Ei hue har sett dagens lys. Hua er ei "Ingeborglue", og den er strikka i mirasol. Dobbelt garn og pinne 4,0 mm. Oppskrifta er i frå Knitting Inna.
// Lucy stiller opp som modell
// Modellen synast etterkvart at oppdraget vart noko kjedeleg :)
Viser innlegg med etiketten Hue. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hue. Vis alle innlegg
1. februar 2015
9. januar 2015
Pixielue
Facebook, Instagram og andre sosiale mediar boblar over av fantastisk strikkeinspirasjon - og eg let meg friste. Gong etter gong. Ein av favorittane nett no er Paelas. Dei har komme med mange fine mønster, blant anna "pixielue". Hua på biletet nedanfor har eg strikka i Merino Superfine frå Viking, på pinne 4 mm, og denne er mitt første ferdige prosjekt i 2015.
Pixielua var både enkel og kjekk å strikke. Eit kjapt lite prosjekt. Snora i hua er laga ved hjelp av i-cord. Filmklipp som syner framgongsmåte finn du her.
God helg!
Eg har strikka hua i størrelesen 6-12 mnd, og det gjekk med rett i overkant av to garnnøster. Hua er strikka med dobbel tråd, så den er både tjukk og varm. Med andre ord; Perfekt til kalde vinterdagar.
Pixielua var både enkel og kjekk å strikke. Eit kjapt lite prosjekt. Snora i hua er laga ved hjelp av i-cord. Filmklipp som syner framgongsmåte finn du her.
God helg!
22. april 2014
Ei fin lita prinsesse ♡
Hue og hals med hekla blomst, begge strikka i babyull på pinne 3,5 mm, til ei fin lita prinsesse ♡
Oppskrifta på halsen er henta i frå boka "Strikk til nøstebarn" av Kathrine Gregersen. Når det kjem til hua har eg tatt utgangspunkt i ei oppskrift henta i frå boka "Babystrikk" av Debbie Bliss. Eg har felt litt annleis enn det som er oppgitt i oppskrifta, for at hua skal bli litt lenger.
21. mars 2014
ole lukkeøye-lue
To små huer er blitt til. Huene er i størrelse 0-3 månadar og 3-6 månadar.
Desse huene er både raske og kjekke å strikke!
Eg har tatt utgangspunkt i ei oppskrift henta i frå boka "Babystrikk" av Debbie Bliss. Men, eg har felt litt annleis enn det som er oppgitt i oppskrifta, for at huene skal bli litt lenger.
Begge huene er strikka på pinne 4,0 mm og 4,5 mm, og val av garn falt på "Emilie" frå Spar Kjøp.
No skal eg fortsette å strikke litt på "Nancy-kofta" mi. Seinare i kveld bær det avgårde til eit vennepar av oss. Alt er klappa og klart for ein hyggjeleg fredagskveld :) Riktig god helg!
19. mars 2014
Strikkekafè!
Nytt prosjekt på pinnane! Endå ei "ole lukkeøye-lue" er under produksjon, men denne gongen i ein litt annan fargekombinasjon. Oppskrifta er henta i frå boka "Babystrikk" av Debbie Bliss.
Eg er med andre ord klar for strikkekafè igjen :)
9. mars 2014
ole lukkeøye-lue
På onsdag var eg på handarbeidskafè. Vi var ein fin gjeng og det heile var riktig så koseleg. Utan tvil ein kveld som freistar til gjentaking. Sidan det var fyrste gongen, for min del, tenkte eg at det kunne vere greit med eit noko enkelt prosjekt, og valet falt difor på ole lukkeøye-lue.
Oppskrifta er henta i frå boka "Babystrikk" av Debbie Bliss. Ei nydeleg bok.
Hua vart fort ferdig og i dag fekk eg endeleg somla meg til å lage dusken og festa trådane :)
6. mars 2013
Djevelhue + babytøflar
Ei ny djevelhue og eit par med babytøflar har no sett dagens lys. Eit fint lite sett, til ein herleg, liten sjarmør ♡
Eg likar best denne oppskrifta når det kjem til djevelhuer. Fantastisk med ei oppskrift som ikkje krever montering. Kun festing av trådar! Kjapp og morosam å strikke er den óg.
Det er fyrste gong eg har prøvd meg på å lage ei hue med i-cord snorer. For ein teknikk! Eg har tidlegare anten hekla eller strikka snorene, men den tida er det definitivt slutt på no. Synest desse snorene vart mykje finare. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage, i tillegg til at dei er veldig lette å knyte.
Pinnar: 2,5 mm og 3 mm.
Garn: Dale babyull.
Når ein sjølv ikkje har ein liten baby i hus er det kjekt å ha ein liten modell som velvillig stiller opp til fotografering :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)