Viser innlegg med etiketten sying. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sying. Vis alle innlegg

torsdag 7. juli 2016

Sommersett til 3- åring


Har sydd eit lite sett til ein 3åring
or Kattestoffet og den grå ribben kjøpte eg når eg var i Århus i påska, Stoffet til buksa har eg kjøpt i Florø,
 Mønsteret til t- skjorta er frå boka HS&J, mønsteret til buksa er frå Ottobre
Buksa er sydd i vanleg fast bomull stoff.

mandag 4. juli 2016

Sommerkjole

Fann eit nydeleg stoff som eg laga snurrekjole til eldste barnebarnet. Regnet hyljar ned ute så eg har tenkt å kose meg på syrommet i dag også. Har mye stoff og mange prosjekter.  

søndag 3. juli 2016

Sommerferie er sytid.

Har dei siste vekene hatt besøk av minste barnebarnet det har gitt inspirasjon til å sy litt sumar kler til henne







Sydde to bobyer med kort arm-.
Ein liten kjolebody med kort arm . Her har eg brukt stoffet til halskanting og kanting langs beina.



Så sydde eg tre små baby bloomer. Mønsteret fann eg her, www.vivtra.no  Dei er sydd i vanleg tynn bomull, No har eg klipt ein snurrekjole st, 6 år som eg skal jobbe med no.

søndag 28. februar 2016

To små sett til ei lita jente


Har laga to bodyar med bukser til ei lita jente, Kjekt å sy slike små plagg, Har funnet eit mønster som er lett og sy og som sitter godt på.
Håper på ein fin sundag med handarbeid. Ønsker alle ein fin sundag.

lørdag 13. februar 2016

Joggedrakt og gensar til ein liten gutt,


Har vore litt på sy rommet dei siste vekene dette er litt av det eg har laga- Ei lita joggedrakt til ein gut som liker å skrue. Han liker også godt Ole Brum Så eg håper gensaren fell  i smak.
.

søndag 31. januar 2016

Lue og dukkeklær i Frost stoff

 Hadde besøk av ei dukke mamma i nyttårshelg. Dukka hennar trengt litt klede i Froststoff stoffet er plukka ut av dukke mamma og det var bestilling på bukse, lue og gensar,

Sydde to nye luer til dei to eldste barnebarna denne gangen fora eg fri med fleece stoff.

lørdag 12. desember 2015

Litt sying siste veka.


Har i løpet av siste veka sytt litt småting
  Her er eit lite sett st.62 Stoffet blei kjøpt i Trondheim i haustferien har sydd litt frå det før og det er enno ein liten rest att. Mønsteret til bodyen er frå Ottobre. Mønsteret til buksa har eg kjøpt på nettet.
 Dette settet er restane frå kosedyr stoffet . Hadde ikkje stoff til armer og bukse så eg fann eit grått stoff som eg syntest passa i fargane. Einaste ribben som eg hadde som gjekk til alle fargane var svart, Er kanskje ein litt trist farge til til ein baby, men syntest det blei litt stilig.
 Dette stoffet kjøpte eg eigentleg til luer, men syntest det passa fint til buker til ei lita jente,
Så ein lita smekke og  ein tights st, 110 . Desse passer til dei to kjolane som eg viste tidlegare.
I dag får symaskina kvile litt. Eg har tre klassesett med halvdagsprøver i matematikk som må rettast før onsdag så det kjem til å ta mesteparten av fritida mi fram til då. Men blir vel litt strikking innimellom, Ønsker alle ei fin adventstid!


onsdag 9. desember 2015

Litt jule kos med symaskina

Forge helg fekk eg nokre fine julestoff hos mor mi som ho hadde i stofflageret sitt, Denne helga fann eg fram stoff + nokre frå mitt stofflager også. Eg hadde ei fin helg med symaskina. det einaste eg måtte kjøpe var det ansiktsfargastoffet til nisse fjes og hender.
Her er resultatet

 litt nærbilde frå to puter som eg laga fråeit stoff som mor mi hadde
 desse fann eg i eit gamalt jule blad synest dei var fine, Laga kvar si til dei to minste barnebarna,
 Laga to forkle med nissemotiv, eit st. 5år og eit str.2 år. mønstera har eg laga sjølv.
Dette stoffet med  nisse bamsar syntest eg var fint.

I dag har eg brukt dagen til eit heil anna handarbeid eg har laga rullepølser to av får og ei av hjort
Ønsker alle som stikk innom her ei fin adventstid.

mandag 30. november 2015

Har sydd litt denne veka

Denne veka har eg hatt litt tid med symaskina . Har kosa meg med å sy litt til barnebarna
 
 
 Desse små kjolane st.56 er frå Ottobre . Frå nest siste bladet.
Dei to røde kjolane er av eit velur stoff som eg kjøpe for eit par år sidan. fekk ikkje heilt fram den djup røde fargen. Fekk kjoler til begge jentene og ein liten vest til guten av dei siste restane.
 Mønsteret til vesten er frå eit Ottobre blad som kom ut for eit års tid sidan. Gullknappane fann eg i knappeglaset mitt. Så dei har kanskje vore brukt ein gong før.
.
Denne kjolen låg ikkje fint , Tok eit bilde når den hang men det vart uklart. Kappen er rundklypt , mens skjørtet under er trangt . Den er st. 110.

lørdag 21. november 2015

Eit lite sett str. 92

Denne helga er eg så heldig at eg ikkje har noko rettearbeid eller noko anna som eg må gjere , så i dag har det blitt sydag heim hos meg,
 
 
 
 Dette sette har eg sydd i dag, Stoffet kjøpte eg i Trondheim sist eg var der Mønsteret til buksa er frå boka Heilt spesielt og Jubel. mønsteret til gensaren er frå Ottobre.
 
Denne gensaren er sydd etter eit eit mønster frå Ottobre.


søndag 15. november 2015

Luer og dress



 Har sydd litt i løpet av helga det blei eit lite sett til ein toåring stort sett sydd av rester frå andre prosjekt. Mønsteret til buksa er frå bok heilt spesielt og jubel og dei andre mønstera er frå Ottobre blada.

Desse to luene har eg sydd slik at dei kan brukast på begge sider. Dei er sydd i bomulls jersey. Håper desse varmar godt i vinter.

onsdag 22. juli 2015

Eit lite sett,

 Har laga eit lite baby sett. sydd ei bukse og strikka jakke og to sett sokker. Sokkane under har eg laga kjempemange av dei sit svært godt på foten. Strikka dei fyrste sommeren for 39 år sidan, når eg gjekk og venta på at min fyrste fødde skulle bli fødd.
I dag har eg rydda litt i garnet mitt. Trur det må bli kjøpestopp ei stund no. Slik at eg får strikka opp litt.

søndag 5. april 2015

Kjole og hatt i ullfilt til prinsessa.

 I går laga eg ein kjole i ullfilt til prinsessa mi. Har hatt mønsterer og stoffet liggande lenge, men no måtte eg lage det. Mønsteret går berre til 5 år. Mønsteret er frå boka Handmade og mønsteret er laga av ei som heite Kari Nilsen.
 Trudde det var pirket og ville ta lang tid med alle applikeringane men det som faktisk var mest pirket var å klippe ut alle kronblada til dei to blomstrane.


Blitsen gjorde at fargen på lua blei litt lys. Synest lua blei fin, men er litt nervøs for at den ikke passer.

torsdag 5. mars 2015

Oppbevaring av strikkepinner

 
Har lenge tenkt at eg skulle lage meg noko til å oppbevare "strømpepinnane " i. Så i går hadde eg ei lita økt med sy maskina, Det beige stoffet på innsida er frå ei dyne der innmaten hadde klumpa seg saman etter mange års bruk og vask. Kasta fyllstoffet, men det beige stoffet som var utapå var så bra at det det tok eg vare på. Har til no brukt det til ulike bakstykke , som her på denne mappa.
 
Stoffet med dyr frå Afrika har eg hatt lenge i samlinga mi, utan å finne noko å bruke det til før no.
Ruller det saman   mappa og dreg ein " gullstrikk over.
Ønsker alle ei fin handarbeidshelg!

søndag 15. februar 2015

Barneklær i Frost- stoff



 Skreiv i forge innlegg at eg skulle bruke fridagen til å sy barneklær frå Frost stoff . Her kjem resultatet :
Denne joggedrakta  fann eg mønster i eit Ottobre  blad frå 2014. Det kvite stoffet har eg kjøpt på Stoff  og Stil . Frost stoffa har eg kjøpt på Etsy.com.
 
Dette er laga av resten av stoffet frå joggedrakta og ein liten rest stoff eg hadde att etter eit Quilte prosjekt. .
Denne kjolen er frå Helt Spesielt og jubel. Det blå ribbstoffet er frå Stoff og stil.

onsdag 11. februar 2015

Litt barneklær

Forge veke hadde eg ein sydag og dette blei til då:
 
 
 Mønsteret til denne kjolen fann eg i eit hefte frå Ottobre. Stoffet kjøpte eg på Stoff og stil. Det fiolett/ rosa stoffet er samme stoffet som på tunikaen nederst, Fargen er noko midt mellom , men mest lik den på tunikaen.
 Dette sette er frå boka Helt spesielt og Jubel, Svært gode mønster og lette og sy. Dette jersey stoffet kjøpte eg i Hamburg når eg var i Tyskland i haust.
 Liten gensar størrelse 86. Stoff  er frå Stoff og Stil
 
Her er ein lite tunika str. 110. Stoffet her er det samme som kjolen over. Den fargen som er på halslinninga og blomsten er den rettaste fargen. Er alltid vanskeleg å få riktig farge når eg tek bilder med blits.
 
Har kjøpt ein del stoff frå filmen FROST så no skal eg opp  på syrommet å sjå om eg får til litt klær av det. Veit at det er ei som ventar på noko frå den.
 
Ønsker alle ein fin onsdag med mykje godt handarbeid!


søndag 28. desember 2014

To nye sett

Har sydd kvar sitt sett til dei to små . Det er sydd i mørk lilla velur og oransje og lilla stripa jersey alle mønstera er frå bok Helt spesielt & jubel .
 
 
Her er knyte bukse  enkel å lage og svært god å ha på.
 
 
 
litt vanskeleg å få fram fargen, men fargen på dei mørke felta på kjolen er den rette faregen, dei lysare er slik på grunn av blitsen.
















Har hatt ei kjempefin julehelg . Vi har hatt  besøk av dei to yngste "barna" våre og eldstesonen med sambuer. I morgon kjem resten av familien. Men i morgon kveld reiser to av julegjestene vi får berre eit par timar med heile familien samla. Ønsker dere alle ei fortsatt fin romjul.