Viser innlegg med etiketten Guttekort. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Guttekort. Vis alle innlegg

søndag 29. oktober 2017

Tøff og kul

Igår feira fadderungen min bursdagen sin og som gudmor måtte eg jo lage eit kort til han :) Denne gangen blei det eit rammekort. Eg har laga dette ein gong før, men styra slik på med å få det til. Men så fekk eg ein mal av Monica som var mykje lettare å skjønne seg på. Den kan du sjå her



På kortet har eg brukt:
Kartong: Svart
Mønsterark: Kort & Godt-Retro rød
Dies: Papirdesign-Hipp hurra
Alfabet-Chocolate
Embossingpulver: Svart og kvit
Trepynt: Wycinanka-Tøff og kul

Trepynt og navnet har eg embossa med svart embossingpulver. Det samme har eg gjort med monsterstempel inni kortet. Denne stempelplata kan du finne hos Scrapomania

Blir nok ikkje siste rammekortet eg lager, enkelt og etter eg fekk denne malen blei det jo morro å lage og ;)

Det var det eg hadde for idag, takk for at du tok ein titt.

torsdag 11. mai 2017

Konfirmasjonskort

Så er konfirmasjonstida igang igjen. Denne gange har eg eit konfirmasjonskort til gutt som liker å spille. Panikken begynte å hente meg, sidan eg ikkje hadde noko særlig med det temaet. Utenom ark... Men så kom Monica og redda meg med flott dies fra Papirdesign :) Tusen takk :)

Her har eg brukt:
Kartong: Bazzill-svart og sølvfoil
Mønsterark: Papirdesign: Dagen er din-Kontraster, Muligheter-Laptop
Forventninger-Spillkonsoller
Dies: Papirdesign-kontroller og kjære konfirmant
Joy-pengelomme, Scrapmagasinet-Du er unik
Spellbinders-Star circles
Annet: Tau, charms,
Tim Holtz- alfabet
Stempel: Stempelglede-Magi

Framsida

Hadde eit flott bilde av han når han var liten og fekk mora til å sende meg eit av han slik han er idag og fekk brukt begge bilda. Synst det er veldig fint å bruke bilde av konfirmanten, blir med ein gang meir personlig.


Så fekk eg plass til diesen eg fekk låne og. Har og brukt ein dies fra Joy som er perfekt til å putte penga i :) Men huska ikkje ka den heiter..



Pengelomme
Det var det eg hadde idag, ha ein flott dag og tusen takk for titten :)

tirsdag 23. august 2016

Kreative hender- litt forskjellig ;)

No er ferien over og igår var det tilbake på natt. Etter ein ganske våt start på ferieværet her på Vestlandet, fant vi ut at vi ville rømme landet og tok oss ei veke i Roma. Det gjorde godt med sol og varme på nokre frosne kroppa ;) Og når eg kom heim klødde det i fingrane for å få gjort litt hobby. Då var det ekstra stas å få kose seg med digistempler frå Kreative hender.

Først har eg laga ei PL side frå starten av ferien, då hadde vi jo ein dag med strålande vêr :) På denne sidan fant eg ingen kort eg ville bruke. Så her er det brukt stensila, distress ink og restekartong. Kantane har eg rufsa og sverta med Distess ink-blueprint sketch
Elles har eg brukt:
Dotta (som eg ikkje huska kor er ifrå)
Dies: Joy Crafts
Alfabet: Tim Holtz
Stempel: Storyteller








Så har eg laga eit kort med dette anvendlige motivet, dette blir nok mykje brukt av meg...
Her har eg brukt:
Kartong: Bazzill-svart
Mønsterark: Papirdesign: Muligheter-Drivved
Dies: Kort & Godt 182

Kortet er 15x15


Må jo sei eg har blitt inspirert av snuppa Monica, som skal prøve seg på nye ting
Her har eg slått til med å prøve Inka Golden min, som berre står og støver ned...
Kortet er 15x19
Her har eg brukt:
Kartong: Bazzill-Svart og Pomegranate
Ebossingplate: Spellbinders-Industrial
Annet: Akrylmaling og Inka Gold-Lavared
Dies: Papirdesign

Kjekt å få prøve litt nytt, og enda bedre å få prøve litt av dei "få" diesane eg har. Bør bli flinkare å bruke det eg har... Veit ikkje kor mange år sidan eg kjøpte meg Inka gold, og dei har ikkje blitt opna ein gong. Vel det var det eg hadde for idag. Ha ein flott dag og tusen takk for at du tok ein titt :)

mandag 11. mai 2015

Konfirmasjonskort

Endelig fekk eg laga eit kort att :) Denne gangen eit konfirmasjonskort.

Framsida

På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill-Typhoon og Stonewash
Mønsterark: Papirdesign: Lykke-Livets vei og Data
Stempel: Kort og Godt
Annet: Dies-Kort og Godt (Konfirmant). Metall: Tim Holtz-Svivel claps, 
philosophy tags.
Martha Stewart- Flourish edge (også kalt bartepunch)
Alfabet: Doodlebug design inc- beetle black teensy type
Kantane er sverta med Distress Ink-Stormy Sky

Pengelomme



Ein liten tag...
På pengelommen har eg brukt 3D puter, der putta eg ein tag. Der pengane ligger har eg brukt lim og lot den tørke mens pengane låg i lommen. Så har eg brukt bartepunchen :)
Plass til ein liten hilsning


Ønsker alle ein fin dag og tusen takk for at du kikket inniom :)

fredag 31. oktober 2014

Bursdagskort

For nokre helger sidan, feira gudbarnet mitt 5 årsdagen sin, og "liksomtanta" måtte jo lage eit kort til han... Eg hadde bestemt meg for at denne gangen blei det ikkje kort... Men eg kunne jo ikkje lage kort til han, så denne her dama satt til kl 04.30 natt til lørdagen for å få ferdig kortet til han. Så skulle eg tidlig opp på lørdag for å hjelpe til, når kvelden kom og eg kunne sette meg ned kjente eg kor trøtt eg va... Men ein hyggelig feiring av fine 5 åringen Sander :)

Hehe kor beint kortet til slutt blei e eg usikker på, når kl blei 04 synst eg det var skjeivt og skakt og etter det var ferdig tørte eg ikkje sjå meir på det...

På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Kraft
Mønsterark: Papirdesign-Forventning-Trevegg
Stempel: Motiv funnet på nettet, tekst:Norsk stempelblad og papirdesign
Annet: Band, dymo, eyelet




Takk for titten, ha ein fin dag :)

 

søndag 21. oktober 2012

Bursdagskort :)

På fredags kveld begynte eg på bursdagskort til Sander, han feira 3 årsdagen sin tidligere idag, lørdag. Siste finish blei gjort når eg stod opp. Alltid ute i siste liten... Men men ferdig blei det :) Denne gangen blei det eit easel kort, lenge sidan eg har brukt denne bretteteknikken.
Framsida
Korte når det er "oppslått"


På dette kortet har eg brukt:
Kartong : Oransje bazzill
Mønsterark: Echo Park paper : A boys life, Hot-Rod
Stempel : Papirdesign, Kreativ hobby og Norsk stempelblad
Annet: halvperler, kantane er sverta med Distress Ink, weather wood

Så var lørdagen over og helga er og snart over, skjønner ikkje kor den er blitt av. Men til helga att er det hyttetur for meg og beste Snuppa. Gleder meg masse til ny hobbyhelg
Håper dokke får ein riktig så fin søndag. Takk for titten

 

søndag 20. november 2011

Bursdagskort

Lenge sidan sist oppdatering no. Men får legge ut eit bursdagskort eg lagde til fadderungen min, er vel fire veker sidan han feira dagen sin no... Idag er det søndag og eg tenker eg skal begynne å rydde(no har eg tenkt det sidan igår, så kanskje det blir litt action idag), leiligheta treng ein nedvask til jul og det er jo ikkje lenge til første advent heller (berre ei veke att). Eg gleda meg til å få begynne å pynte til advent og jul. Adventstida er ei koselig tid.
Elles så har det blitt lite hobby idet siste, motivasjonen for hobby har ikkje vore tilstede....
Her kommer bilder frå kort som blei laga :)
På dette kortet har eg brukt :
Bazzill: Mørkeblå og lyseblå
Mønsterark: Maja Design: Skjærgårdsliv og Västkusten
Stempel: La-la-land "Pirate Luka", farga med Distress Ink
Annet: Charm og jump rings frå Kuttut, knapp, Tim Holts Hanger clips, bokstavane husker eg ikkje namnet på, men er eit alfabet frå Quickuts, hjørnene er runda med hjørnepunch.
 
Elles har eg laga ein Layout av Mac (såklart) :) Legger ved bilder av den og.

Bazzill : Svart og grå (den grå er bling)
Mønsterark: Papirdesign par i hjerte, grå og Maja Design Crea Diem, om du vil älskas.
Annet: Kantana er sverta, blomster og halvperler, pins, thickers

Ønsker alle ein flott søndag:) Eg får vel prøve å begynne med litt huslige ting. Takk for titten
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...