Då er vi ved den siste bokstaven i denne ABC-runda. Petunia svingar i gong med ei ny runde neste fredag, så det er berre å gå bort dit og henge seg på.
Eg har vore vekke i helga, så eg er litt seint ute med Å-en min.
På Å fann eg ut at det kanskje var på tide å leite fram eit stakkars åkle som har budd innpakka oppå eit skap dei siste 12 åra.
Åkle er eit mønstra, vevd teppe som tidlegare blei brukt som sengeoverkast (og anna) på bygdene. Mønstra varierte frå bygd til bygd. I nyare tid vert dei vel helst brukt som pynt.
Tidlegare i handarbeidskarriera mi (sånn for ca. akkurat 20 år sidan…) tok eg eit år på teikning, form og farge/vev (vgs).
Då laga eg eit åkle til meg sjølv. Kopierte mønsteret frå ei bok, men fann på fargane sjølv.
Og som de ser var dette i den lilla perioden min. Som dessverre berre varte i 2-3 år då… Eg hadde nok valt andre fargar skulle eg laga eit nytt no. Og kanskje kan det bli eit nytt ein gong. Eg har nemleg arva vevstolen til farmor.
Her finn de dei andre inlegga om Å.