refleksjon (av lat., jf. reflektere). 1. Tilbakekasting (av lyd el. lys); avspeiling, gjenspeiling. 2. Ettertanke, overveielse. Gjøre seg sine refleksjoner, tenke sitt. frå www.caplex.no.
lørdag 24. september 2016
DAYS LIKE THIS...
onsdag 5. august 2015
tirsdag 14. april 2015
Dwór Oliwski
Dwór Oliwski.
onsdag 15. oktober 2014
Hit, men ikkje lenger...
Du får sjå, men ikkje røre.
Hagen er stengt på ubestemt tid.
Ein dag kjem han som kan opne låsen.
Går inn gjennom porten..
Bryt ned alle stengsler..
Han seier:
Velkomen min venn!
Kom inn!
lørdag 29. desember 2012
Romjulsdagar
Romjulsdagar..
Stille og gode..
Men også litt stress..
Det er alltid nok å gjere i ein heim som ein absolutt bør gjere når ein har fri.
Romjulsdagar..
Snøen kom og snøen drog..
10,5 grader den 29.12.12!
Romjulsdagar..
Må vere litt sjukepleiar når influensa rammar.
Godt å få vere til hjelp, men vondt sjå andre har det vondt.
Men det går over..
Romjulsdagar..
Går visst litt for fort..
Snart Nytt År!
Snart kvardag igjen..
Korleis er dine Romjulsdagar?
tirsdag 3. april 2012
Nede snøva
Slik går det når ein trur på våren litt for tidleg..
Dette bilde tatt 3.april 2012 talar sitt tydelege språk:
Her har eg skrytt over kor godt det er når vårsol i bakkane blenkjer osb..
og så vakna vi opp til full vinter natt til laurdag. Litt av ein nedtur :-(
Og etterpå har det berre snøva og snøva.....
Då er det om å gjere å finne det positive med det:
1. alt er så kvitt og reint..
2. slepp å gjere hagearbeid no når eg har ferie ;-)
3. at den som elskar snø får leike seg litt til
4. og at eg får oppleve at våren kjem ein gong til :-)
...........................................................
I desse dagane merkar ein at vi bur i eit langstrakt land, der været varierar enormt. Så får vi gjere det beste utav det uansett sol, regn eller snøvær!
onsdag 3. november 2010
Himmelsk Glød
Det er tid for Himmelsk igjen hjå Petunia.
Denne gongen vil eg vise eit Himmelsk bilete som vart tatt på ein tur vi hadde i haust.
Slike vakre kveldar må nytast...
Fleire Himmelske bilete er å finne hjå Petunia...
For dei som enno ikkje har fått tid til å skrive eit Novemberdikt,
det er fortsatt tid igjen.
Sjå innom her og legg igjen ditt bidrag.
Takk til alle som alt har gjort det. Eg er mektig imponert!!
lørdag 31. juli 2010
Slekt skal følge slekters gang
Ikkje alle kveldar har vore som denne..
Men dei som har vore gjer at ein minnast tider som var..
Eg tenkjer på foreldra mine som såg sola
gå ned bak desse fjella i mange, mange år..
Barndomsheimen min, der eg bodde i 16 år..
Der fekk eg mine fyrste erfaringar i livet..
Eg er SÅ takksam for alt dei lærte meg og
alt dei gav meg som livsvisdom..
Dei har vore med å forme meg til den eg har blitt..
No er eg eldste gjenerasjon og den som må gi mine
born visdom til si livsreise..
Dette fekk tankane mine til å streife innom ein sang
som dei fleste tenkjer høyrer til i Jula..
Men den er like sann i Juli :-)
......................................................................................................................................................
Deilig er jorden
prektig er Guds himmel
skjønn er sjelenes pilgrimsgang!
Gjennom de fagre riker på jorden
går vi til paradis med sang.
Tider skal komme,
tider skal henrulle,
slekt skal følge slekters gang;
aldrig forstummer
tonen fra himlen
i sjelens glade pilgrimssang.
Englene sang den
først for markens hyrder;
skjønt fra sjel til sjel det lød:
Fred over jorden,
menneske fryd deg!
Oss er en evig Frelser født!
søndag 25. juli 2010
Sjarmerande sommar ♥ ♥ ♥
fredag 23. juli 2010
torsdag 22. juli 2010
Rekord!!!
fredag 28. mai 2010
onsdag 7. april 2010
Eit godt kjøp
Ikkje for å drive reklame altså ;-)
Men i fjor sommar gjorde eg eit godt kjøp...
Har ikkje angra ein dag!
Sjå kor fin han er:
MIN EIGEN SYKKEL!
Den skal bli mykje brukt denne våren...
Det å suse avgarde på denne gir
GLEDE og GODT SAMVIT!
søndag 1. november 2009
Maria
onsdag 29. juli 2009
Jeg vil male dagen...

Sjukdom og andre ting ein ikkje kan rå over har gjort den annleis enn eg trudde...
Dagane blir kortare og natta blir stadig mørkare.
Det er Olsok og ute har det regna.
Snart er kvardagen her...
Kanskje til å deppe over?
Eg har ofte høyrt uttrykket:
Ikke hvordan du har det, men hvordan du tar det!
Då eg googla dette uttrykket fann eg ein flott artikkel om nettopp dette.
Og der stod blandt anna:
"Vi kan ikkje sjølv bestemme kva som skal møte oss i livet. Men vi kan bestemme korleis vi vil reagere på det vi møter."
Kanskje dette må vere hausten sitt nye motto?
Difor fann eg dette diktet som eg vil dele med dokke.
Jeg vil male dagen hvit,
tirsdag 14. juli 2009
Ferie
Far min har alltid sagt at ferie er å gjere noko anna enn ein gjer til vanleg...
Tja, til vanleg er eg på arbeid i ein barnehage. No er eg fri frå det.
Alt dette andre som å vaske hus, klede etc. det blir ein ikkje fri frå. Men det at eg kan gjere alt dette: Stå opp om morgonen, lage frukost, gi omsorg til familien.
Det kan eg fordi eg lever og er til. Lever og er til fordi eg er Skapt.
Salme 139
Ein Davids-salme.
1.Herre, du
ransakar meg og kjenner meg.2 Anten eg sit eller står, så veit du
det, langt bortanfrå merkar du mine tankar.3 Anten eg går eller ligg, så
ser du det, du kjenner alle mine vegar.4 Ja, før eg har eit ord på
tunga, veit du det, Herre, fullt og heilt.5 Du kringset meg på alle
sider, du har lagt di hand på meg.6 Det er for underfullt til å
skjøna, det er så høgt at eg ikkje kan fatta det.7 Kvar skal eg fara frå din
Ande, kvar skal eg røma frå ditt åsyn?8 Fer eg opp til himmelen, så er du
der, og reier eg lege i dødsriket, så er du der òg.9 Tek eg morgonrodens venger
på og slår meg ned der havet endar,10 så fører du meg jamvel der, di høgre hand, ho held meg fast.
11 Og seier eg: «Lat mørkret løyna
meg og ljoset ikring meg verta natt»,12 så er ikkje mørkret for mørkt for
deg, og natta er ljos som dagen, ja, mørkret er som ljoset.13 For du har skapt mitt
indre, du har vove meg i mors liv.14 Eg takkar deg fordi eg er
skapt på skræmeleg underfull
vis. Underfulle er dine
verk, det veit eg så vel.Fordi eg er skapt av han som er Skaparen lever eg og er til...
Det gjer det godt å leve, det gjer det godt å ha ferie....