Viser innlegg med etiketten Klubbmøter 2010. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Klubbmøter 2010. Vis alle innlegg

torsdag 2. desember 2010

Desembermøtet: Større tepper

Kari og Aurora (alder?) har samarbeidd om Harry Potter-teppet. Jenta er nok over gjennomsnittet oppteken av denne litterære figuren, og har hatt sine bestemte meiningar under arbeidet. Teppet er med i Desiree sin resteteppe-konkurranse. Det skal bli spennande å sjå korleis det går. Arbeidet er utruleg kreativt og flott utført.




 Annfrid har laga eit alldeles nydeleg og delikat sengeteppe! I midten har ho kjende applikasjonar av englane til Annie Downs frå boka An Angle Story.

Her er eit skikkeleg resteteppe i pinwheel-blokker, også laga av Annfrid.
 Grethe har fått inspirasjon av hav, strand og sommar i denne nydelege bargelloen til hytta.

Idas veske, etter kurset med Bente Malm

Mange av jentene var ferdige med veskene sine. Her er Margrethe si veske i nærbilete. Brosja ho har til pynt blei kjøpt på loppemarknad!

Kari sydde "solskinnsveske" på kurset, og i etterkant har ho sydd ei veske til, litt forenkla.

 Annlaug med veska på armen, viser fram praktiske gjennomsiktige pungar til smykker m.m.
 Elin (underteikna) med si veske. Fotografen ustø på handa, eller?
 Else viser fram Idas veske og ei lita Friendship-veske.
 Frå utstillinga i "baren". Flotte vesker.




Desember-møtet: Vis og fortel

Det var ei utruleg mengde flotte arbeid som blei viste denne første desemberkvelden. Mykje av arbeida skriv seg frå aktivitetane vi har hatt denne hausten, både på klubbkveldane og på kurs.
Først her er Inger sin twister eller square dance.
Og under her ein koseleg løpar.

 Inger er litt "retro", og har her funne ein gammal brodert løpar som ho har sydd seg veske av. Skikkeleg kult!

 Janne gjorde ferdig denne adventsløparen. Hjarta er laga i krympestoff.

 Pose etter inspirasjon av Ann sitt kurs i juni, dette er Margrethe si utgåve.
 Inger har sydd heile 4 AnnaKa-posar til å putte julegåver i.
 Margrethe sitt juleteppe, desse englane har vi vel sett på løparar før?
 Kari har strikka mange jule-kuler, inspirasjon frå Carlos-boka, men eiga oppskrift, som vanleg!
 Sjå på detaljane på denne vennskapsveska til Annfrid!
 Anna med enkle, men veldig fine spisebrikker, motivstoff, lin, enkel kvilting, fint bakstykke (batikk).
 Nærbilete av ein av plast-pungane til Annlaug. Dette er kjempepraktisk, tenk å sjå kva som er inni, sleppe å leite!
 Jorunn har sydd fleire modellar etter kursaktivitetane i haust, vennskapsveske og syboks.

 Liv Ingunn sin adventløpar.

 Solveig med løpar, vennskapsveske og syboks.
 Laila sitt julehjarte!
Produksjonen er imponerande. Kor heldige vi er som har slik ein flott hobby! Ein treng aldri kjede seg, det motsette er vel tilfelle, ein ville gjerne hatt fleire timar i døgeret. Vi er vel priviligerte! Kanskje vi skal tenkje på det, no når Thanksgiving nettopp har vore feira i USA. 

onsdag 1. desember 2010

Juleavslutning i GLQ, 1. desember 2010

I overkant av 20 damer trassa 12 kuldegrader ute, og møtte på juleavslutninga 1. desember. Det var ein svært inspirerande kveld. Sy-aktiviteten var julekort, og Liv Ingunn hadde gode inspirasjonar å tilby. Om ikkje så mange hadde med symaskina denne kvelden, blir det nok sydd julekort i mange hus i vekene som kjem!
Som i fjor, hadde vi julegåver til kvarandre. Kvelden starta med gløgg, seinare var det julebrød, heimelaga snurrebollar og småkaker. Vi har ein filosofi som tilseier måtehald og gjere ting enkelt, og det ser ut til å fungere godt.



 Margrethe hadde sydd nokre nydelege kort, desse er frå Vis og fortel.



Fleire innlegg frå klubbkvelden kjem seinare.

tirsdag 9. november 2010

Meir frå klubbmøtet i november

Kjenner du Vin(H)elgen?
Reidun har sydd denne kjempesøte utgåva. Tappen er under fikenbladet, ja der er ein vinkartong med tappekran inni...

Klubbmøte november 2010

Klubb-aktiviteten denne kvelden stod Anna Henden for. Ho er pensjonert lærar og ein dyktig quiltar. Ho har ikkje gløymt gamle kunstar med formidling. Alle som hadde med symaskin, laga små syboksar.




Ingunn frå Primula på Eid kom med butikken sin, det er alltid eit populært innslag! Kursansvarlege i Eidaklubben, Aslaug, var også med. Kjekt med besøk!


Vis og fortel!
Bileta får tale for seg, denne dama hadde nok rekord i tal på visningar denne kvelden!

Jorunn:
Anne har sydd frå Hånd i hanke-boka.



Kari S?


Framleis dukkar det opp ting frå AnnaKa-kurset!

Godt motto, eller?


Anna med retro-løpar og pute frå AnnaKa, veldig fint!


Birmingham-veske?


Den Liven, den Liven....

Meir frå Ann Elisabeth:







Eige design frå A.E.




Marie?



Annlaug? Resultat frå klubb-aktiviteten i oktober.






Kven var dette sitt, skal tru?

... og denne?


Beklager at ikkje alle har fått namna sine med her. Eg hugsar rett og slett ikkje kven som stod bak alle produkta. Det er på tide å få avløysing, ser det ut til...
Bloggekurs på trappene i styret.
Maten var så god at han var vekk før eg fekk teke bilete. Kanskje vi kan få oppskriftene?
Elin.