Viser innlegg med etiketten Lappeteknikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lappeteknikk. Vis alle innlegg

tirsdag 7. februar 2012

Ny løper og spisebrikker til kjøkkenbordet.

Eg hadde litt stoff att etter at eg laga nye kjøkkengardiner for ein del år sidan. Dette har eg hatt planer om å lage løpar til kjøkkenbordet av.
Eg tenkte no når eg hengde oppatt gardinene etter jul, at eg må lage løparen før gardinene er utslitt. Så i forge veke hadde eg meg ein tur på sybutikken og kjøpte stoff som passa til motiva på gardinstoffet. I tillegg til løpar vart det også stoff til 12 spisebrikker. Eg har laga 4 av dei, medan dei andre berre er klypt ut. Har enno ein del stoff att så kanskje det blir noko meir til kjøkkenet.
Hadde sydag lørdag formiddag så då blei desse til.
Ha ei fin hobbyveke alle sammen.



torsdag 19. januar 2012

Fleire strømper og ein ny handarbeidspose.


Har laga ein ny håndarbeidspose. Denne har eg brukt fløyelsband på i staden for blonder.Har også brukt fløyelsband som snor.


Har også strikka to par labbar. Begge para er strikka i Regia garn. Det med striper i gult, grønt, rosa og fleire andre fargar i Soft Color og det andre i "Fire farger". Soft Coller var eit utruleg mjukkt og varmt garn.

søndag 8. januar 2012

Litt ferdig handarbeid i veka som gjekk...

Svigerdatra mi ønska seg posar til handarbeidet så eg lova ho å lage. I jula var vi på Husflidsbutikken i Florø og kjøpte stoff, blonder og strykebilder. No har eg laga to poser til henne
Synest barnebarnet mått ha ein liten pose til sine ting også så eg laga den oliven grønne med gamelrosa band til henne.
Har også strikka litt labba i jula og no etter nyttår dette er eit par som eg strikka til eldste sønnen som blei med til Trondheim. Garnet kjøpte eg i Sverige i haustferien.
Tenkte og eg skulle vise litt bilder frå "utestua" vår som ble ferdig til jul, har jobba på den eit par år. Vi hadde ein loftsaltan som vi hadde problem med lekasje på så vi fann ut at vi skulle bygge den inn nå vi skifta tak for eit par år sidan. Vindua i forkant kan opnast slik at altanen er open når det er sommer og fint veir. Nederste delen blir då rekkverk og øverste tak.

Til slutt vi eg vise eit bilde som eg tok frå altane. Vi hadde nydeleg veir i dag. Eg og mannen min var på ein par timars tur ute i finveiret. Ønsker alle ei fin handarbeidsveke.

søndag 20. november 2011

Etui til rundstrikkepinner og nytt sjal

Fann to runde stoffbiter som kom frå ein kjole som eg hadde på 60 - 70 tallet. Såg at dette var ein fin størrelse til toppen på eit rundpinne etui. Har sakna eit slikt leng, det er alltid vanskeleg å få oversikt over rundpinnane som har lagt ned i ei skuffe. Fann det grønne stoffet i stofflageret mitt; synest det passa bra saman med stoffbitane mine.
Leita etter noko til for og glidelås, men det måtte eg på Florø Husflid for å finne.



Bak på innsida av etuiet har eg laga plass til å tre inn rundpinner, skal skrive nr. på kvar plass. Er plass til rundpinner frå 2 til 9 med alle halve nr. Så no skal det bli orden på rundpinnane mine.
Har sydd heile etuiet med hånd bortsett frå glidelåsen som eg sydde på maskin.


























Har strikka eit sjal til samme garn og samme mønster som det i svart og gråtoner lenger ned.Nærbildet viser dei rette fargane.

mandag 25. juli 2011

Toalettveske.

Har laga ei toalettveske . Alle stoffa er frå lageret mitt. Den er laga uten mønster. Laga to lommer på innsida av veska.


lørdag 11. september 2010

Sirkelsmekke


Såg desse smekkene på bloggen til Handarbeidsglede. Var ein kjem grei trinn for trinn beskriving der. Eg sydde dei av bomullstoff og på baksida hadde eg eit plastbelagt froter stoff.
Eg laga knapp på den eine og knyteband på den andre.

torsdag 27. mai 2010

Nytt handlenett.


Har sydd eit nytt handlenett i dag. Det var godt å slappe av med symaskina etter veker med retting og sakspapirer.

fredag 2. april 2010

Nye spisebrikker til påskebordet.

Eg har laga 8 nye spisebrikker til påskebordet.
Begynte på brikkene på mandag og hadde meg ein sydag på tysdag. Kos å ha tid til å sitte litt med symaskina.
Ønsker alle
EI GOD PÅSKE!

tirsdag 9. februar 2010

Grytelapper.

Kjøpe eit stoff med mange motiver på for eit årstid sidan. Falt fulstendig for desse kattane. Fann ut eg skulle bruke dei til grytelapper. Når eg tok fram att stoffet såg eg at det var mange andre fine motiv på stoffet. Eg hadde tenkt å lage to grytelapper med katter på, men fann ut at eg skulle bruke to ulike motiv. Desse har eg tenkt å gi til mor min. Fargane passer godt til hennar kjøkken.

torsdag 31. desember 2009

Ny løpar til nyttårsbordet.


Har hatt denne løparen liggande eit heilt år den mangla berre lukkekant. Fann liksom ikkje den lukkekanten eg hadde tenkt. Så i dag fann eg ut at eg skulle ta den som eg syntest passa best og sy på; slik at eg hadde ny løpar til i kveld.


No er kalkuna kommen i ovnen. Sønnen min held på å lage godteposer til julebukkane. Eg skal berre dekke på bordet med engler og lys i sølv farge. Så er vi klar for nyttårsfeiring her hos oss.
Ønsker dere alle ei fin nyttårsfeiring, og takker for alle kommentarer på bloggen i året som gjekk!

torsdag 3. desember 2009

To spisebrikker.

I dag har eg laga ferdig to spise brikker . Klipte dei ut og sydde kant rund motivet i fjor. Fann eit fint grønt stoff på sybutikken som eg syntest passa til lukkekant. Er ikkje heilt fornøgd med den lukkekanten , trur eg er litt ut av trening no.
No skal eg bruke resten av kvelden til kakebaking, fann i oppskrift på ein blogg som eg må prøve. Ha ein kjempefin kveld og ei fin adventstid fortsatt.

onsdag 2. desember 2009

Serviett holder

No er eg ferdig med serviett holderen som eg vant hos Rita R . Eg var ikkje heilt fornøgd med lukkekanten, men etter litt " dilling" så blir dei ok, men eg tek gjerne mot tips til å få hjørnet pent.
Oppdaga at lillafargen i blomsten var heilt lik ein av lillafargane i duken på kjøkkenbordet. Den mørkaste blåfargen er også i duken.
I dag tideleg var det ein nydeleg farge på himmelen, men batteriet til fotoaperatet måtte ladast opp så det tok ein time før eg fekk ta bildet og då var det meste av rødfargen borte.
Men eg legger inn bildet slik at de kan sjå litt av stemninga.


mandag 16. november 2009

Nye grytekluter

I kveld har eg brukt ein god time med symaskina. Det var kjekt å sy litt, har blitt altfor lita tid til det i det siste. Dette stoffet kjøpte eg i fjor før jul så det har leie eit heilt år snart. Til hempe brukte eit gullstrikk, det viser ikke så godt på bildet.

torsdag 24. september 2009

Serviett holder


Har laga ein serviett holder er nesten ferdig med to til. Var ikkje heilt fornøgd med lukkekanten elles så syntes eg den var grei og sy tusen takk for mønsteret Rita. Er neste ferdig med den eg fekk stoff til og.

torsdag 23. juli 2009

Pose til strømpebukser

Har laga to poser som eg har tenkt å henge i kleskapet mitt til å ha strømpebukser i.
Stoffet er i lyst beige med kvite små roser på. Falt for det stoffet, syntest det var søtt.
Har forelska meg i desse gamle bilda. Eg stryker dei på eit kvitt stoff før eg syr dei på. Eg legg ei blonde på kanten av bildet og syr alt på med maskin. Laga to ulike bunnar på posane likte best den med det store bildet.
Laga løpegang i toppen som eg tredde eit silkeband i . Alt som eg har brukt her er kjøpt på
Florø Husflid.

Hadde litt problem med å ta bilda. Det bles her, så dei ville ikkje ligge slik eg prøvde å få dei til å ligge.


onsdag 22. juli 2009

Nye spisebrikker

Har laga 5 nye spisebrikker. Klipte dei ut i vår ein gong. Eg sydde dei i går kveld. Mønsteret fann eg i Quiltemagasinet nr.1/08. Stoffet fann eg i stofflageret mitt. Kjøpte berre stoff til lukkekant. Det fann eg på Florø husflid. Spisebrikkene er laga til bordet på altanen. Har gule puter til stolane der.