Hestehov er ein fin vårblom der han står å lyser så optimistisk iblant det grå.
Eit par sokkar til er ferdige. Eg har strikka nokre par med barnesokkar, det kan jo komme barnebarn ein gong..Læraren min meinte det måtte vere ein menneskerett å få lære seg å strikke sokkar, og eg er einig med henne,hehe. Sokkar er kjekt å strikke. Så nå veit vel heile slekta kva dei får til jul i år..tjihi.
Tenkte eg skulle vise eit bilde av pulten min på hybelen. Her må det visst ryddast...Det har ein tendens til å hope seg opp på ein plass, og det er her. Så her ligg det strikketøy, broderi, penal, ukeblader underst og bøker oppå, ei innpakka konfekteske, ein rapport, diverse pennar, 2 sakser, cd`ar og ikkje forgløyme tab xtra flaska mi......og sikkert masse heilt underst som eg ikkje ser.
Tenkte eg skulle vise eit bilde av pulten min på hybelen. Her må det visst ryddast...Det har ein tendens til å hope seg opp på ein plass, og det er her. Så her ligg det strikketøy, broderi, penal, ukeblader underst og bøker oppå, ei innpakka konfekteske, ein rapport, diverse pennar, 2 sakser, cd`ar og ikkje forgløyme tab xtra flaska mi......og sikkert masse heilt underst som eg ikkje ser.I ettermiddag har eg gått tur rundt vatnet, som eg faktisk har gjort kvar dag denne veka. Eg har bestemt meg for å vere flinkare til å gå tur, så nå er eg i gang. Turen tar ca 45 min, og det er akkurat passe:)
I morgon skal eg heim til min kjære. Eg tar halv 4 bussen og då er eg heime i halv ti tida. Gler meg.
