Viser innlegg med etiketten årsmøter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten årsmøter. Vis alle innlegg

torsdag 6. februar 2014

Årsmøte i klubben

Onsdag 5. februar var det årsmøte i klubben vår. Etter at møtet var avvikla, hadde vi Ingunn Vaksdal på besøk med demonstrasjon av linjalar. 
Marie, Marit og Anne gjekk ut av styret.

Stor takk for det flotte arbeidet de har lagt ned i klubben!

Dei nye som kom inn er Svanhild R, Grethe M. og Reidun A.F. Vi kjem attende til det nye styret når dei har konstituert seg, og vi ønskjer dei lukke til med verva!


Ingunn hadde med seg mange kjekke linjalar, modellar og stoff. Her er ho i sitt ess!




 Denne vårlege twisterløparen er berre lekker!



Hex'n more-linjalen er blitt nytta i desse prøvene.






Storm at Sea, eigen linjal til denne.





Denne løparen har Mariann i NLQ sydd, etter kurset dei hadde med Marie.


VIS OG FORTEL!


Artig effektstoff langs kantane. 









Denne blokka er 24 inch... Swoon er namnet. Meir info om blokka finn du her.




Eit anna døme på korleis ein kan nytte mønsteret i stoffet på ein effektfull måte!







Desse dongeriveskene har Liv Ingunn laga. Ho skal vere kursleiar på årsmøtet i NLQ.

Regionstreffet på Eid har forøvrig påmelding 15. mars. Der skal Kari vår vere foredragshaldar.
Merkar vi at gloppetausene er i vinden?



OBS OBS: Neste møte blir hos Kari E. den 12. mars!

lørdag 1. februar 2014

Årsmøte

Årsmøte i Gloppen Lappe- og Quilteklubb
onsdag 5. februar
kl. 18


Etter årsmøtet, ca. kl. 19, kjem Ingunn Vaksdal frå Primula Design. Ho demonsetrer nye linjalar og har sjølvsagt også med seg stoff for sal. Det er snart onsdagskurs med Marie i Buggy Barn-hjerter, så då kan ein få kjøpt inn det ein måtte mangle.
Kanskje blir det ein morosam auksjon og?

Vel møtt!

torsdag 3. februar 2011

Årsmøtet 2011

Onsdag 2. februar hadde vi årsmøte i klubben, og her er bilete av Jorunn og Elin (underteikna) som gjekk ut av styret, og Anna, som gjekk ut av valnemnda. Bilete av nytt styre kjem ved eit seinare høve, når dei har fått konstituert seg.

 Inger, vår noverande leiar, i lag med Janne, som forsyner oss med stoff frå Primula. Takk til Janne for denne ekstra servicen!

Vis og fortel:
 Kari S. viser fleire ufoar som ho har gjort ferdig sidan januarmøtet. Blokkene til dette fine teppet blei visst til under ei båtreise langs norskekysten for mange år sidan. Papirsydde plater, applikerte på ein bakgrunn.
 Ufo-pute i papirsaum.
 Endå ei ufo-pute i papirsaum, dette kom fram i lyset i samband med papirsaumtemaet vi hadde på januar-møtet. Ifølgje Kari er der fleire ufoar i skuffa, så dette kan bli spanande...
 Marie har sydd Bente Tufte sitt vognteppe, ein gut er visst under vegs!
 AnnaKa sitt vognteppe under arbeid, dette er Anne sitt.
 Så var det Lappetausa sitt bidrag til Vis og fortel, denne vesle kvilten blei til etter sy-saman-opplegg med ei amerikansk dame på denne bloggen http://cherylssew-alongpatterns.blogspot.com/
Cheryl har google oversetjar, så det går kanskje an å få studere det på tilnerma norsk... Vonar nokon kan bli inspirerte til å sy små blokker, det er veldig spanande!
 Janne har sydd små penal eller toalettvesker.
 Kari E. har vore med på Bonnie Hunter sitt mysterium, som starta opp sist i november, og ble avslørt rundt nyttår. Det var underteikna som tipsa ho om dette. Kari syr til vanleg berre eigendesigna ting, så dette var ei ny erfaring. Ho lærte mykje av det, seier ho, her er mange artige tips å fange opp. Lappetausa sitt mysterium har lang veg å gå før det kjem like langt som dette! Opprinneleg er teppet dobbelt så stort. Everything is bigger in America!   Bloggen har link til Bonnie si heimeside, der det er utruleg mykje artig, sjå alle scrappy-quiltane det er mønster på i høgre marg her.

 Dette er eit relativt sjeldant syn på våre kantar! Imponerande, Kari!
 Liv-Ingunn har laga nokre artige vesker, som ho vil halde kurs i på neste møte. Vi gledar oss!
 Anna har laga fin veske.
 Liv Ingunn si veske nr. 3?
 Torill B. lagar band til den søte, vesle veska si, metoden heiter trissing, og er visst ein gammal kunst. Snora blir veldig fast og god.
Og her er veska klar. Flott!
Beklager at mat-bordet ikkje blei fotografert, det var som vanleg herleg frambøre!