Viser innlegg med etiketten Puter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Puter. Vis alle innlegg

tirsdag 8. juni 2010

Putejakt! Puteboks...


Sidan sola skin så trekker me ut. Ut til middag i hagen. Ut for å sjå ungar som plaskar i bassenget. Ut for å sitja ned å nyta livet. Så sit me der på møblar som burde vore mala. På benker og stolar som manglar puter.

Kvart år dukkar samme, gamle problem opp. Putene er ikkje her. Gone! Vekk!

Eg leitar. Eg trur at mannen leitar. Trudde. Inntil nyleg. Under middagen på vonde putelause benker ymta han frampå om noko eg hadde sagt i fjor. At eg hadde sagt at alle puter som hadde fått blåmann osv. berre kunne hivast... Har eg? Hmmm. Hukommelsen min er ikkje det den ein gong var, så eg haldt kjeft. Held fortsatt kjeft. Han har sikkert rett...kanskje. Diverre.

Nå skal eg derfor gjera ein ting. Eg skal på handel. Kjøpa ei sånn putekasse. Grunnen til eg ikkje har gjort det før er kun pga. putekassane sitt ytre. Slemt, men sant. Men nå skal eg vera så jysla fornuftig at eg skal kjøpa den førsta og besta. Da skal bli orden på puter og benkar! Hmmm... Kanskje.



mandag 28. mai 2007

Puter




Puter for kr. 25,- pr. stk. på JYSK. Eg fell for ting i blåe tonar, så dette var ikkje noko unntak. Str. på putene passa perfekt på "husbenken", noko som var ein ekstra bonus! :-)

søndag 22. april 2007

Fargar









Grått ute, men fargerikt inne! Litt fargar må nemlig til, inneblant alt det kvite. Kjellarstovo er eit sånt rom. Har endeleg fått skrudd saman det knallgula bordet som eg kjøpte på IKEA for 29,- kr. for 1 år sidan!!!
-----------------------------------------------------------------------------------------------------Veska var utgangspunktet for kva fargar eg ville bruka i rommet. Heldigvis lanserte IKEA på samme tid som me pussa opp, dei fargerike putene! Takk IKEA! :-)

onsdag 18. april 2007

Puter og prising































Ser bilete av desse putene i det siste BONYTT. Her er dei prisa til kr. 598,- (Verket Interiør). Kan vera ein trykkfeil, men viss det er tilfelle, så er det altfor dyrt! Mine kosta 349,- pr. stk. (Sæbøvik Gaver & Leiker).

Puter


Gjorde eit "putekupp" i går, på Glassmagasinet. 40 kr. pr. stk. Vil bli fine i hagen eller ein plass i huset, sånn som her!