Sider

Viser innlegg med etiketten retro. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten retro. Vis alle innlegg

tirsdag 20. august 2013

Lapp på lapp

 
Gøy å laga lappetepper og puter. Særleg når ein klipper opp gamle klede. Har brukt flees bak på teppet. Det er både tjukt og gir god varme.

tirsdag 30. juli 2013

Fint med Finn


Dette har vore ein handarbeidssommar. 
Og då meiner eg godt gamaldags arbeid som steintrappbygging i tillegg til lappeteknikk og anna småplukk. Slik får ein trent både finmotorikk og grovmtorikk. Aller mest nøgd var eg sjølvsagt med trappa. Det har også vorte auka opp til ein stor hellelagt gangveg og eit par trappetrinn til. Kjem nok bilete etter kvart, men regnet tok oss og eg måtte på jobb i byen.

Mor mi held fortet med litjpia og eit barnebarn til. Ho er fabelaktig grei, elsker å vera med barnebarna og er full av planar, turar og legg opp eit bra program for ungane.

Elles har eg tråla Finn på nytt og fekk tilslag på desse fine 50-talshagestolane. Med på lasset fekk eg eit par staudar frå bedet samt gamalt sengetøy, handdukar, eit par fat, nokre rullar tapet frå 50-talet mm. Vert litt småglad av slikt. No lurer eg på når eg skal få brukt det. Hm, berre det ikkje vart husafyll, men kjem til nytte.





torsdag 7. juni 2012

Lekker lampe


I dag har eg vore på ein av mine favorittkafebutikkplassar. Nemleg Patina på Evanger. Eg må alltid innom der dersom eg køyrer forbi og dei er opne. I dag skulle eg henta Litjpia som har vore på eit lite ferieopphald i Ulvik grunna streiken. Evanger er ca midt mellom Ulvik og Bergen.

Fekk oss ein kaffe og deilige smørbrød i solsteika i tillegg til å kunna suga inn den gode atmosfæra. 

På vegen klarte eg rett nok å irritera meg grøn over ein bil som laga kø. Det er lov å køyra sakte, men då må ein sleppa folk forbi når ein ser ein lagar kø. Denne bilen bremsa ned i 60 når den køyrde inn i tunnelar og når vi kom til stader der det var høveleg å køyra forbi så suste den opp i 80 og auka farten i det eg køyrde forbi. Arghhh....

Vel, vel, dette skulle jo handla om den nye lampa mi. Er den ikkje strålande vakker i all sin pastell? Lurer no på om eg må byta leidning også eller berre kontakt for å få den inn i dei jorda støpsla. Den fann eg hjå favorittkafebutikken min på Evanger. 


Ha ein strålande kveld.

mandag 3. oktober 2011

Hausttradisjon

Er det når noko har skjedd i alle fall to haustar på rad. 5 vaksne og 6 barn på plass på Tysso i helga. Denne gangen funka doen og regnet var bytt ut med indian summer. Fantastisk flott helg med gode, gamle vener. 

Det vart fiska ein lyr, makrell og brokkoli - squashen glapp av kroken. 
Late dagar på kaien, rosene vart klypte og ugrass luka av beddet. Då er eg nøgd.

Litjpia har gått sin fyrste fjelltur!!! Mor er imponert for det var mange trapper og langt å gå for ei jente på 92 cm. Sjølvsagt hjelper det godt å ha selskap av 5 andre flotte ungar som syns at det er gøy å leika med ei lita jente. 


Elles stakk eg ein kjapp tur innom Fretex i Åsane på vegen og fann endeleg eit nytt bord til stova som kan ta over etter det alt for låge forsamlingshusbordet som sto der frå før.  


lørdag 27. august 2011

Nostalgi og kongelig


Medan eg trottig strikkar vidare på eit sjal utan å ha så mykje å visa til så skal de få eit glimt frå oppgraderinga av kongesamlinga på do på Tysso. Huset er jo frå 1889 så vi tillet alle kongelege som har vore konge av Noreg sidan då. Mor mi har vore på skattejakt og funne bilete av den gamle svenskekongen. Er det han frå sardinboksane tru? 


I tillegg eit ganske nostalgisk og lekkert forlovelsesfat av kongen og dronninga for over 40 år sidan. Ja, i år vert altså Märtha Louise 40 år den 22. september. Korleis veit eg det? Hah, jo fordi besteveninna mi då eg gjekk på barneskulen var født same dag - på ein offentleg flaggdag. Mykje moro med det. Eg missunte ho eigentleg den litt.


Kvar sumar er det dessutan marknadsdag på Tysso. Der kan ein finne mykje fint. Aktivitetar for ungane, lotteri, sal av handverk og loppis. Kom neste år.




søndag 3. oktober 2010

Lillestakken i ny versjon

Eg er fan av Myk start og denne kjolen har eg strikka til Litjpia også. Ho er ein liten toåring og har framleis glede av kjolen i storleik 9-12 mnd. 

Denne gongen har eg strikka til ei lita vakkerdokke som også var veldig lita då ho vart fødd. Ganske så nøgd med dei graderte stripene som gir eit litt retro preg.

Eg har nytta alpakkaull. Det er nok ein av mine favorittar av di eg elskar den mjuke kjensla.

mandag 12. juli 2010

Dokkestova er ferdig!/the doll's house is finished

I sommar har dr Løkeland vorte konvertert til snekker Løkeland, og eg er mektig imponert over meg sjølv. Skryt mottas med takk. Då eg var lita ville eg gjerne verta snekker, men interessa dabba av ein gong på barneskulen. Det er sikkert difor nærare 30 år sidan eg har svingt meg så veldig hardt meg sag og dets like. 

Det viste seg derimot at bjelken ved inngangsdøra og ein del av bordkledinga var mildt sagt pill rote. Pulverisering er vel riktigare å kalla det. Så då var det tvingande nødvendig å gjera noko. Det eine tok det andre og då vart det litt meir omfattande enn eg hadde tenkt. No står i alle fall dokkestova ferdig. For augneblinken har vi litt provisoriske sitjearrangement og er på leiting etter noko i meir passande storleik.

I have impressed myself this summer by entering into carpentry while converting the old outhouse to a dolls house. It turned out the beam and some of the outer boards were completely rotten and at a stage where they were falling apart so one thing led to another and dr Løkeland war converted into Løkeland the carpenter. 

søndag 20. juni 2010

Fjongt og reint på hytta til sommarferien/Spick and span in time for summer holiday

Sommarferien står for døra, og eg har ikkje gidda å planleggja meir enn at eg skal på hytta. Vi får dessutan selskap av mine to nieser på 9 og snart 7 samt mor mi som vanleg på desse tider av året. Faktisk har eg hatt dei på ferie sidan ho eldste var 15 mnd gamal. Mor mi hadde stort sett vaktarbeid så eg måtte både stå opp og leggja det vesle vidunderet. Ein skikkeleg elddåp. Trur eg byrja kveldsstellet 10 min tidlegare for kvar dag som gjekk. Men både ho og eg overlevde, og tok ikkje skrekken.

Onkelen min skal no flytta inn og ta over huset etter besteforeldra mine så det var på tide å tømma kott og skap før han kjem med sitt eige flyttelass. 

Det er utruleg kva eit hus kan romma, og artig å sjå kva for skattar og gamle minner som dukker opp. 

No har eg frakta ting heim og i dag tok vi turen til Tysse for å gjera klårt huset og hagen. Det var mildt sagt overgrodd etter kvart i hagen.

Kottet til bestemor og bestefar er no tømt for gamle filleryer som de kan sjå biletet. Nostalgisk og praktisk. I tillegg fann eg den fine vesle hylla gøymd bort i kjellaren.

In due time my mum and I went to the cottage today to prepare everything before the summer holiday. We always spend at least a week with my nieces. Since the eldest who is now 9 years old was 15 months I have looked after her for at least a week. The first summer I started preparing her for bed about 10 min earlier every day. Ha, ha, both she and I survived and it didn't stop us from doing it again every year to come.

We have also brought a lot of stuff from my grandparents house. I love the old mats and nick nack.

tirsdag 16. februar 2010

Herlege 50-talet/ The lovely 50'ies

Eg har verdas beste naboar både over og under. 

I etasjen under bur Wenke. Vi har klart å adoptera ho som bestemor til litjpia. Dei fleste har jo i utgangspunktet to bestemødre og no har også litjpia fått si bestemor nr 2. 

Besta (altså Wenke) er også ein superstrikkar av rang, og det er kanskje ikkje ei sjel i Narviksområdet som ikkje eig eit plagg som ho har strikka. I tillegg så har ho sydd ein heil masse i si tid og har også ein vev som ho håper snart kan koma opp og stå.

No har eg også fått låna av besta sitt mønsterarkiv. O'la,la. 

Her er det mykje inspirasjon å henta. 
Diverre har eg ikkje noko scannar så de må ta til takke med foto av heftene.

Noko av det beste er jo bilettitlane. Dette heftet frå 1957/58 er min store favoritt.

Sjekk desse overskriftene:
Se hva mamma har laget.
Våre forfengelige små døtre (er det dei eller vi som er forfengelege?)
Korrekt og kokett (ein vinnar spør du meg)
Ramsalt sjø og lys sommerkveld

I have perfect neighbours. We have adopted the woman downstairs as a grandmother. She is a knitaholic with a huge production of wonderful mittens, jumpers, dresses etc. She also used to sow and weave. It turned out she also has this wonderful collection of old patterns that she lend to me from the 50'ies. Have a look! Unfortunately I don't have a scanner and had to photograph the pages instead. 

søndag 13. september 2009

Retro lampe



I helga har det vore Matfestival i Bergen. Heile Bryggen var fyllt av Bondens marked og kortreist mat. Eit herleg konsept. Då hadde også Bryggen kunstskole loppemarknad for å samla inn pengar. Eg snubla tilfeldigvis innom og sikra meg 6 nummer av Starlett frå 80-talet og eit Penny pocket. Mimre, mimre. Der fann eg også denne herlege lampa som berre ropte på å verta kjøpt. Då eg spurte kva dei skulle ha for den så sa ho som styrte loppemarknaden;"Er du villig til å betale (og her såg eg for meg nokre hundre kroner) - 50 kr?" Eg var i sjokk, hæ 50 kr! Det var jo alt for lite for ei så fin lampe så eg høyna til 200kr for ei god sak. Er det ikkje samde i det? Måtte liksom høyna statusen til lampa mi litt. No må eg berre skaffa meg ein litt lengre ledning før eg får hengt den opp på kjøkenet, men er så nøgd at eg berre måtte leggja ut nokre bilete med ein gong.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails