Viser innlegg med etiketten brusho. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten brusho. Vis alle innlegg

lørdag 21. oktober 2017

Male med brusho

Hei hei:-) I dag blogger eg for Scrappiness og viser fram nokre enkle kort laga med eit av mine favoritt produkter, nemlig Brushos:-) Brushos er super høg-pigmentert vannmaling som kommer i pulver form. 

I kvar boks er det små krystaller med farge som til sammen lager den fargen som står på boksen. Nokre har stort sett samme farge, som blå og rød, medan nokre består av mange ulike farger, noko som gjer det utrulig spennende å jobbe med:-) 

Dersom du vil ha fram alle fargesjatteringene så drysser du litt pulver på arket, enten på eit ark som er vått, eller som du sprayer etterpå. Vil du ha ein "solid" farge kan du blande pulveret med vatn på paletten. 

Du kan lese meir om produktet her

Eg bruker brusho mest til bakgrunner men har lenge hatt lyst til å prøva å male med dei:-) Så i dag viser eg fram nokre kort med blomster mala med brusho. Blomstene er mala ved å først male dei med reint vatn og så drysse oppi pulveret. Då får eg fram dei nydelige fargesjatteringene:-)


Dersom du skal bruke fleire farger er det viktig at du bruker ein og ein og lar det tørke skikkelig før du tar neste. Overflødig pulver på bakgrunnen koster du vekk med ein tørr pensel eller blåser vekk med varmepistolen. Men det kan og være nydelig å blande farger:-)

På dette kortet har eg brukt fargene scarlet, orange og yellow. 

Som du ser på dette kortet har eg brukt to ulike farger. Desse er og fine og la gå over i kvarandre, men då hadde eg ikkje fått det tydlige skillet mellom blomstene. Derfor lot eg dei rød/orange tørke skikkelig før eg laga dei gule. 

Stempeltrykket har eg og holdt unna brusho. Då eg mala blomstene bak feen var eg berre forsiktig med å ikkje få vatn på feen. Dryssa på brusho og lot det tørke før eg så kosta vekk pulver fra feen. 

Det neste kortet har eg valgt å holde litt avstand mellom blomstene. Så her kunne eg drysse på alle blomstene samtidig. 
Her har eg brukt fargene turquoise og sea green. 


 Når du jobber med brushos er det viktig at du bruker eit godt papir, gjerne akvarell eller andre papir som tåler mykje vatn. Eg har brukt water media papir fra Ken Oliver. 


 Her kan du sjå at den turkise fargen er veldig solid medan sea green består av fleire ulike farger:-)


 Produkter: 
Stempel fra Papirdesign, "Dagen i dag" og "Ekte venner"
Stempeltrykk av fe er ukjent. 


Ha ein strålande lørdag:-)





Pin It

onsdag 6. juli 2016

ATC kort for Papirdesign

Hei hei:-)

Endelig ferie og eg har kosa meg med å laga ATCer (artist trading cards) for Papirdesign. Dette er små byttekort som er heilt topp til å prøve ut teknikker og nye produkter, eller berre kose seg med å lage det ein vil:-)

ATCer blir vanligvis laga i ein serie og eg har laga ein serie med temaet sjø og strand.

Desse er laga ved å stemple med embossing pute og ha på kvitt embossingpulver på stempelet. Ellers består bakgrunnen enkelt og greit av brushos spraya med vatn for å lage ein følelse av sjø.

Eg liker å holde pyntinga enkel på ATCer og har brukt klistermerker og utstansede stjerner til å pynte med:-)

Håper dette inspirerte til litt feriescrapp:-)

Produkter:
Klistermerker: PD14942 Sommer
Utstansede figurer:  PD16163 Stjerner


Ha ein fin sommar vidare:-)

Klem fra Arnlaug




Pin It