Dette er, som veldig mange andre, innlegg for særskilt interesserte. Eg er korkje oppteken av høge besøkstal eller hundrevis av kommentarar (sjølv om kommentarar er veldig kjekt). Difor vert det av og til litt sære innlegg fordi eg brukar bloggen like mykje som leksikon/dagbok for meg sjølv.
Det var frustrerande i vår å sjå at sniglane likte riddersporane veldig godt. Det løyste vi med å spa røtene opp og ha dei i krukke. Og no veks plantene som berre det og det er kjekt. Eg håpar sjølvsagt på bløming, men det er berre bonus akkurat i år.
Staudene eg planta i vinter har det gått så ymse med. Nokre frøsortar har vore utruleg treige og alpeakeleie er ein av dei. Eg trur det er det som er i denne isboksa. Eg sådde frøa i slutten av januar så hastverk har ikkje denne stauda. Det er kjekt at det skjer noko iallefall, eg var usikker lenge om det kom noko i det heile.I mai sådde eg papirblomster. Nokre av spirene ser du her.
Og dette er erteblome, trur eg då. Eg har eigentleg ikkje heilt kontroll. Det går utruleg seint synest eg. Spørs om eg får noko glede av dei før hausten kjem.
Her har eg sådd kvit peonvalmue og dei skyt fart for kvar dag som går. Synest eg var ganske smart som ramma inn frøa med hyssing og ispinnar.
Myskmalvaen har endeleg tatt seg opp. Blar du deg bakover i innlegga frå mai finn du eit sørgeleg kapittel om mine sjølvsådde stauder.
Og dette er blå balltistel. Trur ikkje det er mange staudene som blømer i år, men så lenge dei overlever så er eg nøgd.
Høstvädd og blå polargull innimellom jord og gras som har spruta frå kantklipparen.
Kinesisk ridderspore. Trur det er tre planter som har overlevd og det går veldig sakte. Desse har spira sidan byrjinga av februar, eg er ikkje så imponert for å seie det slik.
Eplemynte som overlevde vinteren i denne krukka. Må minne meg sjølv om at eg må ta mynta i bruk i år, vart ikkje noko av det ifjor. Fantastisk bra å lage te av.
Må vise denne igjen. Multiblue klematis som blømer no. Den har sprunge meir ut sidan forrige innlegg. Ungane likar denne veldig godt.
Og forglemmegei som eg kjøpte på planteloppemarknaden i år har vekst seg større og fått fine, søte små blomar.
Det var ei lita oversikt for denne gongen. Eg har elles ikkje noko spennande å fortelje. Sola har snudd, det er litt vemodig, men det er lenge igjen av sommaren. Vi har vore så utruleg heldige med vèret, nesten ikkje regn sidan 22.mai eller noko rundt der. Fortsett det slik så skal eg ikkje klage. Det er ikkje ofte vi må vatne plenen og plantene fleire gongar i veka. Ha ein fin kveld.