..ein blogg om kvardagslivet, saker og ting eg lagar, og Frøken Fryd kafè & interiør..
onsdag, august 01, 2012
Kos
onsdag, desember 07, 2011
fredag, mars 25, 2011
mandag, februar 04, 2008
Mitt liv som katt

Hei, eg heiter Rasmus, og nå vil eg fortelje litt om meg sjølv.
Eg flytta inn til familien min når eg var rundt eit par mnd, og det var sommaren -06.
Når eg var liten pus så var det beste eg visste å sove på pappa sin mage,
og då hadde pappa min ein unnskuldning for å sove.....
Alle i familien min er glade i sko, og det ser de vel at eg er også:)
I familien min er det eit dyr til. Ho er eit marsvin og heiter Olga Merete.
Eg kan godt prate med henne avogtil, men helst gjennom buret.....
Eigentleg er ho litt masete, fordi med ein gong eg viser meg så pip og pip ho.
Ho har ikkje lært at vil ho ha noko så må ho vere stille og berre plutseleg dukke opp der det er mat.....På kjøkkenet feks:O)
Eg likar godt å leike, og gjerne skremme dei som bur i huset mitt.
Når eg ligg i trappa så kan eg berre slenge fram ein pote og fange dei, viss eg vil...
Som de ser av bilete så prøver eg å sjå litt skummel ut!!!!
Elles så likar eg alt det som matmor held på med.
Spesielt godt likar eg å ligge på tinga hennar.
Om ho skulle komme til å legge noko på golvet, så vips, der ligg eg oppå det....
Tepper som ho syr er heilt supre å ligge på.
Vindaugskarmen var ein periode favorittt staden min.
Det var medan eg var litt kortare enn eg er nå.
Der låg eg og haldt utkikk etter fuglar, andre kattar, trafikken utanfor og kva tid familien min kom heim.
Når eg var heilt liten, så knuste eg nokre blomepotter og sånt, når eg hoppa oppi karmen, men det er eg slutta med for lenge siden.
Syplassen til matmor, den er kjekk den. Mykje forskjellige stoff som eg kan ligge på.
Eg får alltid lov til å vere med, men ho kjeftar litt på meg når eg vil ta nålene og saksa og sånt som er farleg.
Eg er nå snart 2 år, og er ein kastrert hannkatt i min beste alder.
Eg synest sjølv eg er ganske fin, og det seier familien min til meg kvar dag.
Eg er glad i å vere ute, særleg når det er fint ver, og gjerne snø slik som i helga, det er knallgøy:)
Eg likar best å sove inne, og når eg var liten så sov eg med mamma og pappa, men nå er eg så stor at eg ligg stort sett der eg finn ei god seng.
Eg tar gjerne ei kose stund i senga med dei, om eg kjem inn etter at dei har lagt seg, men så tuslar eg meg opp på loftet.
Eg står opp med matmor om morgonen, avogtil er eg oppe først, men storst sett kjem eg når ho går på badet.
Då er eg med der og får litt kos, før me går på kjøkkenet og eg får boksmat frukost. Nam,nam:)
Etterpå så er det ut på tur, og eg er gjerne ute til dei kjem heim utpå dagen.
Eg er ein snill og roleg pus, som berre gir eit mjau ifra meg når eg vil ut.
Elles diltar eg etter matmor der ho er, til matfar sin store frustrasjon. Men det er ho som stort sett lagar maten, og når eg får kyllingfilet, då er det fest:)
Dette var litt om meg.
Klem fra Rasmus.
mandag, desember 17, 2007
Ein dag med store kontrastar.....
Eg syntes eg høyrde ein lyd og gjekk ut for å sjå, og utforbi døra låg ein våt, skitten og forkommen Rasmus. Eg bar han forsiktig med meg inn, og såg at her var noko galt. Stakkars lille søte Rasmus min. Eg undersøkte han forsiktig, men han ville helst ikkje at eg tok i han. Eg fant ikkje noko synleg skader på han. Så eg la han på eit teppe framfor omnen, og der låg han heilt i ro og berre pusta tungt. For meg så såg det ut som han var påkjørt, så eg ringde til dyrlegen. Der kunne eg komme sinare på dagen, og dei timane gjekk veldig seint. Eg grein nokre tårer for Rasmus pusen som hadde det så vondt, og eg ville jo ikkje miste han.
Medan eg venta på at Bent skulle komme heim og me kunne kjøre så begynte han å røre litt på seg.
Han låg slik som på bildet, og ville helst ha fred og ro.
Me fekk han til dyrlegen og han undersøkte Rasmus, og tok tempen på han for sikkerhets skuld. Han kikka inni munnen, på augene og kjende på beina og magen, men det kjendes fint ut. Dyrlegen meinte at han hadde nok fått seg ein trøkk, og var forslått. Han gav han ei sprøyte med smertestillande slik at han ikkje skulle ha vondt. Utover ettermiddagen kvikna han til og ville spise, og om kvelden var han nesten seg sjølv igjen.fredag, juli 06, 2007
Våt fredag...
I dag silregnar det hos oss, men det er flott temperatur. Bildet over er fra plassen der søster mi feira 50 årsdagen sin. Sandbekken leirplass i Tysvær. Dette er heimplassen til pappa min, men nå er det kommunen som eig der. Det var nydeleg ver den dagen, og me var ute o kosa oss heile dagen og kvelden med:o)
I gå kveld var det nydeleg ver og så varmt at me kunne sitte ute på terrassen. Rasmus pusen vil helst sitte på rekkverket og ha oversikt med alt som skjer. Han er ein travelt oppteken pus, som er ute på farten heile dagane, og er berre innom av ogtil for litt mat og kos før det er ut igjen. Han kjem inn om natta for å sove, heldigvis, så veit eg kor han er då, ivertfall. Då hoppar han inn gjennom soveromsvinduet og byksar opp i senga vår.....
I går var eg og snakka med han som driv planteskule her i bygda. Me fekk eindel gåvekort derifra, og me skal plante hekk i kanten på plenen. Eg trur det blir Lauvbærhegg, den var fin og blank på bladene, og vintergrøn. Det skal bli godt å få skjerme litt for naboen....onsdag, mai 30, 2007
Snart sommar!
Eg hadde eit lite håp i går, at nå var sommaren komen her vest, og enda større vart håpet da eg slapp Rasmus ut kl halv seks i dag tidleg. Då var det sol fra blå himmel, men det skya til utover formiddagen, og har nå gått over i sur vind og regn*hmfr* Men med så dårleg ver hadde eg ei unnskuldning for å blogge litt...Min kjære eglar meg litt for denne blogginga mi. Eg har hatt totalt datafobi tidlegare, og har banna og lese så mykje over den maskina kvar gong eg ikkje har forstått noko. Men gje meg noko eg synest er kjekt, så løyser det meste seg *tjihi* Takk Malin:)
Rasmus pusen kosa seg ute på plenen i går ettermiddag. Han storkosar seg når folka hans er ute med han.
Eg har "om møblert" litt i bilda mine, her i trappeoppgangen til loftet, har eg samla alle bilder med svarte rammer.
I helga mala eg to nye malerier i akryl. Dette heiter "Lean on me" og er 50*50 cm.Ha ein fin onsdag alle som kikkar innom:o)
onsdag, april 11, 2007
Bordkort
Slik som dette trur eg bordkorta til bryllupet vårt skal bli. Hjarta tvunnet av metalltråd og perler. Eg trur eg skal bruke eit anna papir til namna, kanskje eit gjennomsiktig, me får sjå.Eg likar så godt hjarte forma, og det passar jo godt i bryllup. Eg vil ha det romantisk, men ikkje for søtt. Eg er ikkje så sukkersøt....
Det vert litt av ein jobb å lage alle desse, men eg får spør om hjelp. Eg har mange fingerferdige venninner, og alle seier dei kan hjelpe til, så då så:)
Rasmus pusen tar livet med ro, men at han kan sove slik med beina hengande over bordkanten, det skjønar eg ikkje. Men herleg er han:)søndag, april 08, 2007
Påskeoppdatering
Det har vore lite blogging med meg desse påskedagane, men eg har kikka innom på andre sine om eg ikkje har skrevet noko.Her er bilde av Akela, hunden til søster til min kjære. Dette er på langfredag der me var på fjelltur. Turen gjekk opp til Långåsdalshytta, ein tur på vel 3 timar opp og ned. Fin tur, men det var litt kaldt, og det snøa tilogmed....
Her er Rasmus pusen vår, og eg har sådd kattegras til han. Dette likar han faktisk veldig godt.
I går kveld hadde me mine tre søsken med sine bedre halvdeler på middag, sjølvsagt lammelår, siden det er påske. Me fekk påskeegg av søster min, fint, ikkje sant:)
I dag har me (eller Malin) laga invitasjonane til bryllupet vårt i sommar. Nokre av dei har me fått levert i kveld, nokre skal leverast i veka, og resten skal sendast i posten. Det vert mellom 80 og 90 gjester, så det vert spannande. Me gler oss veldig:)tirsdag, mars 13, 2007
Rasmus
han kosar seg når eg er heime, og det har eg vore siden fredag. Det var meininga at eg skulle reise tilbake til Notodden på søndags kveld, men magen min har ikkje vore heilt samarbeidsvillig dei siste dagane så då frista det ikkje å sitje 6 timar på bussen. Eg har jobba med rapporten fra praksis, er så å sei ferdige, og eg jobbe med ytringsoppgåva som skal presenterast neste veke. Eg kjeme vel i mål, men det er litt skrivearbeid igjen.Som de ser på bildet kosar Rasmus seg i senga vår, der har han sove i heile dag, luringen:)
Forrige helg eg var heime fekk eg lyst til å male igjen, så då vart det desse to bilda. Det øverste henger over senga vår, og det andre henger i stova. Det er kjekt å byte på det som heng på veggene avogtil. Bildene måler ca 70¤100 cm.søndag, februar 25, 2007
Ferieslutt
Rasmus pusen har ei utruleg evne til å alltid legge seg oppå det eg held på med. Han er fødd nysgjerrig, og må alltid undersøke svært nøye det eg held på med. Her er det stoff som ligg på golvet når eg klippet ut to skjørt, Hmmm, godt å ligge på.






