....er alltid kjekt,
og nå når eg har hatt fri nokre dagar har eg fått jobba litt med det.
Dette raude bilete er bestilt til ei bryllupsgåve.
Så får eg håpe at både dei som skal gi det, og dei som får det, vert fornøgde.
Biletet målar 70 x 100 cm, og er mala med akrylmaling.
Eg har også laga nokre collage bilete i str 20 x 20 cm.
Dette er noko eg likar å pusle med innimellom.
Her kan eg bruke alt mogeleg som bilete, tapet, maling,
sjablong som eg skjer ut i plast, noteark, avispapir, mm.
*
I collage kan ein bruke det ein har for hand eller har lyst å bruke.
Dette under er ei gåve til ei venninne.
Det er ho og mannen som er på biletet,
og så håpar eg ho vil like det:)
Det som er litt rart når eg lagar collage er at då brukar eg fargar
som eg vanlegvis ikkje brukar.
Då går det i duse, støva pastell fargar.
Eg brukar vanlegvis sterke fargar og mykje raudt i måleria mine.
Men det er nå kjekt å variere litt også da:)
*
Her i vest regnar me nesten vekk for tida,
men då kan eg vere inne med godt samvit,
og sy og male akkurat det eg har lyst til:)
Herleg.
*
Eg skal starte å jobbe på mandag på eit bufelleskap
for psykisk utviklingshemma, og jobbe ut Juli.
Det er både dag, kveld og nattevakter og helger,
og det er heilt greit synest eg.
Eg jobba der i fjor sommar også,
og har vore vikar dette året.
Eg likar meg godt,
og det er kjekt å jobbe og tene litt penger også:)
*
I morgon er det "prikkedag " i Haugesund,
og det har eg og Marie tenkt oss på.
Eg trur ikkje eg har vore på det, på 20 år.
Når eg var halvstor jente så var det fast tradisjon å reise
til by`n på dette med venninner når me hadde fått sommarferie:)
Skal bli morosamt å sjå om det er like mykje rare ting
som vert lagt ut for sal nå, som før i tida, hehe.
*
Ha ein fin dag alle saman.