Viser innlegg med etiketten Quilt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Quilt. Vis alle innlegg

onsdag 22. mai 2013

Babyteppe

Forrige helg var ei skikkeleg festhelg for storfamilien. Konfirmasjon på laurdag og barnedåp på søndag.

Konfirmanten fekk hekleteppet frå forrige innlegg, dåpsbarnet fekk eit lite lappeteppe.

826eef9ebb3111e2b70422000a9d0df6_7

Denne gongen ville eg lage vindmølle-lappar (eller pinwheels som det heiter på utanlandsk).

Har laga nokre babytepper etterkvart, så eg hadde nokre lappar i mønstra stoff liggande, måtte berre lage nokre få nye. Heldigvis hadde eg akkurat nok av det kvite stoffet til å få laga dei vindmøllene eg trengte.

077b

075b

080

082

120b

Lots of celebrations in my family this month.

This sunday was the christening of my youngest nephew. I made him a baby quilt.

This time I wanted to make pinwheels again. I've tried them once before and they're fun to make.

I used fabric from my stash. Patterns in all colours (except pink and purple…) and luckily I had just enough of white fabric to make the pinwheels I needed…

lørdag 11. mai 2013

Sengeteppe

Eldste tantebarn vart konfirmert forrige helg. Vi drog på langtur for å feire henne. Og sidan forrige helg starta med snøkave, blei det ein ein litt ruskete start på turen (men vi hadde vinterdekk, så det gjekk bra).

d429fd56b3e811e2816b22000a9f17df_7

487edc8cb3f111e284b222000a1fbcf6_7

Eg har liksom hatt planar om at tantebarna skal få noko heimelaga til gåve, eit slags teppe. Denne gongen blei det eit sengeteppe.

013

d93ecda0af4011e2979522000a9f309d_7d861fa60af0411e296ca22000a9f0a36_7

Eg var litt redd for at eg starta produksjonen litt for seint, men heldigvis hadde vi fri 1. mai… Det vart den store sydagen.

349b2976b26311e29ebd22000aaa21ed_7

Lukkekanten, som må syast for hand på baksida, sydde eg i bilen på veg ned og siste kvelden…

2849d3acb3ee11e296c022000a1f980f_7

Eg bestilte nokre nye stoff (frå utlandet), resten fann eg i lageret mitt. Neste gong bør eg hugse på at slike tepper også har ei bakside… Eg hadde ikkje store nok stoffbitar til å fylle baksida, så det vart mange lappar der også…

034

035

038

It was my oldest niece's confirmation last weekend. It was a 12 hour road trip to get there…

I had planned to give something handmade, and I decided to make a quilt for her bed. I used fabric from my stash and some new that I ordered. Next time I must remember that the quilt has a backpiece when I order farbric. I forgot that this time, so I didn't have large enough pieces of fabric to go on the back. So I had to patch together pieces of what I had here.

I'm quite happy with the end result.

mandag 11. juni 2012

Babyquilt igjen

004

Endeleg ferdig med dåpsgåva til Samuel! (Dåpen var altså 29.april…)

Prøvde eit nytt mønster som var minst like artig som sikk-sakk mønsteret i forrige dåpsgåve.

Og guten ser ut til å vere fornøgd.

samuleteppe

I finished my nephews quilt. It was a gift for his christening, April 29. So it was time to get it finished…

He seems happy, and matches the quilt!

mandag 9. april 2012

Babyquilt

Påskeveka starta med barnedåpen til minste niesa. Ho fekk eit lite teppe frå meg.

Det var jammen på tide å ta fram symaskina igjen.


Og eg fekk gjort eit lite innhogg i stofflageret.

Artig var det også å prøve sikksakk-mønster for første gong.


We started the Easter holidays with the hcristening of my little niece. I made her this little quilt.
It was time to use the sewing machine again, and to use some of my fabric stash.
And it was fun to try out the zig zag pattern.
post signature

mandag 29. mars 2010

Eit lite teppe

DSCF2596

Endeleg har symaskine vore i aksjon igjen. Eg har laga ei forseinka dåpsgåve til minstenevø.

Eg gravde litt i stofflageret og fann fram til ei fin blanding. M.a. det kule bilstoffet frå Japan (Echino).

Dama på stoffbutikken tipsa meg om lim på boks. Det var fiffige saker. Eg slapp å dille med hundre sikkerheitsnåler under quiltinga. Berre spray på og stofflaga sit fast – og limet forsvinn av seg sjølv etter ei stund.

DSCF2612 

Eg klatra opp på bordet for å få mandagsbildet mitt…

DSCF2600

Og her er heile teppet.

DSCF2603 

Lillemartine-stoffet var ikkje heilt det beste for baksida. Det strekte seg ein smule under quiltinga. Men alt i alt blei det ganske beint.

DSCF2606

Og sjølvsagt har eg merkelapp for tanteprodukta…

DSCF2609 

Eg prøvde meg med lukkekant i mange fargar denne gongen. Neste gong skal eg måle og planlegge litt betre, slik at det ikkje blir berre 2 cm av ein farge på slutten.

--------------------------------

 I made this quilt for my youngest nephew.

lørdag 27. juni 2009

Q

Ikkje så mykje å velge mellom på bokstaven Q.

Det bli quilting for meg også.

bm quilt

Eg har laga nokre tepper. Nokre av dei er litt juksequiltar, med lappe-farmside og fleece bak (og ikkje forside+vatt+bakside som i ein skikkeleg quilt).

quilt - ferdig

Eg har mest quilta teppa mine med rette linjer, men ønsker å bli flinkare til frihandsquilting. Det har eg berre prøvd meg litt på, rundt kanten på miniquilten under her.

 2009_03110006

Fleire innlegg om Q finn de her.

torsdag 12. mars 2009

Det var vår i går…

2009_03110003

… men ikkje i dag. Spennande å sjå korleis det blir i morgon. Har planar om å bruke Sylvi-kåpa igjen. Ho har ligge til tørk i fleire dagar no etter skylling og blokking. Det var nesten litt skummelt slik jakka sugde vatn, følte alle delar strekte seg ein halv meter minst.

Det blei ikkje fullt så utstrekt til slutt heldigvis, men jakka er større no, og perlestrikkinga ikkje fullt så “stretchy”. Kanskje eg hadde klart meg med pinne nr 7 likevel…

2009_03110006

I går sydde eg ferdig dokkequilten min. Litt usikker frihandsquilting rundt kantane, men dette skulle vere eit prøveprosjekt så då får det vere slik. Teppet er bitte lite, kantar på ca 35 cm.

Her har de eit prosjekt for våren (uansett når han kjem):

Cykelsadel2Cykelsadel3

(bilde frå Hendes Verden)

Hekla sykkelsetetrekk. Absolutt noko for min sykkel.

Oppskrift finn de i Hendes Verden.

-------

We had lovely spring weather yesterday, but today it was back to snow. Hoping spring will be back tomorrow.

Maybe I should do some spring crochet for my bike.

tirsdag 3. juni 2008

Q for quilt

Endeleg har eg prøvd meg på skikkeleg quilt med vatt og bakside (ikkje berre fleece, som eg har gjort før). Denne vart laga etter bestilling. Eg måtte finne fram alt eg hadde av beige etc.
Eg likar å ha system på ting, men her har eg prøvd å vere veldig usystematisk når eg la utover lappane. Neste gong kan eg kanskje ha litt system på lys/mørke fargar. Det blei litt opphopning enkelte stadar her ser eg.
I just finished this quilt. For the first time i've done it properly (not cheating and using only fleece).

lørdag 24. mai 2008

Sengeteppe

Skal også bli ferdig med eit sengeteppe no i helga. Tenkte det måtte vere passeleg MGP-arbeid...

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails