Det er andre gong er har kjøpt nellikar i vår. Prøver å lika blomen som stakkars liten, har blitt ein "begravelsesblom". Eg ynskjer at nelliken får sin renessanse! Viss ein ser på eldre bryllaupsbilete, så ser ein ofte nelliken som brudebukettblom. Ein eldre skjønne mann (som sikkert ikkje lese bloggen min, men da gjere den kjekka dotter hans :-)!) kjøpte kvart år nellikar til kona si på bryllaupsdagen deira. Blomen var den finaste han visste, og minna han om brudebuketten deira... Var ikkje da rørande og skjønt!
Men fins det blåe nellikar? Det lurte eg litt på når eg såg desse i butikken. Heiv dei med meg likevel, innpakka med vatn og papir. Var jo 17. mai og Norge i raudt, kvitt og blått. Svaret er enkelt. Nei, det fins ikkje blåe nellikar (iallefall ikkje desse som eg kjøpte). Spraymala blåe nellikar fins derimot. Ettersom buketten låg litt henslengt i bilen, så vart litt ulikt anna også spraymala blått. Å dette var ikkje ting og tang som passa inn i kategorien raudt, kvitt og blått...
Konklusjon: Gjenfødelse av nellik: JA. Gjenfødelse av spraymala nellik: NEI.
Ha ein knallgode laurdag - gå i din lokale blomsterbutikk å kjøp deg nellikar - men kanskje utan maling... :-)
*Bilete i frå kaffibordet på 17. mai. Tine K vase med blåe nellikar kjøpt hos Ølen Møbler. Green Gate servise kjøpt på Sæbøvik Gåver og Leiker.