Viser innlegg med etiketten Turer 2012. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Turer 2012. Vis alle innlegg

mandag 15. oktober 2012

Fin høsttur :)

Idag hadde eg fri etter jobbehelg, men idag ville visst ikkje sola skinne slike den har gjort i helga. Men det var no ein fin dag allikavel, så lenge det ikkje regner er det fint :) Idag tok eg og Mac turen på Brandsøyåsen, er så fint å gå no når det er så flotte høstfarger ute :)


Når vi gjekk idag møtte vi på ein denne skapningen
Mac likte ikkje denne her noko særlig, måtte knurre litt på den her ;) Må vere regnfrakken som gjorde utslaget ;) Men etter at han fekk snuse litt på den her, så roa han seg og vi kunne vandre vidare mot toppen.



Så var det å ta turen nedover, idag gjekk eg ned med Torvmyrane, så då fekk vi oss ein litt lengre tur.
No får eg prøve og gjer ferdig babykortet eg er begynt på, burde fått det ferdig idag, slik at pakken kan sendast snart. Men først må eg følge med på Farmen :) Har ein del kort eg må få laga denne mnd... Takk for at du tok ein titt :)





onsdag 26. september 2012

Hafstadfjellet (706 moh)

Endelig kom eg og Mac oss på fjelltur att, eg begynte nesten å lure på om eg ikkje skulle fått til fleire tura i år. Det har jo plaska ned og i helga når det var så flott hadde eg jobbehelg... Men idag var det fint turvêr. Eg gjekk med ei eg jobba ilag med og hennes sønn på 6 år, han var kjempeflink :)
Idag tok vi turen til Hafstadfjellet i Førde, vi parkerte på Langeland.
Det var fin turveg og til tider litt seig...
På vei opp :)
Dit opp skal vi :)
No er vi snart kom opp :)

Mac slapper av ei lita stund...

Mac var meir interessert i bollen som Abraham eter ;)
Førde og Førdefjorden

Her ser vi Movatnet og Åsvatnet


Førde
Så var det å ta beina fat og komme seg ned att. Når vi kom ned til Bekkjavatnet tok vi ei lita puse, og Mac fekk bada litt. Han storkosa seg og løpte etter pinnane vi kasta :)
Bekkjavatnet

Flott gapahuk
Her var det utruleg flott laga til, og kan tenke meg at det er flott om sommeren. Her kan ein slappe av på benkane, bade og grille. Ein kan og gå rundt vatnet :)

Når vi gjekk vidare nedover til bilane, møtte vi på ein hoggorm, fysja meg, den låg der og fres til oss, var jo så vidt vi tørte å gå forbi eller vi løpte forbi... Dette er jammen meg nokre ekle dyr

No ligger Mac og er rolig og fornøyd, trur han har savna det at vi går i fjellet. Håper det ikkje blir lenge til neste gang.

No får eg sette meg ned å lage eit babykort :)
Ha ein fortsatt fin onsdagskveld og veldig hyggelig at du tok ein titt her :)

mandag 30. juli 2012

Haukånipa (790 moh)

Idag er det første feriedag og den kunne ikkje blitt bedre, sol og fint vêr :) Og sidan det var så fin ein dag, måtte eg og Mac ta oss ein fjelltur. Idag gjekk turen til Haukånipa, ein fin tur. Vi parkerte ved enden av Haukåvatnet og følgte ein flott traktorvei opp til den flotte hytta som ligg på Haukåstøylen. Stien var grei å følge eit stykke, og det skal vere ein merka sti, men T`ane er ikkje så synlige lengre... Og når ein kjem vidare opp går ein mest på fjell, og er nok ikkje noko å gå på når det er vått. Idag var det tørt og fint :)
Dette trollet står og venter på oss på veien opp til Haukåstøylen :)




 Når vi kom opp, var det flott utsikt. Mac har nok funnet ut at det er andre på vei til Haukånipa og ein hund, han speider etter dei....
T`ane er ikkje veldig synlig, men dette var ikkje den verst. Godt det var småvarder rundt omkring :)
 Ein liten frosk møtte vi og på vår vei nedover. Veit ikkje kem som var mest skeptisk av meg og frosken. Han hørte hvertfall på meg når eg sa han måtte sitte stille til eg hadde tatt bilde ;)
Stien vidare går like ved denne flotte hytta :)


Vel dette var min dag idag. No er eg mett og god etter gode fleskepannekaker :) No er det å gjere seg klar for litt kaving, no er det snart handballkamp, Norge-Sverige.... Heia Norge :) Takk for titten, og ha ein fortsatt flott mandagskveld :)

mandag 23. juli 2012

Hovlandstøylen (475 moh) og Kvalvikstøylen (410 moh)

Idag bestemte eg meg for å gå på Kvalvikstøylen og Hovlandstøylen, Kvalvikstøylen har eg ikkje gått til før. Det var til og med opplett når eg bestemte meg for å ta turen, og det var ikkje mykje regn eg og Mac fekk på oss heller....
På vei til Hovlandstøylen

Hovlandstøylen



Vi gjekk først opp på Hovlandstøylen og Mac måtte ha seg ei lita drikkepause :) Så gjekk vi nedatt til eit lite stykke til vi kom til eit skilt som stod Teinene og Kvalvikstøylen på. Då var det ikkje så vanskelig å vite kor vi måtte gå, men eg er ikkje så happy over å sjå kyr på min vei og såklart når vi skulle gå inn på veien, låg dei i grøfta der og såg på oss. Så då var det å finne ein anna vei slik at eg slapp å gå forbi dei...
Heldigvis slapp eg å gå forbi kua...Kua ser på oss, men denne såg no faktisk snill ut...


Kvalvikstøylen


Eg leita og leita etter boka vi skulle skrive namnet vårt i, eg fant inga bok... Hmm kor kan den vere, så huska eg at eg såg kor den blei funnet på ein blogg og fram med mobilen og finne fram.... Jaja eg fant den no til slutt, men absolutt ikkje der eg forventa og finne den :) Men måtte fortsette på veien og gå gjennom ei grind.
Her nærma vi oss

Sjå ka vi fant

Klarer ikkje å gjømme seg...

Slett ikkje lett og finne...

Grinda vi måtte gå gjennom...







Så fekk eg no skrevet namnet i boka, dette er ein av turane til Turboktrimmen 2012 til Flora Kommune. No var det å rusle nedatt til bilen. Det å gå til Kvalvikstøylen frå Teinene var ein lett tur

 Mac er ikkje alltid like fornøyd med at eg skal ta så masse bilder, ser ikkje så fornøyd ut her...

 Her kan ein også gå over visst det ikkje er så mykje vatn, vi måtte bruke brua...


 Mac måtte jo såklart bjeffe på desse stakkars kyrene, og dei var ikkje på veien vi skulle gå. Men etter bråket til Mac, begynte dei og bevege seg og gjekk bort på veien som vi skulle gå ned. Og etter eit uheldig møte med ei ku i fjor, så er eg litt redd dei... Så vi blei ståande og kikke på kverandre... Men til slutt begynte dei og bevege på seg og eg og Mac kunne forstette turen nedover
Mac i gapahuken

Ikkje heilt fornøyd...



Eikefjorden
No nærma det seg ferie og for meg, berre 4 vakter att :) Det skal jammen meg bli godt. Ha ein fortsatt fin mandag. Og takk for at dere tok ein titt


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...