Viser innlegg med etiketten Kjærleik. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kjærleik. Vis alle innlegg

onsdag 12. juni 2013

Du er unik




Det vil komme
En ny dag,
Et nytt år,
En ny vinter,
En ny vår,
Men aldri flere som deg..
Du er unik!
Glad for at du finnes!

(Fra dikt.org)



Ei av dei eg har blitt kjent med dei siste åra kjempar sin livs kamp i dag.
Krefta tærar på henne.

Ein vert så utruleg satt ut når nokon ein er glad i har det så vondt.
I natt vart ho igjen lagt inn på sjukehus med store smertar.

Ho har ein blogg som formidlar tankane hennar frå ho fekk kreft.
Besøk gjerne ULSTADTAUSA.

Og til dokke som ber, be for Torill og familien. Det set dei pris på.

søndag 19. august 2012

♥-gåve

Armband2_2.jpg


Bilete lånt frå hjerter.no

Endeleg fekk eg tid til å kunngjere Gi bort vinnaren :-)

Ei liknande -gåve vert sendt til den som vart uttrekt i 3 års Jubileums Gi borten min.
Eg likar svært godt desse produkta som Hjerter AS lagar. 

Eit flott armband med eit lite hjerte  og eit stort hjerte .

Eit lite hjerte : symboliserar det vesle barnet.
Eit stort hjerte : symboliserar den vaksne som har omsorg for det vesle barnet.

Eit lite hjerte : symboliserar meg som litt usikker kom inn i bloggverda.
Eit stort hjerte : symboliserar alle dokke som kommenterar og les det eg skriv. Takk!

Men mest av alt:

Eit lite hjerte : symboliserar oss små menneske.
Eit stort hjerte : symboliserar Jesus som ynskjer å vere vår Frelsar og venn.

.................................................

Og random.org har trekt ut:

Nr.10 av dei 49 som kommenterte.
Og kven var det?

Gratulere til
 GundaM

Sender deg eit armband så fort ho som selge dei her i området får inn nye produkt.

...........................
Og til alle dokke andre -takk for at dokke ville vere med på
Gi borten min..
Skulle sendt alle eit

............

onsdag 8. august 2012

Je T'Aime (I love you)


Kjære mannen min!
Takk for fin feiring av 25 års bryllaupsdagen vår!
Takk for at du fortsatt vil vere min!

Je T'Aime (I love you)

tirsdag 14. februar 2012

Valentinsdag / Alle hjerters dag

VALENTINSDAGEN eller Alle -dag, 
som den også vert kalla, feirar vi 14.februar.

Det er dagen for å feire romantikk og kjærleik.
Dagen har vore feira sidan 1600-talet og har sitt utspring i myta om den
heilage Valentin.
Valentin vart fengsla og trua til fornekte si tru, Kristendomen,
men han nekta og vart steina til døde.
Før han døde skreiv han eit avskjedsbrev til kjærasten sin Julia 
der han bad henne om å fortsette å tru på Gud. 
Han undertegna med «… frå din Valentin».


Mange feirar dagen med å gi noko fint til ein venn eller til
kjærasten sin.

Her har vi feira dagen med herlege vafler til kvelds.
For å gjere dei ekstra sunne "lurte" eg litt havregryn i røra.

Her er den perfekte Vaffeloppskrift :-)





mandag 8. august 2011

Å vere to

Bilete frå hyttekjøkkenet. Der er det også godt å vere to :-)

.........
Å vere to i alle ting!
Å vere to i gleder og i sorg!
Å vere to kvar morgon og kvar kveld!
Å ha nokon ein elskar og kjenne seg elska!
Lukkelege meg!
......
24.års bryllaupsdag

lørdag 25. juni 2011

♥ A + S = AS ♥


Så vert dei verande desse tre:
tru, von og kjærleik.

Og størst av dei er kjærleiken.

- 1.Kor. 13,13 -

......

GRATULERE TIL A og S SOM I DAG 25.JUNI 2011
GAV KVARANDRE SITT JA!!

.....
Alltid kjekt å få oppleve eit bryllaup.
Takk for at eg fekk lov å sjå på.

♥ Lykke til!! ♥

søndag 10. oktober 2010

♥Kinesisk Kärleksört♥




eller
oktoberbergknapp..
Kjært barn har mange namn...

Min er avleggar frå barndomsheimen min og
den får alltid bli med dit eg er..

Syns det er flott å ha ei staude som blomstrar
så seint på året, spesielt når mange av dei
andre vekstane i hagen takkar for seg..

Monicas Hage har eit flott innlegg om den her.

Informasjonen under fann eg her.

Oktoberbergknapp blomstrer i oktober, men er fin hele sesongen.

Knoppene er hvite i et par måneder før den blomstrer med rosa blomster, og bladverket er friskt og spennende. Den kommer ganske sakte om våren og passer godt sammen med tidlige planter.

Den er lett å forøke, en avbrukket gren kan settes i jord og den roter seg fort.

Oktoberbergknapp trives best i sol/halvskygge, i næringsfattig og veldrenert jord. Den tåler tørke.

Tiltrekker sommerfugler og humler.

Planten blir ca. 50 cm høy.

søndag 8. august 2010

Bryllaupsdag


Tenk det er gått 23år sidan

eg og husbonden sa JA til kvarandre.

Dagen er blitt enkelt feira med ein hyttetur

saman med borna våre i det fine været.

Sjå her det eg skreiv då vi runda 22år.

Tida går fort :-)

No i kveld har vi hatt herlege

Vaffelhjerter til kveldsmat!

Hjertebilde fann eg  her.

søndag 18. april 2010

Sakn


Det å savna


Det er eit privilegium
å kjenna savn.
Vondt, ja
og tungt.
Men det fortel
om ein nærleik
som var.
Om varme, lys
og latter.
Det å savna er
den andre sida
av det å ha fått.
Å ikkje kjenna
savn, ville vera å
aldri ha elska.


Bente Bratlund Mæland


tirsdag 9. mars 2010

KJÆRLEIK

fotograf: svoger SA
Bilete viser Kjærleiksvottar, kanskje nokon vert inspirert til å strikke slike? :-)
PS: Nokre trur eg har strikka dei, men det er systå og mannen sine vottar. Men kanskje eg må prøve strikke dei.



VI GRATULERER,

VI GRATULERER,

MED DAGEN SOM

HERREN DEG GAV!


VI GRATULERER,

VI GRATULERER,

OG YNSKJER DEG

GUDS VELBEHAG!


BERRE EI LITA HELSING TIL KJÆRASTEN MIN, MANNEN MIN, VENNEN MIN OG PAPPA TIL DEI TRE BORNA MINE!


KJEMPE GLAD I DEG!!

VONAR DU HAR EIN KJEKK BURSDAG :-)



mandag 8. februar 2010

"Skynd deg å elske"


Når ein i timesvis sit ved ei sjukeseng kan det vere godt å ha noko å gjere.
Eg har denne helga vore saman med pappa som er svært sjuk.
Innimellom låg han å sov.
Då nytta eg høve til å strikke og å lese.
Boka "Skynd deg å elske" var utruleg sterk kost og sette mange tankar i sving.
Her kan du lese meir om denne boka.

onsdag 13. januar 2010

IVAR

Dette er Ivar...
Nei, det er ikkje mannen i mitt liv ;-)
Men han har prega livet mitt i mange, mange år.
Ivar Aasen han som ofra kjærleiken pga språket.
Tenk for ein innsats han gjorde for nynorsken. Og det på ei tid utan den kommunikasjonen vi har i dag.
I mi ungdomstid skreiv eg særoppgåve om han. Og gjennom det vart eg meir klar over mi eiga dialekt og mitt eige skriftsspråk.
Det å verte klar over eigen identitet er faktisk svært viktig!
Den som vil lese meir om Ivar finn det her.

bilete av han har eg faktisk hengande på ein vegg og det er det som er avfotografert

lørdag 26. desember 2009

Julegåver...


bildet er lånt her
Her er årets Julegåve ;-)
Eg fekk gåver som både var større i omfang og kostar mykje meir....

Men dette er ei av dei gåvene eg føler det ligg mykje
omtanke og omsorg bak...

Vår yngste son på 11 år har gjennom hausten spart i hop av snoppengane sine, for han hadde mål og meining om kva dei skulle brukast til....

Han ville bli med på kjøpesenteret, men skulle gå aleine.....
Etter ei lita stund var han tilbake, svært nøgd med seg sjølv....

Og på Julaftan då gåvene skulle delast ut var dette den gåva som måtte oppnast fyrst..
Den er både til deg og pappa var beskjeden...

Og ut av papiret dukka denne MINI-MASSAGER fram..

Han har verkeleg forstått at mamma sin rygg, men også nakke og skuldrar treng massasje..

lørdag 8. august 2009

Og størst av dei er kjærleiken..

1. Kor.13

1. Om eg talar med mennesketunger og engletunger,
men ikkje har kjærleik,
då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.

2. Om eg har profetisk gåve
og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap,
og om eg har all tru så eg kan flytta fjell,
men ikkje har kjærleik,
då er eg ingen ting.

3. Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige,
ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast,
men ikkje har kjærleik,
då har eg ingen ting vunne.

4. Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig,
misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.

5. Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige,
er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.

6. Han gleder seg ikkje ved urett,
men gleder seg ved sanninga.

7. Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

8. Kjærleiken tek aldri slutt.
Profetgåvene skal bli borte,
tungene skal teia
og kunnskapen forgå.

9. For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis.

10. Men når det fullkomne kjem,
skal det som er stykkevis, ta ende.

11. Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, forstod eg som eit barn.
Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege.

12. No ser vi i ein spegel, i ei gåte,
men då skal vi sjå andlet til andlet.
No skjønar eg stykkevis,
men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.

13. Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik.
Og størst av dei er kjærleiken.

Kjære husbonden min!
Takk for 22år saman med deg.
I vigselsliturgien står det:
Vil du elska og æra henne/han og vera trufast hos henne/han i gode og vonde dagar til dess døden skil dykk åt?

Vi har hatt både gode og vonde dagar.
Vi har delt sorger og gleder.
Takk at vi har kvarandre!
Glad i deg!