Viser innlegg med etiketten Relieff. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Relieff. Vis alle innlegg

onsdag, november 21, 2007

Onsdagsdill

I dag har det regna og regna, og til og med nypene synest det er trist...men, men, ikkje så mykje å gjere med det. Eg har gjort ferdig siste oppgåva på skulen som var eit relieff. Her er då mi tolking av eit relieff i tre. Det vart tredelt med hjarta som motiv. Eg har hola ut hjarter, skore rundt hjarter og spikka lause hjarter som er festa på. Mala det og skore spor i bakgrunnen.


Dette hjarta har eg spikka ut av eit stykke med lind. Lind er eit mjukt treslag og godt å spikke i, pussa det i fleire omgangar og mala det. Hjarta er festa slik at det ligg ein cm utfra bakgrunnen. I bakplata har eg skore spor slik at tre viser.

Så då er siste oppgåva ferdig, og skal leverast i morgon. Då får me også vite kva som skal stillast ut på eksamensutstillinga den 3 des.


Elles i dag har eg vore ein liten tur i by`n. er på jakt etter svarte støvlettar, men det er svært vanskeleg å finne noko under 1500 kr, og eg hadde ikkje tenkt å betale så mykje. Eg fann eit par stk, men når eg ikkje er heilt fornøgd så kan det berre vere. Eg kjøpte godlukt til mannen istaden for. "One" fra Calvin Klein, mmmmm, den luktar godt. Det er jo ikkje berre me damene som skal få overraskingar i kvardagen, er det vel?
Han vart veldig glad ivertfall.
I kveld har eg vore på Pilates trening, og det kjenner eg i bakenden....hmmm, visste ikkje at det var musklar akkurat DER. Au:o)
Går ein kveld i veka, og det er veldig kjekt, men er berre nybegynnar ennå.
Så det var litt av det eg har gjort i dag.
Ha ein fin kveld alle saman:o)