Viser innlegg med etiketten Tøfler. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tøfler. Vis alle innlegg

torsdag 25. september 2014

Stjernetøfler


Eg har lenge tenkt på å lage tøfler som Olliver kan ha i barnehagen. Og etter at eg fann desse stilige tøflene på bloggen hvittimitthjem visste eg at eg hadde truffe blink.


I påsken starta eg på prosjektet, men eg skjønte fort at "toveverdenen" ikkje er ein verden eg trives særleg godt i. Det er utruleg vanskeleg å vite kor store ein skal strikke dei for å få rett størrelse etter toving (spesielt når ein ikkje bruker samme garn som oppskrifta..). Så det vart først laga ein prøvetøffel som overhodet ikkje passa. Men etter mykje om og men, blanding av ulike oppskrifter og søking på nettet vart eg til slutt fornøyd.



Istadenfor å bruke stoff og sy på stjerna, valgte eg å heller filte den på. Ein veldig enkel og grei måte og pynte opp tova prosjekter! 
Det å sy inn ein ribb i tøflene syns eg var heilt genialt. Då sitt tøflene mykje bedre på foten til ein aktiv 4-åring. Så no gjenstår det berre å få antiskli på, så er tøflene klare til bruk! :)

Har du forresten fått med deg at det er salg på Merinogarn på DROPS? Eg klarte nok ein gang ikkje å styre unna (sjølv om garnlageret har nådd nye høgder...), og endte opp med 14 nøster i posen. Deriblandt denne nydelige høstfargen som snart skal gjerast om til eit deilig sjal (når eg har klart å finne ei oppskrift eg er fornøgd med...). ;) Har du nokon spennandes høstprosjekt på gang?


 


Ha ein fortsatt fin fin dag!


tirsdag 1. april 2014

40-årsgåve #2



Ja då har svigerinna mi inntatt 40-årene ho òg. Og i likhet med bror min ønska ho seg penger, men nok ein gang kunne eg ikkje la strikkepinnene ligge. Ho har tidlegare fått tova tøfler hjå meg, men i jula snakka ho om at ho kunne tenke seg noko litt lettere til varmere tider.
Etter eit lite google-søk fann eg desse søte Tesha-tøflene!





Dette er ein litt anna versjon av lommetøflene som har blitt så populære. Oppskrifta var enkel og dei var superraske å strikke. Faktisk unnagjort på ein ettermiddag! Elsker sånne raske prosjekter! :)




Eg likte ikkje heilt avslutningen rundt ankelen så då valgte eg som så ofte før å hekle ein kant. Eg hekla først ein runde med fastmasker, så ein runde med 3 luftmasker-hoppa over ei maske-3 luftmasker osv. I tillegg fekk tøflene ein liten heklablomst med ei lita perle inni. Med andre ord, ein skikkelig jentetøffel! ;)




Mottakaren vart veldig fornøgd og tøflene kom på med ein gang dei var pakka ut. DET er noko som virkelig varmer eit strikkehjarte! :)



Oppskrift:
Garn: Dale Falk
Garnmengde: 1 nøste
Pinnenr: 4



Ønsker deg ein super kveld! 

fredag 21. juni 2013

Går det an...


...å ferdigstille eit strikkeprosjekt utan å gjere feil undervegs? Eg begynner snart å miste trua!
Dette er det tredje baby "UGGs"-paret eg strikker på ein månad. Pga dette tenkte eg at NO kan eg mønsteret så godt at eg berre kan "kjøre på". Men den gang ei... Denne gangen var eg komme så langt at eg hadde festa alle trådene og var klar til å sy i knapper før eg oppdaga feilen: knappene havna bak istadenfor på sida. "AAAAARG, no må eg ta opp igjen heile foten!!!" -var det første eg tenkte. Heldigvis satt eg ei stund og grubla før eg begynte den kjedelige opprekkinga. Kva med å ta dei to delene frå kvarandre og sy dei saman igjen?




Dette har eg ikkje gjort før, men som Pippi Langstrømpe hadde sagt:
"det klarer eg heilt sikkert" 
Som sagt så gjort. Det gjekk fint å ta dei to delene frå kvarandre og jammen meg fekk eg dei saman igjen utan dei heilt store problemene.




Og vips, så var eit nytt par baby "UGGs" ferdige! *Lykke* Så no håper eg mottakaren vert like fornøgd som meg... ;)




Må forresten ta med mitt siste garninnkjøp. Eg syns eg har vore flink til å slanke garnlageret pittelitt i det siste, så no var det på tide med noko nytt! Desse 6 nøstene skal forhåpentligvis bli omgjort til ein flott genser til meg sjølv om ikkje så altfor lenge. Gleder meg til å sette i gang!!





Ønsker deg og dine ei super helg! :)

fredag 28. desember 2012

Tova tøfler og hue

 
Så var jula over og pakkene er åpna. Då er det på tide å vise årets strikkegåver. :)
I år var det to enkle, kjappe prosjekt som fann veien til pinnene. Den første gåva eg strikka var ei hue til min eldste bror. Den er strikka i deilig, tynn babyull og har ein litt "baggy" fasong. Denne hua strikka eg til min samboer og yngste bror tidlegare i år og den var stor suksess. Den passa utmerka sidan bror min nettopp hadde kjøpt seg eit nytt, grått ullskjerf! :)
 

 
 
 
 
Den andre gåva under treet var desse tova tøflene (mitt "last minute"-prosjekt frå eit tidlegare innlegg). Dei var til mi søte svigerinne. Eg strikka dei samme tøflene til ho for to år sidan. Dei har vore i (nesten) daglig bruk sidan då og var no begynt å bli ganske så slitt. Med andre ord var det på tide med eit nytt par! Ønsket kom litt seint, så dei vart ikkje tova før litle julafta! Dei var ikkje meir enn akkurat tørka når dei vart pakka inn og lagt under treet. ;)
Tøflene trur eg kanskje eg må lage til mine egne, kalde føtter snart. Skikkelig gode og varme!
 


 
 
 
Dei satte stor pris på gåvene begge to. Veldig kjekt med gode tilbakemeldinger på det ein har laga, og ekstra kjekt når ein veit at det vert brukt!! :)
 
 
 
 
 
Oppskrift hue: DROPS 
Størrelse: M/L
Garn: Lanett babyull
Pinner: 2,5 og 3
 
 
Oppskrift tøfler: DROPS
Størrelse: 35/37
Garn: DROPS Eskimo
Pinner: 8