Viser innlegg med etiketten Kjøkken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kjøkken. Vis alle innlegg

mandag 27. september 2010

På kjøkkenbenken



LIQUID HANDWASH

Alltid kjekt med nye såper grunna fine emballasje.
Denne syntes eg var både tøff og fin.
Så fine at den har stått ubrukt i ein del veker nå... :-)

Ettersom eg aldri får tak i det blårutete House Doctor såpegreiene, så får vell dette duga.
:-)

H a   e i n   k j e k k e   d a g !

*Handvask kjøpt på frk. Lande. Krukker fra SGL. Løk frå Spar... :-)

onsdag 10. mars 2010

Gamle kjøkkenbilete


På leit etter nokre bilete kom eg over mappa som inneheld bilete av kjøkkenet vårt. Bileta vart tatt av meg i samanheng med at kjøkkenet
vårt var på trykk i bladet Vakre Hjem.

Sjølvsagt så vart ikkje alle bileta brukt, eller levert til bladet.
Nå har eg hatt nasa heilt i skjermen for å sjå gjennom heile bunken.
Knallartig å sjå kor små ungane var!
Tida går så fort...altfor fort!
*Det andre eg legg merke til med bileta er at kjøkkenet virkar så ryddig...
Det ser ikkje slik ut i kveld, for å seia det mildt! :-)


fredag 22. januar 2010

Styggfin





Møt min fantastiske lysestake! Den er verdens styggaste, men den absolutt finaste lysestaken som fins! Den er rett og slett  styggfin  ! Lysestaken kom i hus rett før jul. Firmagåve frå BO design & foto til sin ansatte -Meg!
Rart med slike kjøp. Noko ein synes var "ugly-bugly" for nokre år sidan, kan tala rett til hjarta nå! Trendene fyk avgarde. Personlig stil? Joda -men gu kor påvirka me blir (om me vil/bryr oss eller ei!). Den stygge lysestaken er brått blitt vakker! Eg elskar den!!!
Lysestaken vart kjøpt hos Berthas Oldebarn, saman med mykje anna... :-)



  Bilete er tatt på ein solskinnsdag med blå himmel -deilig! GOD HELG!

onsdag 11. november 2009

Feeling blue




Avsluttar dagen med nokre bilete frå kjøkkenet vårt.
Eller kanskje rettare sagt frå kjøleskapet vårt?
Hortensiaen i mugga, har fått lov til å overvintra, dog i tørka tilstand.
Så fine blå valørar i den, synes jo eg "som elskar alt det blåe..."
(og så fekk eg den songen på hjernen).
Den kviteTolix krakken har fått seg ein tvillingbror eller søster.
Treng ikkje lenger reisa langt for å kjøpa krakkar og stolar nå,
dei får du nemleg her.


God natt!
Zzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzz...

tirsdag 18. august 2009

Burleigh



Det er Den gode feen som er Burleigh dronninga :-), men eg har jo nokre eksemplar av arten eg og. Eg fell som eg har gjort heile livet mitt (heilt sant) alltid for dei blå valørane! Når eg er innom Room4More så kjøper eg som regel ei skål eller ein kopp, ettersom denne butikken har gode prisar på denne nydelige blå Burleigh merket/serien.


I går når eg fotograferte det nye blandebatteriet vårt, så tok eg bilete av desse to skålene som kom i huset ein gong i løpet av sommaren. Fargen gjer meg glad!

mandag 17. august 2009

Nytt blandebatteri



Endeleg har han far fått montert det nye blandebatteriet til kjøkkenvasken vår. Kjøkkenet vårt er jo ikkje så veldig gammalt, men så stor vask krev eit større batteri. Det rådet fekk eg når me kjøpte kjøkkenet, og det rådet burde eg ha fylgt! :-)
Blandebatteriet er kjøpt på IKEA.

lørdag 6. juni 2009

Klubben




Me er ein gjeng kjekke og travle damer som har verdens kjekkaste klubb (hehe, synes vel dei fleste om akkuratt sin klubb)! Men klubben vår er kjekk! Me ete, me tyte og me kosar oss. Her er ingen krav til kakebaking eller kaffikoking! Me kjem som me er! Å er nokon trøtt, så er det heilt lovlig å ta seg ein blund på sofaen -sjølvsagt!


Denne gongen var me hos meg, og det vart ingen tid for soving -tida gjekk diverre så altfor fort!


Bilete viser litt av maten som vart servert -me vart mette, denne gongen og! :-) Gler meg til neste gong!


God laurdag!

mandag 4. mai 2009

Kjøkkentankar

I går var me på søndagstur som så mange andre. Diverre er ikkje me bitt av gåbasillen... Me kjøyrte nemleg på søndagstur! At me hadde behøvd å gått, ja, så absolutt. Likevel, turen i går gjekk i bil. Opp og ned fjellsider, åsar og haugar. La oss kanskje kalla det sightseeing!?

På vår kjekke (var nemlig veldig koselig, iallefall inntil me krangla om rygging med eller utan speil! :-)) søndagstur stoppa me for blomsterplukking. At minstemann då var sovna i baksetet innskrenka blomeradiusen litegrann.
Men kvitveisane på bilete vart altså plukka i går (framfor bilen -dvs. venstre dekk). Nå står dei i tekanna/kaffikjelen min (frå House Doctor), som eg kjøpte tidleg i vår på Halsnøy.

P.S: Endeleg er bladhylla vår oppe på kjøkkenveggen! Fekk den til jul av snill svigerinne & svoger. Tusen takk! :-)

Ha ein gode kveld!

søndag 22. mars 2009

Og tulipanar til kvelds...


Viss dykk får ei kjensle av at me kun et blomar, så får eg berre sei: Ja, hadde det vore så vel! Vart litt imponert over at kveldsmåltiet vårt, faktisk matcha i fargar. Tulipanbuketten stod riktig godt til knekkebrødpakken. Den vart kjøpt kun på grunn av godt og tiltrekkande design. Viss dykk trur at eg kjøper kun mat innpakka med stil og eleganse (hahaha), så seier eg: Ja, hadde det vore så vel!
Pukka teen som vart innkjøpt i går, på MollyMo (Heiane Storsenter), matcha også. At eg då, som er svært lite glad i lakris og kokos, kjøpte den teen som innehaldt (ja, sjølvsagt) lakris og kokos...må nok kallast ein bommert. Ein får ta ansvar for eigne handlingar, men eg trur eg skylder dette (for meg) dårlige valget på min handlepartnar, Fru. Putti! :-)
Gode søndagskvelden til dykk alle!

English: Flowers for breakfast and supper! :-)



onsdag 18. mars 2009

Kjøkken på trykk i Vakre Hjem

I dag kom tre eksemplar av Vakre Hjem & Interiør heim til meg, tilsendt frå VHI. Litt sånn skummelt å kikka gjennom bladet, men også litt spennande. Bileta vart tatt i juni i fjor, så mykje har jo skjedd på dette kjøkkenet sidan då. Men, men...

Det er ikkje berre mitt kjøkken som er i bladet, men også Annettes Hus, som har denne bloggen. Så då er det altså to stk frå blogglandia som er på trykk! Det er jo gøy! :-)

Så viss dåke vil sjå meir, så løp å kjøp. Bladet kjem i butikkane i morgon!

Ha ein fin dag! Nå skal eg setta meg ned å sjå gjennom bladet fra byrjing til slutt...

tirsdag 24. februar 2009

Liten gris



Desse bileta er ikkje styla.

Dette er ikkje ein krigssone.

Dette er normalt.

Dagleg.


Her er middagsvisittkortet til Mr. Pompelomp. Mr. Pompelomp er ikkje min kjære mann. Han har heldigvis betre bordvanar. Mr. Pompelomp er vår kjære vesle son. Mammo sin gullgut. Mammo sin ramp. Definitivt mammo sin vesle gris!!! Så til dykk som synes bloggarar viser for lite rot og rask, her er mitt bidrag. Real life!

Å så får dykk berre tenka sjølv korleis guten ser ut etter eit lykkeleg middagsmåltid... Ærleg talt så hjelper ikkje blenda.

mandag 26. januar 2009

Egg & bacon


...eller ei cupcake? Her i huset blir det dagleg servert toast, pizza, rullekaker, muffins, frukt og masse anna snacks, vel og merka i tre!
.
Julegåva til våre to små vart ein suksess. Med suksess meinar eg ei leike som blir leika med kvar dag, og ikkje er populær i kun to minutt... På butikken MeMini i Haugesund kjøpte me kjøkken, bakesett med miksar, kakefat og kaker, frukostsett med brødristar, skiver, fat og bestikk. Må jo innrømma at det var av litt estetiske grunnar eg fall for dette minikjøkkenet frå Honeybake. Passar jo VELDIG godt inn med den lyseblåe SMEGEN...
At det var så kjekt, og vart SÅ populært kom som ein flott bonus. Til og med eg likar å leike med desse tinga! :-)

onsdag 2. april 2008

Best & Pest


























Best:

Kjøkkenet vårt er nok på dette tidspunkt det beste i huset vårt. Det lyseblå Smeg kjøleskapet er min stolthet. Sukkertøyet til ho mor! :-)

Er også veldig glad i stettefatet frå Riviera som me har alle oljene, diverse krydder og kvitlauken liggande på.

Så her fekk dykk endeleg sjå nokre bilete frå vårt kjøkken. Håpar at ingen blir skuffa, ettersom mange har venta på bilete. Vil berre seia at det fortsatt ikkje er ferdig, og dermed vil eg ta "skikkelege" bilete, når det er HEILT KLART (dvs. aldri).


Pest:

Back to 70-talet. Ja, det er badet vårt (og mange andre plassar i huset). Badet er så stygt at eg hoppar over det når eg viser nye gjester huset vårt! Egentleg betre om dei vaskar seg utomhus!Badet har grusom innredning. Pastellfarga, blomstrete plater som vegg. Flott lampe (ironi). Eg kan fortsetja, men viser dette. Finito.
Eng: Showing the best and the worst in our house.