På onsdag som var arrangerte vi Babyshower for ei god venninne av oss. Veronica trudde ho skulle tilbringe ein roleg kveld saman med meg og ei anna venninne, med middag, jenteprat og alt som høyrer til - men, slik vart det no altså ikkje ;)
Vi hadde nemleg heilt andre planar for denne kvelden! Både mat og gåvebord stod klart og stova vart pynta i rosa, ettersom at snuppa vår ventar ei lita prinsesse ♡
Strikkepinnane måtte sjølvsagt fram til anledningen, og eg valde blant anna å strikke ei nydeleg kjappstrikkadrakt frå Paelas til den vesle magebuaren ♡
Elles vil eg rette ei stor takk til alle som var med å gjorde kvelden heilt perfekt! No gledar vi oss masse til å få helse på den vesle prinsessa som snart kjem til verda ♡
Viser innlegg med etiketten Hobby. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hobby. Vis alle innlegg
25. august 2015
30. mars 2015
Den finaste kjolen
//Annonselenkjer
Oppskrifta på "Den finaste kjolen" er henta i frå boka til Kathrine Gregersen - "Strikk meir til nøstebarn". Denne boka er no på tilbod og kan blant anna kjøpast her.
Knappane er eg godt nøgd med. Eit skikkeleg røvarkjøp! Dei er nemleg bestillt på ebay; 100 knappar for ein slikk og ingenting. Knappane kan kjøpast her.
Eg er godt fornøgd med det ferdige resultatet - og det trur eg jammen meg at mottakaren var også ❤
22. februar 2015
Nancykofte
For tida rådar det stor koftefeber i strikkeverda. Både på facebook og ulike bloggar rundt om i det ganske land vert det synt fram kofter i fleng. Blant desse finn du den nydelege Nancy-kofta med rundt bærestykke. Denne kofta er alldeles nydeleg og den måtte berre bli mi.
Jakka finn du i heftet "Tema 35; Norske ikoner" frå Sandnes Garn, og den er strikka i Mini Alpakka. Pinne nr. 2,5 mm og 3,0 mm.
Elles valde eg å hekle to rader langs oppklippsmaskene, i stadenfor å sy, for så å klippe mellom desse. Tommel opp!
Og så var det dette med montering. Kan tru eg var spent! Dette er nemleg første gongen eg har montert eit prosjekt som innebærer å klippe i strikketøyet. Eg var med andre ord ikkje særleg høg i hatten i det eg sette i gong med saksa...
Dette er faktisk det første plagget eg strikkar til meg sjølv - om ein ser vekk i frå sokkar og slikt. At det tok meg eit heilt år å få den ferdig er ikkje noko vi snakkar høgt om :D Fin er den i allefall; Min favoritt!

14. februar 2015
Happy Valentine`s`Day!
Håpar dykk alle har hatt ein fin dag så langt. Her i huset har vi ingen store planar for dagen. Vi er heime i Dale ein liten tur. Så litt kvalitetstid med familien høyrer sjølvsagt til :)
Mannen i huset kom heim med finaste gåva i dag; garn + oppskriftshefte. Det er mannen sin det ❤ Det er jo ikkje til å stikke under ein stol at det alltid er like kjekt med ein slik dag, der ein kan syne kvarandre litt ekstra merksemd.
Fin dag til deg!
1. februar 2015
Ingeborglue
Ei hue har sett dagens lys. Hua er ei "Ingeborglue", og den er strikka i mirasol. Dobbelt garn og pinne 4,0 mm. Oppskrifta er i frå Knitting Inna.
// Lucy stiller opp som modell
// Modellen synast etterkvart at oppdraget vart noko kjedeleg :)
// Lucy stiller opp som modell
// Modellen synast etterkvart at oppdraget vart noko kjedeleg :)
25. januar 2015
Kjøkkenklutar
Det finnast faktisk èin fordel med å vere sjuk. Tru det eller ei. For når formen ikkje er på topp finnast det nemleg rikeleg med tid til favoritthobbyen min. Det har blitt mykje strikking med andre ord :) Den siste veka har det blitt produsert kjøkkenklutar på løpande band. Herlege klutar i friske fargar, medan vi ventar på våren - og sola.
Med desse kjøkkenklutane i boks er heile ni prosjekt blitt fulltført hittil i år. Klapp på skuldra.
Alle klutane er strikka i bomullsgarnet Mandarin Petit og pinne 4 mm. Som tidlegare nemnt, mitt absolutte favorittgarn, til nettopp slik bruk.
Kunne du tenkje deg å strikke slike klutar sjølv? Nedanfor finn du oppskrift på desse klutane dersom du skulle ynskje å lage deg slike. Dei er superenkle å strikke - rett fram :)
Oppskrift; Eg startar med å legge opp 3 masker og aukar deretter i nest siste maske på kvar pinne til omtrent halve nøstet er brukt opp. Deretter feller eg ved å strikke dei to nest siste maskene saman på kvar pinne til det gjenstår 3 masker på pinnen. Trekk tråden igjennom. Dersom du ynskjer kan du avslutte med å lage hempe på kjøkkenkluten ved hjelp av i-cord snor.

Forsatt fin søndag til deg!
13. januar 2015
På pinnane #1
Den siste tida har eg vore veldig flink til å fullføre dei prosjekta eg har begynt på. Tru det eller ei. Til og med eit par ufoar har no sett dagens lys. I skrivande stund held eg på med eit par sokkar, nærare bestemt "Blueberry Waffle Socks".
FAKTA;
Garn; Dale Baby ull
Pinnar: 3.0 mm
Mønster; Blueberry Waffle Socks
FAKTA;
Garn; Dale Baby ull
Pinnar: 3.0 mm
Mønster; Blueberry Waffle Socks
11. januar 2015
Kitchen cloths
Andre og tredje prosjekt så langt i år er no felt av pinnane. Trådane vart festa i dag og to nye kjøkkenlutar er dermed klare til bruk.
Begge klutane er strikka i Mandarin Petit, på pinne 4 mm. Utan tvil mitt favoritt garn, til nettopp slik bruk.
Desse klutane vert nok lagt rett i gåveskuffa mi :)
Begge klutane er strikka i Mandarin Petit, på pinne 4 mm. Utan tvil mitt favoritt garn, til nettopp slik bruk.
Desse klutane vert nok lagt rett i gåveskuffa mi :)
9. januar 2015
Pixielue
Facebook, Instagram og andre sosiale mediar boblar over av fantastisk strikkeinspirasjon - og eg let meg friste. Gong etter gong. Ein av favorittane nett no er Paelas. Dei har komme med mange fine mønster, blant anna "pixielue". Hua på biletet nedanfor har eg strikka i Merino Superfine frå Viking, på pinne 4 mm, og denne er mitt første ferdige prosjekt i 2015.
Pixielua var både enkel og kjekk å strikke. Eit kjapt lite prosjekt. Snora i hua er laga ved hjelp av i-cord. Filmklipp som syner framgongsmåte finn du her.
God helg!
Eg har strikka hua i størrelesen 6-12 mnd, og det gjekk med rett i overkant av to garnnøster. Hua er strikka med dobbel tråd, så den er både tjukk og varm. Med andre ord; Perfekt til kalde vinterdagar.
Pixielua var både enkel og kjekk å strikke. Eit kjapt lite prosjekt. Snora i hua er laga ved hjelp av i-cord. Filmklipp som syner framgongsmåte finn du her.
God helg!
21. november 2014
Storproduksjon
Jula nærmar seg med stormskritt, og strikkepinnane går flittig mellom fingrane. For tida er det kjøkkenklutar som vert produsert - på løpande band. Desse klutane står ikkje berre på mi ønskeliste, så det vert nok nokre slike under juletrea rundt om kring, også i år :)
Nedanfor finn du oppskrift på desse klutane dersom du ynskjer å strikke slike sjølv. Dei er superenkle å strikke. I tillegg er det eit kjekt lite strikketøy å ty til framfor tv-skjermen. Freshe fargar etter eige ynskjer, og garn som kan vaskast på 60 grader. Betre kan det vel ikkje bli? Perfekte som gåver!
Oppskrift;
Eg legg opp 3 masker og aukar deretter i nest siste maske på kvar pinne til omtrent halve nøstet er brukt opp. Deretter fell eg ved å strikke dei to nest siste maskene saman på kvar pinne til det gjenstår 3 masker på pinnen. Avsluttar så med å lage hempe på kjøkkenkluten ved hjelp av i-cord snor.
2. november 2014
Halsar i fleng...
Eg har den siste tida strikka til saman fire halsar i ulike fargar og variantar. Eg fekk nemleg ei bestilling av ein god kollega som ønska seg ein heimelaga hals. Så no er det berre å velge og vrake. Dei resterande halsane havnar nok rett i gåvekassa. Det er jo tross alt ikkje lenge igjen til jul.
Neste prosjekt ut er også eit bestillingsverk - denne gongen ein liten Skappelgensar ♡
5. oktober 2014
Rosasløyfesokk
Det er igjen blitt oktober og Rosa sløyfe-aksjonen er no i gong. Målet med denne aksjonen er å syne solidaritet med brystkreftramma, spreie informasjon og auke kunnskapen om brystkreft, samt å samle inn pengar til forsking på dette området. Aksjonen vert markert i heile oktober, og kampen mot brystkreft vert symbolisert
av den rosa sløyfa;
av den rosa sløyfa;
Den rosa sløyfa kan du blant anna kjøpe her.
♡♡♡
Eg ynskjer sjølvsagt å støtte vidare forskning innanfor området, og har dermed støtta Rosa sløyfe-aksjonen, også i år. Denne gongen har eg valt å støtte aksjonen ved å kjøpe mønsteret til "Rosasløyfesokk" på Ravelry. Så no er passande garn og pinnar funne fram, og eg er klar til å sette i gong med eit av årets mest givande strikkeprosjekt;
Ved å kjøpe dette mønsteret støttar du Kreftforeninga med 100 kroner. Mønsteret er laga av Lill C. Schei. Det er designa spesielt for Rosa sløyfe-aksjonen, og pengane går uavkorta til forskning på brystkreft.

Ver rosa i oktober, du óg!
26. september 2014
Mange godbitar!
I dag var det reine julafta her i huset, og du kan tru det er nokon som skal kose seg i helga. Mange flotte oppskrifter og ikkje minst mange herlege garnnøster i ulike variantar ❤
God helg til deg og dine!
22. september 2014
Magnus Hagemus
// Annonselenkjer
Av ein liten garnbunt og nokre ledige stunder tok det ikkje lange tida før Magnus Hagemus vart til. Det vert ein del putl med slik småstrikk, men eg må sei meg godt nøgd med det ferdige resultatet. Vert nok fleire eksemplar av denne vesle sjarmøren. Hagemusa har no funne sin plass i barnehagen - til glede for både liten og stor :)
Ved hjelp av eit par små garnrestar fekk han seg jammen meg ein stripete gensar òg... Eit genialt prosjekt dersom ein ynskjer å bli kvitt litt restegarn.
Mønsteret til Magnus Hagemus er henta i frå boka til Arne & Carlos - Håndarbeid fra hagen. Denne boka er no på tilbod og kan blant anna kjøpast her.
20. september 2014
Nye strikkebøker
// Annonselenkjer
Strikk er i vinden som aldri før. No som hausten er kommen og strikkesesongen trår til for fullt, står strikkebøkene i kø for å bli utgitt. Så denne hausten har eg sikra meg fleire godbitar til samlinga mi, blant anna "Strikk til mamma og mini", "Strikk meir til nøstebarn" og "Skappelstrikk". Bøkene inneheld utruleg mange flotte oppskrifter. Eg ser fram til å kunne sette meg ned med strikkepinnane og ein kopp med te, spesielt no som det vert kaldare og mørket begynner å senke seg utanfor på kveldstid.
I tillegg til dei tre bøkene ovanfor har eg óg kjøpt bøkene "Håndarbeid fra hagen" av Arne & Carlos og "Strikk til smårollinger". Første prosjekt ut er Arne & Carlos si Hagemus. Har nett begynt på eit eksemplar av Magnus Hagemus i grått og tenkte at han etterkvart også skulle få eit sett med passande klede.
Tips; Boka "Håndarbeid fra hagen" av Arne & Carlos er no på tilbod og kan blant anna kjøpast her :)
Tips; Boka "Håndarbeid fra hagen" av Arne & Carlos er no på tilbod og kan blant anna kjøpast her :)
3. september 2014
Blekkspruthals
Her om dagen fann eg ut at eg måtte finne meg eit lite og enkelt prosjekt som eg kunne kose meg med inn i mellom alle dei andre prosjekta som eg har på pinnane i skrivande stund. Valet falt på denne blekkspruthalsen - og eg er strålande fornøgd med det ferdige resultatet. Utan tvil ein flott hals!
Denne halsen har eg valt å strikke i garnet "Emilie" frå Spar Kjøp, og eg har nytta pinne 3,5 mm. Etter nokre timar med koseleg strikk, og ei lita runde med strykejarnet, er halsen no ferdig og klar til bruk.
Oppskrifta på blekkspruthalsen kan du finne her.
24. august 2014
Mini-skappel
"Ein kvar toåring treng ein mini-skappel..."
Som sagt, så gjort! Eg fann fram eit par strikkepinnar og kort tid etter vart denne gensaren overlevert i bursdagsgåve til ein nydeleg liten kar ♡
Som sagt, så gjort! Eg fann fram eit par strikkepinnar og kort tid etter vart denne gensaren overlevert i bursdagsgåve til ein nydeleg liten kar ♡
Eg valgte å pynte gensaren med nokre gule detaljar. Hekla ein kant rundt halsen og det gjorde seg også med ein liten "L" for finaste Lukas.
Gensaren er strikka i Hexa-garn (100% alpakka), og pinne nr. 5,0 mm. Eg har stort sett fulgt oppskrifta på "Sophia`s skappel-genser", men har lagt inn eit par justeringar undervegs :)
Strålande fornøgd med resultatet er eg i allefall, så no er eg nok berre fint nøydd til å hive meg rundt og få ferdigstillt ein slik gensar til meg sjølv også.
Forsatt fin søndag til deg!
18. august 2014
Honningkjole
Siste prosjekt av pinnane er Pickles.no sin "Honningkjole". No gjenstår det berre å hekle kantar rundt for- og bakstykket på kjolen, samt å montere knappar. Så kan eg sei meg godt fornøgd med arbeidet.
Denne kjolen er alldeles nydeleg, og den er langt enklare å strikke enn det ein skulle tru, i allefall ut i frå utsjånaden å dømme :) Oppskrift på honningkjolen kan du finne her.
28. juni 2014
18. mai 2014
Dagens outfit!
Eg har strikka endå eit av desse skjørta som er blitt så utruleg populære. Men, denne gongen har eg lagt opp langt fleire masker og strikka det i størrelse vaksen (small).
Skjørtet er strikka i "Emilie" frå Spar Kjøp. Har strikka det på pinne 4,0 mm, og eg har tatt
utgangspunkt i denne oppskrifta.
utgangspunkt i denne oppskrifta.
Eg har strikka underskjørtet litt kortare enn det som er oppgitt i oppskrifta (2 mønsterrapportar + 12 omg. rett). La opp 252 masker. Når det kjem til felling på skjølve skjørtet har eg valt å felle 2 masker kvar fjerde omgang, totalt 20 gongar, midt bak.
Snora i skjørtet er laga ved hjelp av i-cord. Den mest geniale teknikken nokon sinne. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage. Filmklipp som syner framgongsmåte finn du her.
Alt i alt er eg superfornøgd med dette skjørtet.
Abonner på:
Innlegg (Atom)