha ha, likte tittelen:) Mange fine bilder - kjempefint bilde av deg! Jeg tenker likt som deg - liker ikke å stå foran kameraet. Men kjekt for ungene å ha noen bilder av mora...
Legg inn en kommentar