For mange år sidan sydde eg denne påskeløparen,
og til kvar påske kjem den fram i lyset.
Fleire lag stoff blei skjært fritt.
Stoffbitane skifta plass før samansying.
Ei svart stripe blei felt inn, og ein svart sidekant samlar det heile.
Morosam og kjapp teknikk.
Quilta litt på kryss og tvers. Det ga ein fin effekt.
Sidan det er påske, fekk nokre kyllingar flytte til inngangspartiet.
Jammen har ikkje eit par egg gøymt seg også.
Men med nærare ettersyn så kom det tydelegare fram.
Det er nok påskeharen som har vore på ferde.
Molde Quiltelag feira 25 år denne veka, og då måtte vi sjølvsagt
pynte og gjere ein del ekstra ut av møtet.
Her er løparen min og ein nydeleg dekorasjon laga av Marit Sande Iversen.
Riktig god påske til deg som kikkar innom meg.