Viser innlegg med etiketten advent. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten advent. Vis alle innlegg

mandag 30. november 2009

Advent og ei travel tid

Eit livstegn frå meg. Eg har hatt nokre travle veker. Høgda på bunken med sakspapir nærmar seg 30 cm i forge veke. Så det vart mykje lesing og seine kveldar. Det toppa seg med mange prøver. No er eg neste ferdig med all rettinga. Så i morgon skal eg kose meg med å rydde og bake litt til jul.
Eg var og fann fram advents dukane mine i går + litt lys, men resten av pynten får vente til litt nærmare jul. Ser at lysa var skeive i lysestaken. Dei fargane som er på duken er heilt feil. Alt er rødlilla her , det som ser blått ut er mykje mørkare enn det andre, men samme nyansen. Lysa og dei mørke kulene har samme farge. Kulene sin farge er rettast.
Det fine naturbildet er teke frå stueglaset mitt mot vest. Eg tok det rett etter at eg kom heim. Her er snø og kaldt i dag.
Eg har strikka eit par par labber, medan eg les. Dei skal de få sjå seinare . Eg har lært meg korleis eg skal lage helen no så eg skal vise dere når eg strikker neste labb.

søndag 21. desember 2008

4.. sundag i advent.

Vi kalle denne sundagen for skolte sundag. Heime var det tradisjon og ha kokte tørka sauhovud til middag denne dagen. Og vi kalla den for skolte sundag. Denne tradisjonen har vi hatt med oss og vi spiser skolter siste sundag før jul.
No er alle " barna" mine komne heim til jul. i dag har dei hatt bakedag og laga pepper kaker. Så no er vi ferdig med bakinga for i år trur eg, må kanskje lage litt meir krumkake og kokosmakroner mellom jul og nyttår, ser det minkar fort.
Har og lagt inn eit par bilde som viser kor fint dei dekorerer pepperkaken



søndag 30. november 2008

1. sundag i advent.


Har vore på byen og sett på tenning av julegrana.
Har teke fram litt adventspynt. I går baka vi lefser. Dei tre siste åra har eg baka saman med mor mi. Prøver å lære kunsten . I år var datter mi med og. Vi hadde ein liten smakeprøve på dei til kaffien. Dei går litt i ett med fargen på duken.
Ønsker dere alle som titter innom her ei fin og roleg adventstid!