Siste prosjekt av pinnane er eit par søte, små babyvottar. Vottane er superenkle å lage - og dei er unnagjort i løpet av ein liten kveld. Synast i grunn dei blei bra nusselege :) Ikkje minst er dette eit flott prosjekt om ein har litt garnrestar liggande.
Garnvalet falt også denne gongen på "Emilie" frå Spar Kjøp. Eit mjukt og deilig garn. Eg la opp 40 masker (10x4) på strømpepinne 2,5 mm og strikka ei passande vrangbord. Fortsette så med glattstrikk og mønster før eg til slutt felte av i ein spiss.
Snora er ca. 65 cm og er laga ved hjelp av i-cord. Eg kan ikkje få sagt ofte nok kor glad eg er i denne teknikken. Synest snorene vert så fine. Eit stort pluss er at dei er superenkle å lage.
God helg til dykk alle!