I heitaste striden om freding av kjempeområdet Trillemarka-Rollagsfjell, kravde me rundt 150 grunneigarane at kulturminnene i området fyrst måtte registreras, for å visa kor aktivt forfedrane våre har bruka området! Trua vår var at ”ansvarlege myndighetar” da ville skjøna at "urskog"-begrepet som naturvernforbundet bruka på skogen her var total skivebom? Men til inga nytte, dette ville dei ikkje kosta! No, etterat vernet er innført, er det likevel pengar, og registreringar er komne igang. Ikkje det grann for tidleg -!
Eg har vori med som kjentmann eit par dagar. Det er masse å visa fram, både av tidlegare verksemd og av stadnavn, som ofte fortel noko om bruken. Til dømes
Kastet, ei steinrøys langs setervegen østafor Tjønnsetertjønn. Som gutunge hugsar eg så vel far sa at me måtte plukke med oss kvar vår stein, og kaste den på denne røysa når me gikk forbi. Kvifor det?
Frå ei skuleinnsamling av stadnavn i 1930-åra finns fleire segn, blant anna om dette kastet: "
På den staden som heiter Kaste, er det sagt at ein mann som drog høy frå setra, sette seg ned for å kvile. Så sovna han og fraus i hel. Når folk gjeng forbi så kastar dei gjerne ein stein bortpå. Solein er det no ei heil røys her."
No finns det fleire segn om kvifor denne røysa er her; - at dette var kvileplass ein gong dei bar eit lik heim frå setra - eller at ei jente eingong skal ha fått eit dødfødt barn her. Ja, dei kan alle vera sanne nok - kven veit? I alle fall var dette ein naturleg kvileplass når dei drog heim høy frå setrane på kjelke, for her var dei akkurat ferdige med dei lengste motbakkane. På bildet til høgre ser ein Øgnevatn i bakgrunnen.
Navnet
Tjønnsetertjønn er og litt rart, for her er inga seter som nokon kjenner til. Men i ei gamal segn fortel bestefar om at Bjørkesett, ei heimseter til Nord-Bjørge, vart ”utlagt” (nedlagt) fordi det spøkte så her. Så skriv han til slutt:
”
Elles er det nok fleire setrar her som er blitt utlagt nokonær av same grunn som Bjørkesett. Gamlevollane – litt vest for Minneskleiv - setrar under Skarpmoen, og Kjønnsetra i den gamle Hov, Bergan og Nessameiga, der vegen til Langsetrane og østmorkine går over – vart det på begge stader så brysamt og uhuglegt å vera at setrane vart utlagt.” Så forklaringa på navnet er grei nok. Gamlevollsetra har heller ingen visst kor var, før skogforskarar for få år sia fant tuftene.
Sjå
http://www.skogoglandskap.no/filearchive/storaunet_et_al_aktuelt_5_05.pdfAt det har vori seter her, er ikkje så rart, for her er gode vekstvilkår. I ein artikkel i det lokalhistoriske tidsskriftet ”
Under Norefjell” i 1985, står det at ”
Det i mange år lå en kjempestokk under et tekke ute ved Warhus på Modum... - Vi lar Engebret Hiåsen fortelle: ”Je veit`kje akkurat året, men de måtte vel vøri fyst i tjueåra. Grana vart høggi oppi Tjønnseterskoroa i Røllageige, rett vest for Øgnevatna ved den gamle seterveigen te Berjanroa i Røllag. De e` frå `n Kal Bjørnsen je har detta. Kal Bjørnsen va mann som høgg `o, han og n` Sigvart..... Han Kal og n`Sigvart hadde høggi ein heil dag på denne buska, så `o va stor, ser `u...”
Ved utløpsoset på Kjønnseterkjønn ligg
Kjøytehaugen. Navnet fortel at har det liggi ei kjøyte her - ei enkel skogskoie bygd av trevirke og jord, omtrent som ei same-gamme. Som regel kan ein sjå restar av ei pipe o.l, men her har eg ikkje funni noko, sjølv om eg har leita. Gunvald Bergan fortel at han hugsar far min og onkel Niri låg her og hogg tømmer. Kanskje låg dei da i kjøyta her, slik dei gjorde i 1930-åra i kjøyta heimom Svartetjønn, da dei låg der og hogg tømmer? Slik ser restane/pisten etter den ut.
På nordsia, omtrent midt på Tjønnsetertjønn, møtes to gamle setervegar. Stigen frå Bergan møter den stigen me gikk med sauer heimante, om Torsrudsaga og Gamlesett. Setervegen vår opp Tjønnseterlia var bratt og vanskeleg å finna. Ein gong me kom der, dreiv Ola Skuggerud (Våsedokk) og grov ny veg opp lia med spade og grev. Kanskje var det for tømmerkjøring, eller det berre var for å ha betre seterveg, - ikkje veit eg. Men resultatet vart bra!
Dette vart ein blogg med meir tekst enn vanleg, men når eg fyrst var i gang så... :)